Kva må gjerast? Verdsarvområdet handlar ikkje berre om Geiranger, sjølv om Geirangerfjorden nok må reknast som «indrefileten» i turist-Norge.

Kulturhistoria, soga om livet langs desse fjordane, er avgjort også ein del av verdsarven, og når denne historia ikkje blir synleg lenger, har ein stor del av arven blitt borte.

Når skogen har erobra heile innmarka og spora etter folk på garden Horvadrag like ved Dei sju søstre, så er eit spektakulært synsinntrykk borte. Det ligg mindre kulturhistorie i skogkledde fjellsider. Både Arne Sandnes og andre meiner vi kan misse statusen som verdsarvområde om vi ikkje greier å ta vare på kulturlandskapet.

Framleis er det håp for å hindre det, men det er ikkje nok berre å auke overføringane til landbruket, og få fleire bønder i verdsarvområdet.

Sauer og geiter klatrar ikkje i tre, og krattet er blitt skog og må fjernast med maskinelt utstyr.

Dagens bønder er så pressa på tid at dei ikkje ein gong slår der dei ikkje kjem fram med store slåmaskiner. Derfor gror krattet opp langs attleger og i grasskråningar, der dei slo med ljå i gamle dagar. Sauer og geiter kan nok ta unna krattet, men trea greier dei ikkje, og det er skogen som dekkjer stendig meir.

Kven har ansvaret? Monja Mjelva, dugande hotellvertinne på Union Hotell, reiste følgjande høgst relevante problemstilling på konferansen om kulturlandskapet i Geiranger nyleg: «Norge kan ikkje berre dumpe ansvaret for Unescostatusen på 200 innbyggarar i Geiranger.»

Det har ho sjølvsagt rett i. Det å ta vare på den arven som snart ligg gøymt bak skogen i kulturlandskapet, er ei nasjonal og ei offentleg oppgåve.

Då må profesjonelle skogryddarar inn i bildet. Skogen er også ein ressurs, sjølv om han ikkje er ønskt der han veks opp. Vi treng fleire skogsentreprenørar med moderne utstyr som kan om ikkje fjerne, så i alle fall tynne kraftig ut skogen, slik at attraksjonane blir synlege att.

Sauer og geiter som beiter i dei grøne liene er ein attraksjon i seg sjølv, og det burde la seg gjere å finansiere ein fellesfjøs i Geiranger som gjer at dei tre bøndene som er att, kan halde fram med husdyr.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Det er likevel eit underpunkt i høve til det store problemet. Det vil vere feil å gi landbrukspolitikken all skuld for attgroinga.

Dagens bønder utnyttar landskapet på andre måtar enn det bønder for nokre generasjonar sidan gjorde. Dei siste 15 åra er 70.000 dekar jord gått ut av drift i Møre og Romsdal. Ein god del av dette vil gro igjen utan at det trugar ein verdsarv, men bygdene vil endre utsjånad.

Dei mest verdfulle kulturlandskapsområda, og særleg attraksjonane, må vi halde i hevd, og det er eit offentleg ansvar å finansiere dette, men det må utførast av profesjonelle folk. Arbeidet er for farleg til å overlate til amatørar på dugnad.

Jordbruket i verdsarvområdet er det viktig å ta vare på, fordi gardsdrift også er ein del av kulturarven, men det er neppe tenkjeleg at vi vil få sjå folk i fjellsidene langs verdsarvfjordane som svingar småljåen og langhorven mellom trea.

Fleire av bygdesamfunna langs fjordane på Indre Sunnmøre er i ferd med å tynnast ut så mykje at storsamfunnet i større grad må bidra til å oppretthalde kulturverdiane og turistverdiane som ligg her.

Det er sikkert lærdom å hente frå fjell- og turistlandet Sveits, som også slit med å halde kulturlandskapet i hevd, men som har gjort gardsdrifta i desse fjellsidene til ein turistattraksjon i seg sjølv.

Det er ikkje gitt at unge og høgt utdanna nordmenn vil velje ein slik karriereveg og ein slik livsstil. Uansett er det behov for ein eigen politikk for verdsarvområda. Der har Norge teke på seg ansvaret på vegne av verdssamfunnet.

Les flere innlegg på smp.no!