For Frp, Høgre og Senterpartiet ser dette ut som ein fotofinish, ala Tour de France.

I kampen for andremandatet skil det så lite for desse tre partia at det i praksis er dødt løp. Ser vi på dei nakne tala er Geir Inge Lien (Sp) og Jon Georg Dale (Frp) inne på Stortinget, medan Marianne Synnes taper andremandatet for Høgre. Men det er før ein har rekna på normale feilmarginar.

I praksis er det her nemleg uråd å dele ut pallplassane. Ingen av desse kan heve hendene over hovudet og trille over målstreken. Her blir det kamp til siste trakk, og sviande mjølkesyre i låra til siste valkampbakke.

Det same gjeld for Steinar Reiten (KrF). Pål Farstad (V) kan ikkje ein gong håpe på at ein massevelt lengre framme i feltet vil berge plassen. Han har fire år bak seg der han har dratt meir enn dei fleste, vore synleg og gjort ein god jobb i motbakkane. Det får han slett ikkje betalt for på målingane.

Venstre taper terreng også i Møre og Romsdal, og hamnar partiet under sperregrensa er Farstad definitivt ute i kulden. Då er det berre direktemandat som kan berge representantar for partiet på Stortinget, og det er ikkje innan rekkevidd i Møre og Romsdal.

Enno er det sju veker att til valet, og det står att mykje god valkamptid. Den bør bli knallhard, i den grad lokalpartia og kandidatane har tru på eiga kraft og ikkje berre legg seg inn i hovudfeltet og stolar på at Erna, Siv, Knut Arild, Trygve eller Trine skal dra inn lagsigeren.

Ser ein på formkurva, er Geir Inge Lien (Sp) den som no må satse på å kome seg i brot. Framleis ser Senterpartiet ut til å gjere eit brakval, men har sterk tilbakegang i fylket samanlikna med målinga InFact hadde for Tidens Krav i april.

Høgre har halde seg meir stabilt, men «stabilt» er dårleg nytt for eit parti som skal halde fram i regjering og som har Vestlandet som sin bastion. I Møre og Romsdal heng Høgre langt etter prestasjonen frå valet i 2013. Ein tilbakegang på over ni prosentpoeng, slik målinga viser, er svakt – uansett om to mandat likevel kan bli fasiten.

Frp er vanlegvis i superform på vår og forsommar før eit val, men har vanlegvis vore ein dårleg spurtar og tapt mange plassar i oppløpet. Med ei slik løpsutvikling vil Jon Georg Dale også vere ute.

Feilen med den analysen er at den ikkje tar omsyn til at Frp som regjeringsparti er noko heilt anna enn Frp som soloryttar med protestvind i ryggen.

Partiet har ikkje like stor nedside no. Med to statsrådar på topp, har dei også ein plattform å drive politikk frå som bør skremme vettet av dei langt meir usynlege kampkandidatane i Høgre, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti. Utan bloddoping å ty til, bør dei straks opp av setet og stå på pedalane.