Denne kommentaren vart først publisert 24.06.17.

Feiring. Alle kan sjølvsagt fritt velje kva dei ønskjer å feire i jula. Ingen, og aller minst staten, kan bestemme kva folk skal tru på, meine eller tenke. Religionsfridom betyr at folk har rett til å tru - og la vere å tru - på akkurat det dei vil. Den personlege fridomen er det ingen som skal rokke ved.

Men spørsmålet frå radioprogrammet reiser andre viktige spørsmål: Kva forteljingar og historier i kulturen vår er så viktige at dei bør bringast vidare til nye generasjonar? Bør vi tone ned våre eigne tradisjonar for å ikkje støyte andre? Svara er sjølvsagt avhengig av kva type historier og kva verdiar som blir formidla.

Fargar

Raudt er julefargen. Dei liturgiske fargane i kyrkja er både fiolett, kvitt og raudt. Men den raude fargen er vinnaren i den folkelege tradisjonen. Raudt er fargen for kjærleik.

Det aller vakraste ordet i språket vårt er kjærleik. Men kva betyr det eigentleg? Vi veit at det er mange former for kjærleik. Ordet kan delast inn i ulike omgrep som eros, filio og agape. Eros er den fysiske kjærleiken, den romantiske og seksuelle mellom to personar. Filio er kjærleiken til familie og venner, og til andre, som ein kjenner seg sterkt knytt til. Og så er det agape - den guddommelege kjærleiken som ikkje stiller krav eller ventar noko tilbake, men som berre er vilkårslaus kjærleik.

Forteljinga om Jesu fødsel er omtala i fleire ulike skrifter. Den mest kjende finn vi i Lukas kapittel 2 i Bibelen. Jesu fødsel er også omtala i Koranen, i sure 19, der det blir fortalt om jomfru Maria som føder eit barn under eitt daddeltre. I islam er Jesus ein stor profet, og i kristendommen er han Guds son.

Bibelens juleevangelium kan summerast i tre ord: Gud er kjærleik. Han sende Jesus til verda for å berge menneska. Han kom som eit barn, fødd mellom dyr i ein stall, fødd av ei ugift, fattig kvinne. Heilt frå starten identifiserte han seg med dei som stod lågast på rangstigen.

Opp ned

Barnet vaks opp og snudde opp ned på så mangt. Han sa at dei minste var dei største. At dei siste var dei første. At dei som skulle vere leiarar, skulle tene dei andre. At folk skulle vere gode mot kvarandre. Ikkje berre mot dei som meinte det same. Men også mot dei som meinte noko heilt anna. Folk skulle elske sine fiendar. Det var ein radikal bodskap den gongen, og er like utfordrande i dag.

Den viktigaste historia i jula handlar om at alle menneske er elska. Både dei som trur på Jesubarnet, og dei som ikkje gjer det. Alle er like verdifulle, og omgitte av Guds agape-kjærleik - den som elskar oss mest, når vi fortener det minst. Den minner oss om at kjærleik ikkje berre er kjensler, men også praktisk handling.

Skomakaren

Eg er så glad i novella «Den gamle skomakaren» av Leo Tolstoj. Hovudpersonen, Adjevtij, er ein fattig skomakar som har mista både kone og barn. Ein kveld synest han å høyre at Jesus seier at han kjem på besøk til han neste dag. Men dagen etter møter han berre ein gamal snømåker, ei ung mor og det vesle barnet hennar som frys så fælt, ein fattig epletjuv og ei torgkone.

Alle går tilfeldigvis forbi skomakarverkstaden. Ute er det forferdeleg kaldt, så den fattige skomakaren inviterer dei inn alle saman. Han har varme i peisen, og gir av det vesle han har, litt mat, varm te og eit par nye sko til det vesle barnet. Om kvelden synest den gamle å høyre stemma igjen: «Eg har vore hos deg i dag, Adjevtij». Skomakaren er lei seg for at han ikkje har lagt merke til at Jesus har vore innom. Men Jesus fortel at han var der i desse menneska som trong mat, varme og omsorg….

Ei sterk forteljing som gir svar på spørsmålet om kvifor vi ikkje bør kaste Jesus ut av feiringa. Juleevangeliet er eit solid fundament for den kulturelle arven vår, som vi trygt kan bygge vidare på. Og i dag kan vi minne kvarandre om at julefargen er kjærleikens farge.

«Du stjerne over Betlehem,send dine stråler ned.Og minn oss om at julens buder kjærlighet og fred»

God jul.

Sunnmørsposten ønsker alle sine lesarar eit godt nytt år.