Amanda kom til Ålesund som trettiåring, og etter eit år i Aalesunds Avis fekk ho jobb i Sunnmørsposten. I femti år jobba ho som journalist, og då ho døydde 80 år gamal i 1967, lèt ho etter seg eit imponerande livsverk i form av artiklar og reportasjar frå Nordvestlandet. I dag er desse artiklane verdifull dokumentasjon på kvardagsliv frå vårt område. Ein del av Acos tekstar er tilgjengeleg i boka «Amanda – journalist og pioner», skrive av historikar Aud Farstad, som kom ut på Sunnmørsposten forlag i fjor.

Journalistikk var eit høgst uvanleg yrke for ei kvinne på 1920-talet, men Amanda let seg ikkje stoppe av det. I fleire tiår redigerte ho «Spinnesiden» som vart eit kjent omgrep. Ho reiste rundt for å lage reportasjar og intervjue menneske. Ho hadde ikkje bil, så ho tok bussen, sykla, ho gjekk – eller tok rutebåten. For å spare bagasje, kunne ho reise med fire kjolar utanpå kvarandre, for det var ei praktisk løysing.

Ho var ein oppsøkande journalist i ordets rette forstand. Det vi først og fremst har å lære av henne, er måten ho formidla møte med menneske. Ho skildra folks kvardagsliv, og fekk løfta fram menneskets innsats på ulike samfunnsområde. Ho var med på å gjere «usynlege» menneske meir synlege.

Mange fattige barn levde under forferdelege forhold i Ålesund for hundre år sidan. Gjennom Amandas artiklar kan ein følgje utviklinga av barneomsorga i byen. Enkelte mødrer hadde ikkje andre alternativ enn å låse inne barna sine når dei måtte jobbe for å brødfø seg og sine. Ålesund barnekrybbe kom i drift like etter bybrannen, og der kunne barna vere mot litt betaling medan foreldra var på arbeid. Amanda skreiv artiklar om både Ålesunds barneheim, barnekrybbe og slumstasjon, og fekk dette viktige arbeidet fram i offentlegheita.

Når vi les artiklane hennar med dagens briller, kan det innvendast at ho sjeldan stilte kritiske spørsmål og stort sett berre intervjua vaksne. I ettertid har det til dømes kome fram at slett ikkje alle barn hadde det bra på barneheimane heller. Men det er vel heller tvilsamt om det hadde vore mogleg å få avdekka dette ved å intervjue barna. Aco må vurderast ut ifrå si samtid.

Ho var den einaste kvinnelege journalisten i avisa i mange år, og klarte å finne kvinnelege kjelder i svært mange av sakene sine. I dag har vi nesten like mange kvinner som menn i redaksjonen. Sunnmørsposten har ei målsetting om å spegle samfunnet på beste måte, og vi ønskjer å ha ei mest mogleg lik kjønnsfordeling i spaltene også.

Klarer vi det? I 2017 vart det gjennomført ei oppteljing av kor mange menn og kvinner som var avbilda på førstesidene i åra 2011, 2014 og 2017. Oppteljinga vart gjennomført av åttandeklassingane Marie Gjertinsen Seljebø og Maria Graff Halkjelsvik frå Kolvikbakken ungdomsskole i samband med eit skuleprosjekt. Resultatet viste at i 2011 var det 66 prosent menn og 34 prosent kvinner på våre førstesider, året etter var det litt betre, og i 2017 var fordelinga 63 prosent menn og 37 prosent kvinner. Som tala viser går det framover, men veldig, veldig sakte. Mangfald i spaltene handlar om meir enn kjønnsfordeling. Det handlar også om mangfald i alder, interessebakgrunn, om å la menneske med ulike synspunkt få kome til orde, og om mangfald i val av tema.

Tidlegare journalist i Sunnmørsposten, Anton Iversen, skildra sin kollega Amanda på denne måten: «Hun så stoff i alt, skrev om gulrotprisen på torget, intervjuet Roald Amundsen og hadde audiens hos Paven i Roma. Intet var henne for smått, intet for stort – og intet var henne fremmed. Hun behersket nær sagt enhver situasjon (,,,) På sunnmørsbygdene gjorde hun et journalistisk nybrottsarbeid som ingen verken før eller siden har gjort henne etter. Hun besøkte bygd etter bygd. Fant fram til hverdagsmenneske, til sliterne. Fortalte levende og interessant om deres sorger og gleder. Om arbeidet på gårdene, i fjøs og stall. Om kampen om hvert eneste gresstrå. Om store barneflokker og store husholdninger. Men hun fant også åpne sanser og sinn for åndelige og kulturelle verdier – for tradisjoner og nye impulser. Alt dette fikk hun trukket fram i dagen og lyset. Hun åpnet og brettet ut den sunnmørske hverdag for sine lesere».

Amandas metode var å reise rundt i heile distriktet og snakke med folk. Ho hadde verken mobiltelefon eller datamaskin. I dag er teknologien annleis, og vi har mange fleire hjelpemiddel. Men kjernen i journalistikken er likevel den same. Det handlar om å møte menneske.

Over påske er vi i gang med ein ny reportasjeserie, der vi nettopp skal reise rundt og snakke med folk. Temaet er kommunesamanslåing, men det skal handle om meir enn det. Dette kan bli til mange gode historier. Det har vi lært, av Amanda.

Amanda Cecilia Olsen reiste land og strand rundt og snakka med folk. Det resulterte i mange gode reportasjar om kvardagsliv. Her frå ein reportasjetur til Ona i 1938. frå boka «Amanda – journalist og pioner»