Om få veker skal Årets Nyskapar i Nordvest kårast. Målet med denne prisen er å inspirere til innovasjon med klar miljøprofil. Dersom vi skal lykkast med å skape eit grønt skifte i økonomien, er det behov for nytenking på mange område.

Sjølve nyskaparprisen er ein skulptur som kunstnaren Terje Fagermo har skapt. Skulpturen visualiserer små spirer som veks, bryt seg gjennom hindringar og strekkjer seg oppover. Eit synleg bevis på den sunnmørske gründerånda, uttalte kunstnaren då skulpturen vart presentert for første gong i 2009. Og det har han heilt rett i.

Tyngdepunkt

Det er inspirerande å lese lokal industrihistorie. Sunnmøre var eit føregangsområde innan fiskerinæringa frå slutten av 1800 talet, og frå mellomkrigsåra vart regionen eit industrielt tyngdepunkt. I boka «Nordvestlandet – liv laga?» omtalar historikar Arnljot Løseth denne utviklinga, og siterer mellom anna ein forretningsmann frå Ørsta med desse orda «Dei dårlege tidene er dei beste tidene».

For det tilsynelatande paradoksale hende i Møre og Romsdal i dei harde trettiåra: Store delar av fylket opplevde industriell vekst, og Sunnmøre utvikla seg til å bli det fremste møbeldistriktet i landet. Sunnmøre, som var fattig på skog, hadde ingen naturlege føresetnadar for å kunne ta denne posisjonen. Men takka vere driftige gründerar som var meir opptekne av moglegheiter enn hindringar, vart det skapt mange arbeidsplassar.

Dramatisk

Den globale oppvarminga er den største utfordringa i vår tid. Rapportane frå FNs klimapanel viser tydeleg kva dramatiske konsekvensar vi kan vente oss, dersom vi ikkje dreg i naudbremsa tidsnok.

Det hastar med å redusere utslepp av klimagassar, og vi kan alle bidra. Men i staden for å sjå på dette som ei byrde, kan vi leite etter moglegheiter til å skape noko nytt. Det grøne skiftet kan bety ny vekst.

Satsing på miljøvenlege løysingar vil ikkje berre bidra til reinare luft og meir stabilt klima, men kan også gi grunnlag for ny teknologi og nye arbeidsplassar.

Miljøsatsing

Då Nyskaparprisen vart stifta, var det lagt vekt på at juryen skulle vurdere faktorar som nyskaparevne og miljøprofil. Den betydninga som verksemda har for lokalsamfunnet skal også telje med. Dei som står bak prisen, og utgjer juryen, er representantar for Nordea, Ålesund Kunnskapspark, Næringsforeningen i Ålesundsregionen, Sparebank 1 SMN, Sparebanken Møre, Sunnmørsposten og professor i miljøleiing, Annik Magerholm Fet.

Første året gjekk prisen til Odim for system som reduserte bruken av drivstoff, Runde Miljøsenter vart heidra for sin innsats innan miljøforsking og ressursforvaltning, medan Jets Vacuum har utvikla toalettsystem som både minskar forbruket av vatn og sparer miljøet for forureining.

Far Shipping vart heidra for sitt systematiske arbeid med å redusere skade, både på menneske, miljø og materiell. Fjorårets vinnar, Patogen Analyse, har utvikla metodar for å knekke lakselus og andre fiskesjukdommar.

Nominasjon

I år utfordra vi alle ordførarar i dei 25 kommunane i Sunnmørspostens dekningsområde til å foreslå sine kandidatar. Vi har fått mange gode forslag, og i slutten av april blir det klart kven som er nominerte. Deretter blir det kåring av vinnaren på ei Nyskaparsamling på Campus Ålesund i NMK-bygget 4. mai. Arrangementet er gratis og ope for alle.

Vi bur i ein landsdel som har markert seg som nyskapande. Lokal historie viser at vi har mykje å lære av dei som har levd før oss. Vanskelege tider kan vendast til noko positivt. No er det vi som må skape ei berekraftig framtid.

God helg.