Les også: Ingen ville foregripe regjeringsforhandlingene

5: Erna Solberg (H)

Tre døgn før vallokala stengjer er det kampen om sisteliten-veljarane det står om. Nokre kom kanskje til klarheit under NRK sin partileiardebatt til fredags-tacoen, men den flytta ikkje flokkar blokkene. Ingen snubla og ingen imponerte stort. Her er karakterar og vurderingane:

Sitatet: «Det er bare i hodet til Jens det er kaos».

5: Jens Stoltenberg (Ap)

Startar sterkt. Så blir han stiv i steget – nesten som han har månelandings-støvlar. Lyser opp når han får utdelt handlingregelen, men klarer ikkje å trumfe med det no. Trygg og er botnsolid på detaljar - utan å drukne poenga i dei denne gongen. Sitatet: «Det er kanskje ikke alle som husker fotosyntesen»

Sitatet: «Det er noe galt med med denne debatten når Erna prøver å hørest ut som Rødt».

2: Knut Arild Hareide (KrF)

Gjer ein svak figur. Svak i helsedebatten og rotar bort miljøtrumfen. For opptatt av detaljar, historieskriving og slit også litt med sjarmetrikset i denne debatten.

Sitatet: «Vi har har kjempet for verdens fattige i 80 år»

4: Siv Jensen (Frp)

Gjer nok ein gong ein god figur. Trygg og sta på sitt, og mosar MDG på miljødebatten. Hevar seg når tåkelegg helsedebatten med finansiering, og løftar fram pasientane i debatten. Snakka seg rundt handlingsregelfloken.

Sitatet: «Jeg respekterer at Høyre er opptatt av handlingsregelen»

3: Trine Skei Grande (V)

Kavar i starten på helsedebatten, men klarte å utnytte sitt sterke grøne kort. Tydeleg, offensiv og troverdig på miljø og regjeringsalternativ. Best i denne runden.

Sitatet: «Æ e veldig glad i Audun og det han har gjort for Lofoten og Vesterålen, og er klart til å overta jobben»

2: Liv Signe Navarsete (Sp)

Nei, nei. Det skar seg no også. Når skiløyper på skogsbilvegar blir det viktige miljøargumentet for eit parti som har tvinga Jens i Lofoten-skammekroken, då bommar du. Og kommunestruktur i økonomidebatten? Nei, nei, nei.

Sitatet: «Modellen Erna står for, er den amerikanske.»

Les også: Valgforsker: – Stoltenberg fisket etter Høyrevelgere

GRAFIKK: Bli kjent med dine kandidater

ORD I VALKAMPEN: Forstår du alt de sier?