Inntrykket av at nokon har fått kalde føter i saka om sjukehusplassering blir tydelegare av at styret i Helse Møre og Romsdal blir hasteinnkalla seint laurdag kveld for så å halde styremøte pr. telefon sundag formiddag. På grunn av støy på linjene vart møtet til og med lukka for innsyn.

Omgrepet «styringssignal» er sentralt i den juridiske utgreiinga som Helse Møre og Romsdal har fått utarbeidd av advokat Stein Kimsås-Otterbech i advokatfirmaet Thommessen. Prosedyrereglane i helseforetakslova seier at styringssignal berre skal bli gitt i formelle foretaksmøte. Advokaten konkluderer då også med at det i arbeide med å kome med tilråding om tomteval for nytt sjukehus, så er det kome styringssignal til Astrid Eidsvik som er i strid med helseforetakslova, men fordi Astrid Eidsvik sa opp stillinga si utan formelt å konkludere om tomteval, så får styringssignalet inga praktisk betydning. Det advokaten ikkje seier noko om, er at dette styringssignalet som Eidsvik kjende som eit press i retning av å gå inn for ei anna tomt enn det ho sjølv meinte var den beste, var ein hovudgrunn til at ho gjekk på dagen. Med andre ord er det slik at dersom ein med hjelp av styringssignal pressar ein person så sterkt at vedkomande anten føyer seg eller seier opp, så er styringssignal utanom foretaksmøtet ok. Eit slikt leiarsystem kan heller ikkje helseforetak leve med, og her er det opplagt slik at fleire leiarar burde vurdere stillinga si.

Det blir også fortalt om eit møte som styreleiar i Helse Møre og Romsdal, Stein Kinserdal, i forbifarten hadde med helseminister Bent Høie på Gardermoen, og der Høie sterkt understreka at det er viktig at styra både i Helse Møre og Romsdal og Helse Midt har same tilråding om tomteval. Høie signaliserte også at «Hjelset er det opplagte valget», som det står i Kinserdals referat frå samtalen som han sende Astrid Eidsvik pr. e-post. Sjølvsagt oppfatta Astrid Eidsvik det som eit styringssignal frå statsråden, og det skjedde ikkje på eit foretaksmøte.

Heile denne prosessen osar eigentleg av styringssignal frå både regionalt helseforetak og frå departementet i retning av Opdøl. No må alle involverte partar, både dei som er sparka og dei som har gått, bli løyste frå det dei måtte ha av teieplikt, og så burde nok Kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget kalle inn til opa høyring. Lokaliseringa av det nye sjukehuset er nok endeleg avgjort, men gromset i prosessen bør på bordet.

Harald Kjølås, tidlegare redaktør i Sunnmørsposten.