Arbeidarpartiet gjorde eit tappert forsøk på å vinne Vestlandet for fire år sidan, men det som då avteikna seg som Gullkysten, let seg ikkje rokke frå den borgarlege tradisjonen. No når krisa i oljenæringa snart har rasert frå seg, og mange av dei 50.000 arbeidsplassane som er borte, kanskje er det for alltid, ser Støre ein sjanse til å gjere eit varp blant dei som er blant dei uheldige.

Tradisjonelt var Vestlandet motkulturens landsdel, der Venstre dominerte saman med avleggarane, Bondepartiet og Kristeleg Folkeparti. I dag slit både KrF og V med å kome over sperregrensa, og kan kome til å ryke ut i fleire av vestlandsfylka.

Valkampen vil kome til å avgjere både i kva grad Høgre greier å gjenta suksessen frå 2013, og også om Framstegspartiet greier å halde oppe sine skansar på Vestlandet. Skal Erna Solberg ha ein sjanse til å halde fram som statsminister, må både Høgre og Frp gjere eit godt val, og ikkje minst må både KrF og Venstre kome seg over sperregrensa.

Avhengig av SP for fleirtal

Arbeidarpartiet er heilt avhengig av at Senterpartiet gjer eit brakval for å sikre eit fleirtal. Meiningsmålingane tyder på at Sp kan vinne mandat over heile landet, og at Ap og Sp kan få fleirtal åleine.

Det treng ikkje bli nokon enkel allianse for Jonas Gahr Støre, og kanskje han ønskjer seg ein tredje koalisjonspartnar for å vege opp litt for Sp sine krav.

Det blir neppe Kristeleg Folkeparti, sjølv om partileiar Hareide kanskje har lyst til det, men i partiet er det neppe fleirtal for å delta i ei Ap-regjering, sjølv ikkje om Ap og Sp har fleirtal åleine.

Då blir nok KrF ein spelar på utsida, og truleg også utan ein samarbeidsavtale som i dag.

Sentrum - periferi

Den kanskje aller sterkaste konfliktlina i norsk politikk gjennom historia har vore sentrum-periferi-konflikten.

Høgre og Arbeidarpartiet stod sterkast i byane og særleg i industristrøk, mens Venstre og alle dei politiske avleggarane representerte periferien.

Ikkje minst galdt det Bondepartiet som kom i 1920-åra, og som skifta namn til Senterpartiet i 1950-åra. Senterpartiet var ikkje berre bondenæringa sitt talerøyr, men også distrikta og utkantane sitt.

Folkestraumen frå grisgrendte strøk og til byar og bynære strøk har skote fart dei siste 20–30 åra, også mens Sp har vore i regjering, og talet på gardsbruk er nærast i fritt fall.

Reiser rundt

I denne valkampen reiser Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum land og strand rundt og preikar om sentraliseringa som den nye Belsebub. Trass i at folk flyttar til urbane område rundt dei større byane, så gir han regjeringa skulda, og han har skaffa seg ammunisjon i form av fleire reformer som går inn for større kommunar og større fylke.

Det fengjer alle som helst vil ha det som før, slik det gjorde under dei to EU-kampane i 1972 og i 1994. Då vaks Sp til å konkurrere om å bli landets nest største parti. Ved valet i 1993 skjedde det, men det skal vel godt gjerast at det skjer i år, men det som kan skje er at Sp tar så mange veljarar frå Venstre, KrF og SV at dei fell under sperregrensa på fire prosent.

Då kan det ende med at det blir berre fire parti på Stortinget, Ap, Høgre, Senterpartiet og Framstegspartiet. Det kan ein kanskje kalle ei politisk rasjonalisering, men breidda i politikken, og representativiteten blir saktens mindre.

Ved stortingsvalet i 2013 kom sju parti over sperregrensa, og i nyare tid har det aldri vore færre enn fem parti på Stortinget.

Alliansar

Kva for ein allianse som får fleirtal ved valet er meir usikkert no enn ved dei siste vala, og det blir i høg grad sentrumsparti som kjem til å avgjere. Blir det berre fire parti vil det høgst truleg seie det same som at Ap og Sp har fleirtal åleine, og skipar ei koalisjonsregjering, mens Høgre og Frp utgjer opposisjonen. Det vil gi Frp større spelerom til å markere særstand- punkt, og kanskje også drive Frp og Høgre frå kvarandre. Det vil i så fall svekke sjansen for ei ny borgarleg fleirtalsregjering, og eit slikt resultat er nok noko av ambisjonen til Jonas Gahr Støre med sine frieri til sentrum.

Kjem Venstre og KrF over sperregrensa og Høgre og Frp gjere eit godt val, kan det ligge an til at Erna Solberg held fram som regjeringssjef. Kanskje blir til og med KrF og Venstre med i ei slik regjering?

Ei Ap/Sp-regjering med kanskje Raudt eller SV som støtteparti, blir inga lett oppgåve for Jonas Gahr Støre, som kan bli tvinga til å føre Sp-politikk. Han har til og med blitt intervjua i eit fjøs midt i sendetida for Dagsrevyen, så han øver seg tydelegvis.

Mykje kan skje gjennom ein 50 dagars valkamp. Dei fleste valkamptema er nok alt på plass, men det kan dukke opp nye. Verda er blitt så pass usikker at vi heller ikkje kan sjå bort frå at hendingar utanfor vårt land, vil kome til å påverke valkampen. Spennande blir det uansett.