KOMMENTAR laurdag 28. januar 2012:

Klimahysteriet

Fra venstre leder for FNs klimapanel Dr. Rajendra Pachauri, visedirektør i UNICEF Hilde Frafjord Johnson og artist og aktivist Sir Bob Geldof på miljøstiftelsen Zero sin konferanse på Gardermoen mandag formiddag.
Foto: Larsen, Håkon Mosvold
Fra venstre leder for FNs klimapanel Dr. Rajendra Pachauri, visedirektør i UNICEF Hilde Frafjord Johnson og artist og aktivist Sir Bob Geldof på miljøstiftelsen Zero sin konferanse på Gardermoen mandag formiddag. Foto: Larsen, Håkon Mosvold
SVEIN AAM journalist i Sunnmørsposten
Publisert: 28.01.2012 kl. 08:15
Endret: 29.01.2012 kl. 19:50

Orkanen var ei påminning om kva som er i vente

Etter to kalde vintrar var det nok mange som pusta letta ut. Kanskje var det sant som klimaskeptikarane hevda, at snakket om global oppvarming berre er hysteri?

Denne vinteren er det «hysterikarane» som får draghjelp av gradestokken og vindmålaren – i ein debatt der fakta vert tåkelagt, og erstatta av tvil, tru og kjensler.

Sunnmørsposten har vore rause med å gi spalteplass til skribentar som har sådd tvil. For er klimaendringane menneskeskapte eller naturlege? Er det så farleg med desse CO2-utsleppa?

På denne kommentatorplassen i avisa, til dømes, stod det nyleg at ein stigande skare av framståande vitskapsmenn hallar i retning av at utslepp av CO2 til atmosfæren i liten, eller til og med ingen grad, påverkar klimaet på jorda.

Men det er minst like rett å seie at ein stigande skare av framståande vitskapsfolk hevdar at FN sitt klimapanel har vore altfor forsiktige.

Dystert

Panelet sjølv har oppjustert sine prognosar, og seier at gjennomsnittstemperaturen på jorda kan stige med opp til seks grader dette hundreåret, dersom vi ikkje gjer noko for å redusere utsleppa til atmosfæren.

Oslo

Denne veka var leiaren for FN sitt klimapanel i Oslo for å drøfte ein ny rapport om korleis klimaendringar vil påverke ekstremveret i framtida – og korleis ein bør førebu seg. I rapporten står det at det er sannsynleg at menneskeskapte utslepp av klimagassar alt har medverka til auka ekstreme temperaturar og episodar med veldig høgt havnivå. Det er ei utvikling som vil halde fram. Mot slutten av dette hundreåret ventar forskarane fleire ekstremt varme dagar og fleire dagar med ekstrem nedbør. Konklusjonen er bygd på ein gjennomgang av all forsking på området.

Den hissige julegjesten «Dagmar» – og det rekordvarme fjoråret – kan ikkje brukast som noko bevis på at FN sitt klimapanel har rett. Men orkanen var ei påminning om kva som er i vente, anten no klimaendringane er meir eller mindre menneskeskapte. Og det var eit varsku om at vi i dag ikkje er godt nok budde.

At floda var farleg høg i jula kunne vi alle sjå. Dei sakte endringane i atmosfæren er det verre å følgje med på. Difor er det også vanskelegare for politikarane å gjere noko med det.

Dårleg sak

Harde miljøtiltak er ingen stemmesankar. Det veit dei som kjempar om å bli president i USA godt. Og det veit dei i Det Norske Arbeidarpartiet.

Her i Norge ventar vi på regjeringa si klimamelding, som skal fortelje korleis vi skal nå ambisiøse mål om utsleppsreduksjonar. Men meldinga er kraftig forseinka som så mykje anna i kampen for å hindre ei muleg klimakatastrofe.

At det vil kome forslag om nye avgifter ligg i korta. At dei vil møte motstand er like føreseieleg.

Nyttar det?

Det kan vere på sin plass å minne om kva som har skjedd med skipstrafikken i Norge. «Umulege krav til utslepp», sa 14 tunge næringsorganisasjonar med NHO i spissen då ei sviande NOx-avgift vart innført i 2007. I dag veit vi at dei tok feil.

Avgifta vart øyremerkt eit fond som gir tilskot til tekniske innretningar. Det reduserer utsleppa, og det har ikkje minst lokale fiskebåtreiarar og offshorereiarar nytta seg av. NOx-fondet har blitt ein sjeldan miljøsuksess som mange er stolte av. Men det skjedde ikkje utan tvang.

Diskuter denne saken

Innsendt av Karl Grimstad 18.02.2012 13:53:19 Varsle!

Tempraturprognosen er ikke satt opp, den er til og med satt ned.den siste gjennomgangen viser at IPCCs prognoser er sterkt overvurdert. Nå vurderes også sol og andre naturlige sykler med i bildet,og ikke bare CO2.

Innsendt av Klimaværing 31.01.2012 09:49:38 Varsle!

Så er det påan igjenn . Etter 2 år med total stillhet , er dommedagsprofetane på banna igjen . Høy vannstand kommer hovedsakelig av 3 ting som må inntre samtidig : Storm mot land , flo sjø og lav barometer-stand . Dette inntraff samtidig i jula 2011 . Dette har hendt før også . Bygge molo som værn mot stormflo , faller på sin egen uriktighet .

 

Skriv din kommentar

Tittel *

Kommentar *

Fornavn *

Etternavn *

e-post *

Kallenavn (valgfritt)

Nyheter fra Sunnmørsposten - Nordvestlandets største avis ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og eventuelt fjerne innlegg. Klikk her for å lese alle reglene for debatten.

På forsiden nå

Her rives Møller-fasaden

Tonnevis av betong på veg ned fra veggene til det gamle kjøpesenteret. Les mer og se video

- Ville skåne familie og venner

Kjetil Rekdal snakker ut om mediepausen. Se videointervju

Solskjær: - Jeg er ferdig med saken

Molde-manageren mener klubben kan komme styrket ut av bråket. Les mer

- Bruker for mye tid på Nordøyvegen

- Et halvt år med saksbehandling koster 50-60 millioner kroner. Les mer