KOMMENTAR

Dronning Sonja opnar i dag Loen Skylift i Loen, ei av verdas brattaste gondolbaner. På luftigaste vis skal turistar stige frå fjord til fjell i eit 1.700 meter langt kabelspenn. Nesten som å ta heis 1.000 meter rett opp, seier folk som har testa den.

Allereie i år er det meininga at minst 40.000 turistar skal nyte den spektakulære utsikta frå fjellet Hoven etter å ha tatt pendelbana opp dit.

Sjølv om naturen innbyr til å etablere eit slikt anlegg i Loen, er det ikkje naturgitt at det skulle bli realisert. Her er det ikkje berre den fysiske tyngdelova som skal trassast.

Det ligg både vilje og visjonar bak ei slik satsing. Der dei fleste av oss ville sett ei bratt fjellside som ei hindring, har andre sett det som ei moglegheit. Her har eldsjeler våga å lansere og kjempe for ein idé som mange vil ha meir vilje til å skyte ned enn å hjelpe fram.

I enden av ein blindveg

I fredagsavisa fortalde Sunnmørsposten om gallerieigar Hugo Opdal. For ti år sidan etablerte han kunstgalleriet Studio Hugo Opdal på Flø, i enden av ein blindveg, i ei bygd ut mot storhavet med 170 innbyggjarar.

Her har kunstverk av verdskjende Damien Hirst fått plass, og ut og hit har kunstinteresserte frå heile landet kome i jakt på unike kunstopplevingar.

Også galleriet på Flø er eit døme på at tyngdekrafta kan trassast, korleis ein kan få noko til å spire og vekse der andre ikkje ville tenkje på å så.

Vilje og visjonar

I fjor vart det etablert 2.238 nye føretak i Møre og Romsdal. Året før var talet, som då var «all time high» 2.142.

Ikkje alle desse føretaka er like spenstige som galleriet på Flø eller gondolbana i Loen. Mange av dei nye føretaka har også liten aktivitet, og mange av dei kjem heller ikkje til å overleve. Statistikken fortel oss at så mange som sju av ti nyetablerte føretak er avvikla innan fem år er gått.

På sitt vis syner likevel denne statistikken vilje og visjonar. Vilje til å skape og mot til å satse. Kanskje er det krisetidene som får talet på nyetableringar til å auke, men blant desse selskapa finn vi grundarane som vågar å satse på ein idé som andre meir enn gjerne vil dømme nord og ned.

I dette talet finn vi dei som vågar å sleppe taket i det trygge, og sveve vektlaust ei lita stund sjølv om det kan ende med eit brak.

Vågar å sveve

Sjølve denne viljen til å våge bør vi heidre. Det handlar ikkje berre om støtteordningar, Innovasjon Norge og hoppid.no Det handlar om våre haldningar til desse som ser mogelegheiter der vi andre ser hindringar.

Det er blant desse dei kjem dei som får noko stort til å gro ut av ingenting. Utan desse hadde vi andre blitt ståande stille. Desse som vågar å sveve.