KOMMENTAR laurdag 18. februar 2012:

På sidespor om sidemål

Kvifor er sidemål for politikarane synonymt med nynorsk, og kvifor klagar aldri nynorskelevar over at dei har problem med sidemålet?

Min eigen teori er at elevar som brukar dialekt og skriv nynorsk, opparbeider seg eit medvite forhold til språk. Dermed utviklar dei også eit betre språkøyre og lærer seg lettare andre språk.

Om ein slik teori er rett, bør den logiske konsekvensen vere at ein oppmodar fleire til å velje nynorsk som hovudmål, og absolutt ikkje det motsette.

Sjølvsagt er det ikkje heilt så enkelt, men striden rundt sidemålet kan verke litt komisk, men har alvorlege undertonar.

Språkdød

For å ta det store biletet først: Unesco si siste språkoversikt viser at rundt 2.500 av 6.000 språk i verda er truga. Heile 230 språk er forsvunne sidan 1950.

I Afrika sør for Sahara er det venta at ti prosent av språka vil forsvinne innan hundre år. Utsett er også situasjonen i land med stort språkleg mangfald, som India, USA, Brasil, Indonesia, Mexico og Australia.

Det store biletet viser også at i tidlegare kolonistatar pressar kolonimakta sine språk som engelsk, fransk og spansk ofte vekk dei opphavlege språka. Spesielt har engelsk siste tiåra vore på frammarsj godt understøtta av informasjonsteknologien, men andre store verdsspråk som russisk, kinesisk og arabisk kjem etter.

Dei som trur at engelsk vil vinne om det til slutt vert eitt språk att i verda, kan kome til å ta skammeleg feil. Det er like truleg at vi då må lære oss eit heilt nytt alfabet eller lære å lese frå høgre mot venstre.

Samiske problem

I Norge er fem språk på lista over truga språk. Alle er samiske språk, med pitesamisk som kritisk utsett ettersom det berre er eit tjuetals personar att som snakkar språket. Men også skoltesamisk, lulesamisk og sørsamisk vert rekna som alvorleg truga, medan nordsamisk er lettare truga. Det siste språket vert i dag snakka av rundt 30.000 menneske.

Medan vi har denne dramatiske situasjonen for mange av språka i verda, rasar debatten i Norge om sidemålet i skulen. Eller rettare sagt; om nynorsken. Når Høgre-leiar Erna Solberg snakkar om at elevane i ungdomsskulen må få sleppe sidemål for å konsentrere seg meir om dei viktige faga, er det nynorsken ho vil til livs.

På same måten vart kunnskapsminister Kristin Halvorsen oppfatta, då ho som kommentar til det nye læreplanarbeidet til Utdanningsdirektoratet, opna for å svekke sidemålet i skulen for å styrkje hovudmålet. Ho meinte det var urealistisk at elevane skulle vere like gode i begge skriftspråka, og opna for å fjerne eksamen i sidemål.

Ungdomspolitikarane i Frp og Høgre jubla, medan målfolket rasa. Faktisk har utspelet frå Halvorsen hatt den overraskande effekten at mange har slått ring rundt nynorsken, og det har kome over 1.200 nye medlemer i Noregs Mållag.

Innvandrarstøtte

Det nye no er at det er mange ungdomar som engasjerer seg for nynorsken. Og støtta kjem også frå uventa hald, som frå innvandrarungdom i byane.

Sist ute var bystyremedlem Gülay Kutal i Oslo som i eit flammande innlegg i bystyresalen denne veka tok til orde for å styrkje sidemålet, i staden for å svekke det. Ho viste til Tyrkia, som ho stammar frå, der det er eit stort press frå makta og fleirtalet mot alle andre språk og dialektar enn «korrekt tyrkisk», og der dialektbrukarar vert trakka på og latterleggjorde.

Ho tok også eit oppgjer med alle dei som brukar innvandrarar som argument for å fjerne sidemålet i den norske skulen.

Konsernspråk

Men medan politikarar og språkfolk kranglar, arbeider marknadskreftene for det største språket. Det ser vi ikkje minst i media, der konsentrasjon og såkalla stordriftsfordelar pressar vekk andre språk enn majoritetsspråket. Når frilansarar og konsernjournalistar skal ha den same artikkelen i ei lang rekkje aviser og vekeblad, ønskjer redaktørane at dei skal skrive på bokmål, som er det dominerande språket.

Det finst mange døme på at nynorskjournalistar vert pressa til å velje bokmål. Det finst også ei lang rekkje aviser og vekeblad som ikkje slepp til nynorsk i det heile.

Sunnmørsposten er eit godt døme på at nynorsk og bokmål lever godt ved sidan av kvarandre. Slik burde det vere mange andre stader også.

For journalistane er det naturleg nok ei styrkje å kunne uttrykkje seg på det språket dei er best på, noko som også bør vere eit gode for lesarane. Men konsulentane, samordnings- og profittjegerane i konserna har ikkje forstått dette.

Bedriftsspråk

Lokalt er det også tragikomisk å sjå alle bedrifter som brukar bokmål som kommunikasjonsform, sjølv om dei er etablerte i tradisjonelle nynorskkommunar. Det finst haugevis av eksempel på pressemeldingar og anna materiale som er laga med eit dårleg og stivt bokmål.

Men det finst heiderlege unntak, og det kunne vore interessant å sjå på om det er ein samanheng mellom kommersiell suksess og godt og medvite språkbruk. Dette kunne vere ei fin oppgåve no når det nærmar seg Språkåret 2013 med 200-årsfeiring av Ivar Aasen og 100-årsfeiringa av Det Norske Teatret.

Sjølv er eg ikkje tvil om at det finst ein samanheng. Også her.

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 

Det nye no er at det er mange ungdomar som engasjerer seg for nynorsken.

Leses nå
 

Forsiden nå:

Atten koller vart drektige med storbukken Leif Jostein i Ørsta – mange av dei har kalva

Hjarteknusaren hjort jr.

Med mora som instruktør byd den purunge og prikkete hjortekalven opp til ein vill dans over enga.

Femårs-kontrakt til «Far Searcher»

Skipet går inn i Statoil sin PSV-flåte på norsk kontintenalsokkel. Statoil har opsjon på ytterligere fem år.

Toppmøte i Ålesund om antibiotikaresistens

– Hvis vi ikke lykkes med dette, så vil mange dø

Nå er en person tiltalt

Lot våpen gå på rundgang på fest

Politiet dukket opp da en person ble truffet. Nå er en person tiltalt for å ta med våpen og ammunisjon.

Forskerspirer i full gang ved Spjelkavik barneskole

– Jeg elsker eksplosjoner

Eksploderende vann og vulkaner er aktiviteter som står på planen når Forskerfabrikken arrangerer sommerskole i Ålesund denne uka.