Grunngivinga er at bygdebokforfattar og historikar Bjørn Jonson Dale har brukt for lang tid og ikkje har halde fristane.

Mykje ny kunnskap. Det har sjølvsagt teke for lang tid, men mykje av skulda for det må tilskrivast sjukdom som vanskeleg kan leggast forfattaren til last. Litt uryddig har det nok vore, men til gjengjeld har forfattaren arbeidd med den eldste og mest kjeldesvake delen av historia til Giske og Borgund, og han har skaffa fram mykje stoff som har vore ukjend for folk flest.

Han har granska historia tilbake til 1400-talet, før det han kallar Manndauden, men som dei fleste historikarar har døypt Svartedauden, der også kvinner døydde. Skildringa av ikkje berre Giske og Borgund, men av heile Sunnmøre på denne tida, då Giskegarden var den største av alle, og det fanst minst 1500 bønder som dreiv Giske-gardar, er viktig å ta vare på. Folkemengda på Sunnmøre sank til ein sjettedel som følgje av svartedauden, og Dale har funne ut at det i byen Borgund i 1520 berre budde 45 menneske.

No meiner forfattaren at han vil kunne ha eit ferdig manus i løpet av neste år. Det bør han kunne garantere, og treng han to band for å fortelje middelalderhistoria til Giske og Borgund, bør han få det. Sjølv om korkje Giske eller Sula kommune hittil er blitt med i den nye storkommunen, vil det stoffet Bjørn Jonson Dale har samla inn, vere viktig historisk grunnlagsmateriale for heile den nye kommunen og dei to utanfor.

Dale seier at tre delar av verket som omfattar åra frå 1349 til 1742 er ferdig. Del fire som omfattar tida frå 1742 og fram til Ålesund vart kommune i 1837, står det att noko arbeid på. Det bør han få høve til å fullføre, og kanskje er det også lurt at han får ein assistent til å hjelpe seg med arbeidet. Dale har nok mykje rett i at det å produsere fem band som omfattar den eldste og minst kjeldetilgjengelege historia på 2,5 år verkar i overkant optimistisk. 18 år derimot er sjølvsagt altfor lang tid, men her må ein ta med sjukdom som ei forklaring.

Eg har langt frå full innsikt i det Bjørn Jonson Dale har skrive, men nokre små glimt har fortalt meg at dette er ein skatt som politikarane ikkje har lov til å skusle bort.

Tenkje seg til at på midten av 1600-talet som var nesten halvparten av jorda i skipreida Borgund og Gryta eigd av Giskegodset. Ein slik maktkonsentrasjon her det neppe vore på Sunnmøre korkje før eller sidan.

Det har vore skrive mykje om den eldste historia både i fylkessoga og i andre bøker, men det er sjeldan at bygdebøker går så langt tilbake og så grundig som det Bjørn Jonson Dale har lagt opp til i det han meiner bør bli to band til. Talet på bøker han sikkert diskuterast, men bygdeboknemnda bør ikkje sleppe fri før heile verket et ferdig, og politikarane bør så avgjort vere medspelarar og ikkje motspelarar i ei så viktig kultursak.