Landsmøtet i Arbeidarpartiet gjekk i går samrøystes inn for å teikne kartet på nytt, og samle Norge i større regionar. Mellom anna seier partiet no at heile eller delar av Vestlandet bør inngå i ein større region.

Tanken om Vestlandet som eitt av fleire superfylke som skal ta over statlege oppgåver og gi meir makt ut til distrikta, er ikkje ny. I 2007 ville sterke krefter i Arbeidarpartiet samle Norge i sju til ti regionar.

Superfylke

I spissen for desse kreftene stod mellom andre fylkesordførar Tore Sandvik i Sør-Trøndelag. Den gongen måtte han innsjå at skuta havarerte etter at Jens Stoltenberg hadde styrt den mot eit kompromiss i Stortinget rett før landsmøtet. No er dei same kreftene i ferd med å lense båten og freistar å gjere regiontanken flytedyktig på nytt. Sandvik ser igjen håp, og trur at vedtaket no vil gjere at vi allereie om to år kan vere på kurs mot nye superfylke.

Trua er styrka ved at Venstre har fått ein smått motvillig kommunalminister med på i tenkjetanken for ei ny regioninndeling av landet. Så langt har det resultert i at Jan Tore Sanner har bede fylka om å «ta nabopraten», uforpliktande nok. Praten er i gang, også på Vestlandet.

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) i Sogn og Fjordane har tatt initiativ til eit strategisk arbeid med dette, og i februar vart Vestlandsrådet samde om å drøfte saka i mai. Andre stadar i landet, slik som mellom trøndelagsfylka, mellom agderfylka og i sentrale område på Austlandet blir det også prata. Særleg i Agder har fylkesfusjon stått høgt på dagsordenen i lang tid.

Må få mynde

Prat kan fort bli berre prat, og sjølv om Ap no set superfylka på ønskelista att, er det lite som tydar på at debatten vil melde seg med stor kraft.

Skal superfylka ha livets rett, må dei få både mynde, verkemiddel og ei relevant oppgåveportefølgje. Ap-landsmøtet sitt framlegg til nye oppgåver, peikar i alle fall ikkje på regionar med reell makt over viktige samfunnsområde. Kvar er til dømes skjukehusa?

Det er også symptomatisk at dei sterkaste talspersonane har adresse og politisk feste i eller nær byar som Oslo, Bergen, Stavanger og Trondheim. Storbyane sine maktambisjonar er ingen god katalysator for å få fart på ein slik reform.

Når vi i tillegg har eit regjeringsparti som heller vil fjerne det regionale nivået enn å styrke det, skal det langt meir til enn ein uttale frå Ap-landsmøtet for at dette skal bli noko meir ennlitt moro for dei som likar å teikne kart dei næraste åra.