Tiggarar burde vel vere draumeinnvandrarar der dei prøver å skape sin eigen arbeidsplass utan å snylte på Nav? Så kva er problemet?

Eg hugsar henne enno. Ho sit igjen som eit ubehageleg sommarminne. Vi hadde innteke kulturbyen Marseilles med yndig sjarkflåte og Salvador Dali-skulpturar på hamna. I shoppinggata sat ei kvinne med pappkoppen sin. I kroken like ved hadde det samla seg støv, skit og sneipar. Og der kraup den om lag ni månader gamle jentebabyen hennar rundt.

I hovudet mitt ringla ord om bakmenn og organisert kriminalitet. Så eg gjekk forbi. Til ein uterestaurant der eg toa mine hender i antibac og bestilte lunsj.

Eg tenkjer fortsatt på denne jentebabyen. Med ubehag. Det var ekkelt. Men ubehaget er knytt til at eg gjekk forbi. Eg oversåg ei mamma og eit barn med heilt andre levekår enn mine eigne. Ubehaget ved tiggarane er mi eiga skam.

Skam over overfloda og manglande vilje til å dele. I Oslo er der folk som set lås på bossdunkane så ikkje tiggarane skal leite etter mat der. Men ubehaget burde ligge i dei tonnevisa av mat som vi kastar.

Og burde det ikkje vere like ubehageleg at velfødde norske barn i til dels dyre merkeklede ringer på døra og tiggar etter loddpengar slik at dei kan reise billeg til utlandet på korpstur eller fotballtur?

Det er ikkje vanskeleg å vite kvar nauda er størst og behova mest påtrengande.

Dei fattigaste av dei fattige

Dei fleste tiggarar som kjem hit frå utlandet er romfolk og andre minoritetar frå Romania. Romania er eit av dei fattigaste landa i Europa – og romfolket og dei andre minoritetane er dei fattigaste av dei fattige. I Romania er det dessutan tiggeforbod og romfolket får ikkje arbeid. Kva gjer ein då?

Kanskje det ikkje er rart at ein prøver seg i eit land der folk kjøper ein halv liter vatn til tretti kroner i butikken i staden for å ta med gratis vatn heimanfrå? Eit land der ingen ungar gidd å pante flasker eller bøye seg ned og plukke opp ein tiar. Eit land der foreldra ikkje gidd å melde om den stolne sykkelen til politiet, men berre kjøper ein ny.

Arbeidsinnvandrarar

Rumenske hjelpearbeidarar som har vore på besøk i gatene i Oslo seier at eit forbod berre vil auke kriminaliteten. Tiggeforbodet vil ikkje sende folk vekk og heim. Der er ikkje noko alternativ.

Ein fersk rapport frå Nova, Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring fortel at flesteparten av dei som tiggar kom til Norge for å få arbeid. Men utan språkkunnskapar og andre kvalifikasjonar er det vanskeleg. Tigging vert ein naudstrategi. Og rapporten som er laga på oppdrag frå justisdepartementet seier desse opplysningane problematiserer det moralske skillet som brukast mellom «tiggarar» og «arbeidsinnvandrarar».

– Tiggarar er fattige tilreisande som prøver å forbetre situasjon sin med det som er muleg, og arbeid er sannsynlegvis første prioritet, seier Nova-forskar Ada Engebrigtsen til Vårt Land.

Ikkje pengemaskinar for bakmenn

Etter oppstyret om dei rumenske tiggarane, skulle ein tru dei oversvømte gatene i Norge. Men det er snakk om mellom 500 og tusen personar. Det varierer mellom anna med årstidene. Og det største problemet er overnatting, seier NOVA-rapporten. Kvar skal dei bu? Og kvar får dei bu?

Kriminalitet mellom tiggarane er det først og fremst politiet i Oslo som opplever som eit problem. Ikkje i dei andre undersøkte byane.

Forskar Ada Engebrigtsen konkluderer også etter å ha rekna ut kva ein kan tene som tiggar med at her ikkje er nok pengar i systemet til at det er interessant for bakmenn. «Månadsløna» ligg på rundt 2.800 kroner.

Botnfattige

Nokre hundre botnfattige europearar. Skal vi forby dei å be om hjelp?

Å tru at ein kan forby fattigdom vil vere usedvanleg blåøygd. Sjølv av ei blåblå regjering. Å prøve og forby fattigdom vil berre fortelje om vår eigen åndelege fattigdom. Eit forbod mot tigging utfordrar verdigrunnlaget vårt.

Vår vestlege sivilisasjon er bygd på ein religion der ei av dei mest kjende historiene fortel at helten er han som ikkje gjekk forbi. Etter at dei høge herrar hadde marsjert forbi han som trengde hjelp, stoppa den barmhjertige samaritanen.

Å la dei bli og halde fram med å hive ein tjuekronar i koppen i ny og ne, er ikkje noko varig løysing. Her er mange omsyn å ta og det er ei vanskeleg sak. Men det som er vanskeleg er viktig og det som er viktig er vanskeleg.

Og vi må iallfall begynne med å sjå mennesket bak pappkoppen. I det siste har det kome mange historier om folk som har opna heimane sine for rumenske menneske som har tigga. Dei fortel at dei helste på ein tiggar, vart kjent med eit menneske – og fekk ein ven.