Kommunistpartiet styrer verdas mest folkerike land med nær uinnskrenka makt. Kina er verdas nest største økonomi, og er ei militær stormakt med eit stort atomvåpenarsenal.

Trass all denne makta var regjeringa i Beijing så redde for å høyre stemma til dette eine mennesket at dei kasta han i fengsel, og sjølv ikkje på dødsleiet hans våga å sleppe han fri.

Saman med kona, poeten Liu Xia, stod fredsprisvinnar Liu Xiaobo som ein klar flamme i kampen for fridom frå undertrykking.

Liu vart dømt til 11 år i fengsel i 2009. Hans einaste brotsverk var å stå opp for kravet om dei mest grunnleggande menneskerettane. Forskaren, forfattaren, kommentatoren og poeten var i 2008 ein av 350 intellektuelle og menneskerettsaktivistar bak Charter 08, eit manifest for demokratiske reformer.

Han hadde då allereie via mange år av sitt liv til fredeleg kamp for politiske reformer, heilt sidan han var ein av frontfigurane for studentprotestane på Den himmelske freds plass i 1989. Fleire gongar hadde han vorte fengsla for aktiviteten sin.

Med sitt store moralske mot – evna til å kjempe for det han meiner er rett utan omsyn til eige offer, har han skrive seg inn i historia saman med namn som Nelson Mandela, Martin Luther King jr., Mahatma Gandhi, Carl von Ossietzky, Aleksandr Solzhenitsyn og Andrej Sakharov.

Liu døydde på sjukehus, under strengt vakthald, utan mogelegheit til å kommunisere med omverda. Livet hans tok slutt utan at kampen for politiske reformer i Kina ser ut til å gi snarlege resultat. Likevel gav han ikkje opp.

Slik står han fram som eit førebilete og symbol for alle dei – både i Kina og andre land i verda, som kjempar vidare i fridomens frontline, klar til å ofre seg for alle oss andre som ikkje har det same store motet.

Moralske heltar er mangelvare. Det er ikkje alle gitt å gjere slike store offer. Dei fleste er ikkje skrudd slik i hop. Vi ville bukke under og la oss kneble, stilt overfor slik undertrykking som Liu har møtt. Historia er full av menn og kvinner som har bøygd unna når det gjald som mest. Og vi kan forstå dei.

Verre er det når vi i flokk snur oss bort frå urett, slik verda snudde ryggen til folkemordet i Rwanda eller forfølgelsen av jødane, til krig og til urett.

Verre er det når statsleiarar og demokratiske regjeringar snur ryggen til slik urett.

Svært mange vestlege leiarar, inkludert den norske regjeringa, synte slik mangel på moralsk mot i Liu Xiaobo sine siste dagar.

I ei audmjukande feigheit lét dei vere å stå opp og støtte den døyande menneskerettsforkjemparen.

Kva er det som får oss til å snu ryggen til, sjølv om vi ikkje står i den minste fare? Korleis kan vi forsvare det?

Verdas moralske heltar treng vår støtte – aller mest når det kostar. Vi må halde fram med å understreke det verdifulle i at nokon klarer å utvise slikt mot, å vi må gjere vårt beste for å støtte dei – også når det kostar.

Det skuldar vi dei som står i kampen, det skuldar vi alle som blir undertrykte og det skuldar vi oss sjølve.

Ein annan vinnar av Nobels fredspris, yemenittiske Tawakul Karman, sa det slik i sitt nobelforedrag i 2011, året etter at Liu Xiaobo hadde blitt heidra med denne prisen:

«Å forsvare en undertrykket person er ikke noe som bare gjøres for denne ene undertrykte personen, men også fordi urettferdighet mot én person, er det samme som urettferdighet for hele menneskeheten».

Liu Xiaobo fekk aldri halde sitt nobelforedrag, men røysta er likevel klar.

No er det opp til alle oss andre å lytte – og til å handle.