Alle som arbeider for ein internasjonal  forpliktane avtale om kutt i klimautsleppa,har all grunn til å vere deprimerte. Ja, det er forståeleg om dei  -av og til - går inn i ein tung depresjon.

I meir enn 20 år har FNs klimakonferanse  enda  i vonbrot.Sist laurdag avslutta den polske hovudstaden sitt vertskap og med nød og neppekunne dei  195 medlemslanda semjast om ågi sitt bidrag for å kjempe mot klimaendringane, i staden for ein forplikandemålsetting.

Det som gjer det heile ektstra  deprimerande er at ein truleg kunne ha fjernafaren for ei klimakatastrofe til ein avgrensa kostand. Vilkåret er likevel atverdssamfunnet handlar raskt,effektivt og i fellesskap. I staden endar nestenalltid drøftingane i ein  verbal slåsskampom pengar.

William Nordhaus ved Yale-universitetet – som er ei moderatstemme i klimadebatten - skriv i den  siste boka si,  «Climate Casino», at ein kan avgrense auken iden globale temperaturen til to grader, med ein kostnad som  tilsvarar 1,5 prosent av den  årlege verdiskapinga i verda.

Alle må vere med

Men førestetnaden er at heile verda er med på det. Dersomfleire av landa med mest utslepp står utanfor, kan det bli heil umogleg.

Etter vonbrotet i Warszawa sist laurdag, set no alle sin litat det skal oppnåast ein mykje sterkare  og forpliktande avtale om reduksjon iklimautsleppa. Mest av alt  skulle vi sjølvsagt  ha sett at det er grunnlag for optimisme, menall erfaring tilseier at heller ikkje Paris-møtet i 2015 vil bli nokogjennombrot.

Rasmus Hansson er i ein ringrev i klima-lobbyen,  som mangeårig  norske generalsekretæri WWF har han vore med på dei fleste av klimakonferansane .  No er haneinsleg stortingsrepresentant for De Grønne og må prioritere kva han brukartida si på. Han valde å ikkje bli med då resten av energi- og miljøkomiteendrog til den polske hovudstaden.

Har vore der før

Grunngjevinga som han ga til Dagens Næringsliv er kanskjekarakteristisk  for statusen forklimaforhandlingane har fått i ein del miljø:

- Jeg har vært der før og vet at det er begrensethva en får ut av det, og særlig denne konferansen der det ikke er håp om å fånoe særlig utav det.

Kjetil B. Alstadheim i DagensNæringsliv er – miljø-journalist med mange klimakonferansar bak seg – seier detslik i ein av sine kommentarar frå Warszawa: «I klimaforhandlingene blir selv det mest innlysende og enkle,vanskelig og umulig».

Enkelte hevdar at miljøorganisasjonane gjennom sin opptredenpå klimakonferansane  bidrarar til å aukekonfliktnivået og redusere sjansane  forat ein skal kome fram til nokon sterk avtale.

Nedsmelting i polare strok

Utsleppa er ei negativ global biverkand av økonomiskaktivitet. Vi kjenner ikkje fullstendig ringverknadane. Temperaturauken har deisiste åra ført til ei dramatisk – og heilt målbar og synleg  – nedsmelting av isen i dei polare stroka.Prognoser har mellom anna peika mot at nordpolområdet, ville vere fritt for isstore delar av året i løpet av nokre få år.

Dette er dramatisk. Fordi vi ikkje har full oversikt over kvavidere fylgjer ei slik nedsmelting vil ha for miljøet i havet.

Kanskje er ei slik utvikling irreversibel: Det vil seie atvi ikkje får tilbake dei gamle ismengdene, same kor store kutt i utsleppa vigreier å gjennomføre. Derfor er det heilt klart at det hastar.

Sjølv om dei siste par tiåra med klimakonferansar mildt sagtikkje har gitt oss grunnlag for å vere optimistar med tanke på fotpliktandeavtalar om reduksjon i utslepp av klimagassar, er vi nøydde til å tru på at dettil slutt skal lukkast.  Strengt tatt harvi ikkje noko alternativ.

Vi må levere

Skal vår generasjon greie å levere vidare kloden i god standtil våre barn og barnebarn, må dei ta eit ansvar som er i posisjon til å fågjort noko.

I mellomtida må vi andre drive vår klimapolitikk i langtmindre skala.

Vi er stadig fleire som brukar den klimanøytrale bjørkevedentil oppvarming. Norge eksporterer vasskraft om sommaren til Europa, men importerervinterstraum som oftast er basert kolkraft. På den måten kan vi vere med åredusere importen av straum som er produsert av klimafiendtlege kolkraftverk.

Då er det verre med den diseldrivne Toyotaen som vart kjøptfor tre år sidan med eit sterkt incitament frå miljøstyresmakene i form avavgiftskutt på mange tusen kroner. Nokre månader seinare stieg brått diselprisendrmatisk – det var ikkje lenger miljøvennleg å køyre diselbil.

Ikkje alltid like enkelt å praktisere klima-fornuft, altså.