Heretter skal statsadvokatane kikke politiet i korta før dei får treffe slike avgjerder.

Eit heilt lokalsamfunn på Sotra stilte seg heilt uforståande då politiet for tre år sidan konkluderte med at 8-åringen måtte har teke livet av seg sjølv.

Monika Sviglinskaja vart funnen inne i huset, bak ei inngangsdør med knust glas. Kvalt med eit belte knytt rundt halsen. Så hardt stramma at ei åtte år gammal jente kunne greie det?

To sjølvdrap på 30 år

Statistikken talar mot at jenta sjølv kan ha gjort det. I løpet av dei siste 30 åra er det berre to så unge barn her i landet som har teke livet av seg.

– Heilt opp til 15 år er sjølvmord svært uvanleg, seier professor Lars Mehlum, som har arbeidd med unge som slit med psykiske problem.

Tysdag var det ei drapssak og dei siste dagane har heile nasjonen sjokkskada undra seg over korleis dette kunne skje.

– Ja, vi har undra oss over dette, vi er jo både foreldre og besteforeldre, sa riksadvokat Busch då han var gjest i Dagsrevyen onsdag.

At riksadvokaten set i gong gransking på eiga hand for at politiet skal lære av dei feila som vart gjorde på Sotra, er ikkje så oppsiktsvekkande. Slikt har riksadvokatembetet gjort fleire gongar.

Men Tor-Aksel Busch må ha vorte skikkeleg rysta. Han må ha frykta for at det vert utført mykje dårleg politiarbeid rundt om i vårt langstrakte land når dei rykker ut for å etterforske mistenkelege dødsfall – det vil seie dødsfall som ikkje har ei umiddlbar naturleg forklaring.

«Intet straffbart forhold»

Med eit pennestrøk umyndiggjorde han politiet. Heretter skal statsadvokatane avgjere om det er «intet straffbart forhold» og han kjem sikkert til å kikke statsadvokatane over skuldra også – i alle fall den første tida.

Riksadvokatembetet har som oppgåve å leie påtalemakta, gi direktiv til statsadvokatane og politiet om prioriteringar. Dessutan behandle klagesaker.I enkeltsaker skal riksadvokatembetet berre i svært avgrensa grad engasjere seg. I staden for å henge seg opp i enkeltsaker skal embetet fylgje med dei lange linjer og først gripe inn med ordre om endringar, grundige undersøkingar og innhenting av dokumentasjon.

Derfor er det overraskande at riksadvokat Busch på bakgrunn av Sotra-saka vingeklipper politiet.

Eit slumpetreff gjorde at Dagsrevyen seinare i same sendinga offentleggjorde ein gjennomgang av straffedomar frå dei siste ti åra som viste at grov vald mot born endar med relativt milde reaksjonar.

«..med særlig grundighet…»

Riksadvokatembetet hadde også merka seg dette. Assisterande riksadvokat Knut Erik Sæther gjorde det heilt klart at dette var noko dei ville ta opp med statsadvokatane. Når assisterande riksadvokat seier noko slikt, betyr det sannsynlegvis at han han set skapet på plass i eit rundskriv.

Men det er faktisk ikkje lenge sidan riksadvokaten var inne på det same. I eit prioriteringsskriv til politimeistrane i februar understreka han at «… saker om alvorlig vold mot små barn er krevende å etterforske og påtaleavgjøre og må behandles med særlig grundighet…»

Mange har dei siste dagane trekt inn den såkalla Christoffer-saka frå Tønsberg som eit anna døme på korleis alvorlege brotsverk mot barn vert lemfeldig behandla av justisapparatet.

8-åringen døydde med eit 17 cm langt brot i kraniet. I panna hans fann rettsmedisinarane avtrykk av tapeten på baderomet i heimen.

Dømt for valdsbruk

Politiet og statsadvokaten ville legge bort saka fleire gongar. Dei meinte at døden skuldast sjølvskading. Riksadvokaten fekk klage frå bistandsadvokaten og beordra tiltale. Christoffers stefar vart dømt til åtte års fengsel for omfattande valdsbruk, og mora vart seinare dømd for passiv medverknad.

Monika-saka frå Sotra ser så langt ut til å vere ei lang rekke av feilaktige avgjerder:

Varslar-instituttet skal ha ein sterk status i alle opne, demokratiske samfunn. Det er sjølvinnlysande at dette må få ein ekstra sterk status når det gjeld etterforskning av alvorlege straffesaker.

Måten etterforskaren i Hordaland-politiet vart behandla på då han prøvde å varsle om at noko var galt med denne saka, er ein stygg skamplett for politileiinga i Bergen.For politiet ville ikkje ta oppatt denne saka.Det måtte ein pensjonert Kripos-etterforskar og ein gratisarbeidande bistandsadvokat til før politiet endeleg ville innsjå at 8-åringen ikkje sjølv hadde teke livet av seg.

Mora ville ha svar

Utan ei mor som aldri ga opp leitinga etter eit skikkeleg svar, ville denne saka ha gått over i historia som «intet straffbart forhold».

Det er lett å site igjen med ei vond kjensle av at vi som samfunn tek for lett på saker der barn er utsette for vald.

Dette handlar om tilliten til at brotsverk mot barn vert etterforska med det same alvor som andre grove lovbrot.

Vi sit igjen med eit inntrykk av at barns liv er mindre verde, og at deira skadar er mindre betydningsfulle. Den som skadar og drep barn slepp med større sannsynligheit unna utan straff, eller med ei mild straff, samanlikna med andre som skadar og drep.

I kampen for å styrke barns stilling i samfunnet, er det befriande å oppleve at ein sterkt engasjert – og uroleg – riksadvokat grip resolutt inn og vingeklipper politiet – utan tidkrevjande saksbehandling.