Jonas sin flørt med KrF, kampen mot dårlege meiningsmålingar og ei feilslått forteljing om krise kom raskt på bordet.

Brått sat leiarar i fagforbund og gamle partipampar på første pult og vifta med fingeren i vêret, sikre på at dei hadde det rette svaret.

Spørsmålet er om dette er svar til hjelp for partiet.

Arbeidarpartiet er framleis størst, slik det har vore sidan 1927. Men ikkje sidan då har avstanden til Høgre vore mindre. Fire fattige mandat skil dei to – 35 færre enn då Ap hadde sine berømte 36,9 prosent.

Slikt svir, og det må vere freistande å peike på enkle forklaringar som at leiaren eller strategien er feil, eller at ein hadde uflaks.

Uflaks forklarer likevel ikkje at tilbakegangen er ein del av ei utvikling over tid og at den er ein bit i eit større bilete.

I sju tiår var sosialdemokratiske parti ei drivande og stabiliserande kraft i mange vesteuropeiske land. Etter verdskrigen gav dei veljarane, som då søkte bort frå ytterfløyene, draumen om veksande velferd i balansen mellom stat og kapital.

I dag er europeiske sosialdemokratar i trøbbel. Verst er det for greske PASOK som er nær utradert. I Frankrike, Spania og Finland har dei seinare vala vore katastrofale.

I andre land klamrar dei seg til makt i koalisjonar, eller slit med å halde skansen under angrep både frå høgre (i nord) og frå venstre (i sør), og blir delvis overskylt av ei populistisk bølgje med enkle svar på kompliserte spørsmål.

Dette er ei større utfordring for Arbeidarpartiet enn at bodskapen om skatteauke kom skeivt ut eller at sakene drukna i dårlege meiningsmålingar.

Det er ikkje slik at krisehistoriene til dei ulike sosialdemokratiske partia er like. Vi kan ikkje samanlikne Norge med Frankrike, og på ingen måte Hellas.

Men fellestrekk er der. Delvis er partia offer for eigen suksess. Vi har fått det materielt godt. Fleire er meir urolege over innvandring eller tap av eigen fridom enn fattigdom og arbeidsløyse. Dei store kampsakene er vunne. Stadig færre identifiserer seg med arbeidarklassen, og symptomet på økonomisk krise blir at vi må kutte ut ein av sydenturane våre.

Som middelklassefolk flest har vi flytta inn mot sentrum, og både sosialdemokratar og dei store konservative partia har flytta etter. Nokre med suksess, som Tony Blair med sin «tredje veg» – og som Angela Merkel, i koalisjon med SPD.

I sentrum blir alle kattar grå. Skilnaden mellom alternativa har i sak blitt viska ut.

Dette råkar særleg dei sosialdemokratiske partia, som har sine røter i kampen for utjamning og rettferd. Her er det no mindre næringsrik jord. Dette problemet har ikkje høgre-, nisje-, einsaks- eller populistpartia.

Heller ikkje fløypartia på begge sider.

Ap kan godt leite etter kva dei gjorde feil i valkampen.

Som alle som leitar etter feil, er det feil dei vil finne.

Berre dei som leitar etter løysingar, finn ei løysing.

Skal Arbeidarpartiet finne løysinga, må dei kanskje leite etter seg sjølv.