Kom ned på jorda

Bløff. Førstesida av Dagsavisen laurdag 7. august. Inga ny kraftline i nærleiken av Geiranger er planlagt. Rein bløff.
Bløff. Førstesida av Dagsavisen laurdag 7. august. Inga ny kraftline i nærleiken av Geiranger er planlagt. Rein bløff.
Publisert: 14.08.2010 kl. 10:04
Endret: 13.12.2010 kl. 20:29
kraft. Mykje rart og uetterrettleg har kome i media dei siste vekene om kraftliner og konsekvensane av dei. Det er på tide å kome ned på jorda att. Etter 1. februar neste år vil det kome ei tilråding frå uavhengige ekspertar om det er tilrådeleg med sjøkabel i Hardanger. Sidan ekspertane i Statnett er så eintydige på at sjøkabel ikkje gir god nok forsyningstryggleik, er nok sjansen for ein tilsvarande konklusjon frå ekspertane vesentleg meir enn 50 prosent. Uansett treng ikkje det som skjer i Hardanger få noko å seie for lina mellom Fardal i Sogn og Ørskog.

Fire fjordar. Den mest omstridde strekninga er kanskje frå Haugen i Ørsta til Ørskog. Her er det snakk om kryssing av fire fjordar, Austefjorden, Hjørundfjorden, Sykkylvsfjorden og Storfjorden. Det mest realistiske alternativet som er lansert og som det no også er søkt om konsesjon for, er det som Tussa Kraft har utarbeidd. Då vil 420 kV-lina gå i same traseen som dagens 132 kV-line, og då vil ein kunne sanere delar av dagens kraftlinjenett som går på kryss og tvers i bygdene. Det er rekna ut at ved ei slik løysing vil ein forbruke mindre areal til kraftliner etter at den nye lina er komen på plass enn dagens situasjon. Ei slik løysing vil bety kraftspenn over Hjørundfjorden sør for Ytre Standal. Skilnaden mellom dagen spenn og eit nytt spenn over fjorden blir ikkje stor, og på austsida av Hjørundfjorden vil den nye lina gå i traseen til den gamle. Turistane har i alle år reist gjennom Hjørundfjorden under kraftspenn over fjorden. Ingen har snudd og reist heim att av den grunn. Også Sykkylvsfjorden blir kryssa. Der har dagens luftspenn til og med vore utstyrt raude ballar på kablane for at flygarane (og også turistane) skal sjå lina. Desse ballane forsvinn når den nye lina kjem, for ho har elektronisk varsling. Det same er tilfelle for kraftspennet over Storfjorden frå Vindsneset ved Søvika og over til Gausneset på Ørskogsida. Også der var det tidlegare raude ballongar. Eit nytt spenn over fjorden vil bli betre kamuflert. Ingen turistar har snudd ved Skotet fordi dei såg eit luftspenn over fjorden.

Øydelegg for turistane? Når det i Dagsavisen står at 420 kV-lina vil øydelegge for turismen i Geiranger mange mil unna, så er det avslørande mangel på geografikunnskap. Når ordførar Frank Sve på Stranda argumenterer for at eit luftspenn utanfor Skotet i Storfjorden vil øydelegge for turismen i Geiranger og på Hellesylt, så er han nokså mykje på vidåtta. Til og med tre kraftstolpar midt på Flydalsjuvet aksepterte turistane. Ingen reiste heim att av den grunn. Denne lina kjem ikkje ein gong i nærleiken av verdsarvområda, men sikrar kraftforsyninga til dei same områda.

Kraftmangel. Kraftekspertisen fryktar at Møre og Romsdal kan kome til å mangle fem milliardar kilowattimar med straum i 2015, og vi kan sjå mange år framfor oss med ein vesentleg høgare straumpris enn resten av landet. Den nye 420 kV-lina vil gå gjennom 15 kommunar i Sogn og Fjordane og på Sunnmøre. Det er eit hovudpoeng ved valet av trase at det skal byggjast fleire transformatorstasjonar langs lina. Det vil gjere det mogeleg å kople til ny kraft frå småkraftverk. I dag har NVE fjerna 120 småkraftverk i dette området frå konsesjonskøen fordi ingen av desse vil sleppe til før den nye lina er på plass. Dagens overføringsline er sprengt, og viktige nye prosjekt både i Tussa- og Tafjord-området ventar på tur. Det hastar med andre ord å få på plass den nye kraftlina.

Ingen turist har snudd og reist heim att fordi det går eit kraftspenn over Storfjorden utanfor Skotet

På forsiden nå

Silje inspirert av Japan

Stryning debuterar på møbelmessa i Stockholm. Les mer

Tøffelhelt i Mongolia

Se lydbildeserie og les reportasjen om Ingar Eide - om tro, tøfler og et vakkert, men nådeløst land. Les mer

Rekdal: – MÅ ha en målfarlig spiss

Sju mål på La Manga er ikke nok til at AaFK-treneren avblåser spissjakten. Les mer

Må velje mellom Eir (3) og arbeid

Reglane for å få pleiepengar er stramma inn. Les meir 4 kommentarer