Miljøpartiet Dei Grøne treff heilt openbart sterke straumdrag i veljarmassen med sin kompromisslause argrumentasjon for straks å legge ned viktigast eksportnæringa vår – oljeindustrien.

Frå av vere eit parti nesten heilt utan innverkand i styrande organ, vart det plass på Stortinget for to år sidan. Etter valet 14. september kan partiet har fått plass i mange kommunestyre rundt om i det ganske land. Dei stiller liste i heile 240 kommunar og kan i mange kommunar kome i vippeposisjon mellom dei tradisjonelle blokkene. På ei måling for NRK i går var partiet fjerde størst.

Dei vil måtte reknast med når viktige posisjonar skal fordelast mellom partia i samband med konstitueringa av komunestyre og fylkesting. Partiet vil også kunne kreve viktige posisjonar som motyting for støtte til for eksempel ein ordførarkandidat.

Medlemstalet aukar mest

Det er dette partiet som har auka oppslutninga si mest mellom veljarane, men er også det partiet som har sterkast vekst i medlemstalet.

Sosialistisk Venstreparti hadde etter tusenårsskiftet ein dominerande posisjon som miljøparti. I 2001 viser valundersøkinga at 36 prosent meinte partiet hadde den beste miljøpolitikken.

SV heldt denne posisjon gjennom rundt ti år, men så skjedde det eit skifte. 2013 ser det ut til at Ramsus Hansson og hans folk har tatt innersvingen på Lysbakken & Co. Rett nok var Venstre best då, men MGD aukar mest – frå ein til 15 prosent på fire år.

Vart svaralternativ i 2012

Medan MDG vart oppretta som eit eige svaralternativ i dei nasjonale meiningsmålingane først i 2012, har oppslutninga det siste året vore stabilt på godt og vel tre prosent. Dersom ein legg gjennomsnittet for landsomfattande målingar til grunn. Det inneber ein kraftig framgang og enkelte kommentatorar har drista seg til å spå at partiet vil gjere eit brakval ved årets kommuneval.

Målinga som Dagens Næringsliv offentleggjorde torsdag var ei tydeleg manifestering av den tendensen som har vist seg heile året. Partiet er heilt oppe i seks prosent oppslutning, og ville ved eit stortingsval ha enda med ei gruppe på heile 10 representantar.

Valundersøkinga frå 2013 bar ikkje bod om noko grønn bølge i norsk politikk. Når MDG styrka sin posisjon, var det først og fremst ved å kapre miljøbevisste veljarar frå særleg SV, men også får fleire andre parti.

Ap blør mest no

Den kraftige framgangen partiet ser ut til å få denne gongen, kan tyde på at MDG har treft eit straumdrag i veljarmassen. I fylgje Dagens Næringliv viser bakgrunntala at det er Ap som får blø mest for framgangen.

Rasmus Hansson har gjennomgånde fått ganske gode kritikkar for sin innsats i partileiardebattar, men i NRK-sendinga frå Ålesund sist mandag fekk han kraftig motbør og tommel ned frå fleire kommentatorar.

Hardast på labben var Nettavisens redaktør Gunnar Stavrum som fastslo at partiets fremste talsmann var «Helt grønn på økonomi» og at hans økonomiske argumentasjon var både «virkelighetsfjern og utopisk».

Klovn eller politikar

Dersom partiet si bratte vekstkurve skulle halde fram å stige, vil det bli mange grøne i folkevaldevalde organ ikkje berre kommunalt og fylkeskommunalt, men seinare også på Løvebakken.

Med slik vekst er det lite truleg at partiorganisasjonen si skolering av nye politikarar greier å halde fylgje. Då kan dei risikere å oppleve det same som Framstegspartiet gjorde i sin mest dramatiske vekstperiode. Urøynde politikarar med nokså ukonvensjonell opptreden kunne vere underhaldande for utanforståande, men boniteten i det politiske innhaldet kunne av og til vere så-som-små.

Slik oppstår diskusjonen om trubaduren John John Bruseth er klovn eller politikarar når han er MDGs toppkandidat til fylkestinget.