Eg har lese mange stortingsmeldingar og politiske dokument, men eg kan ikkje hugsa nokon så direkte ta i bruk den teknikken George Orwell kalla nytale: At ein omtaler fenomen som det motsette av det dei er. Krig er den beste forma for fred. Sjukdom er den høgaste forma for helse. På pressekonferansen der meldinga vart lagd fram, kunne Høie gledestrålande fortelja at han no hadde funne ein måte å berga dei mindre sjukehusa på. Dei skal ikkje leggjast ned. Dei skal berre sleppe akuttberedskapen.

Men det er jo akuttberedskapen som står til diskusjon – av to grunnar: Det er den folk er redde for å missa, og det er dei akutte situasjonane som krev fysisk nærvær. Og for det andre: Alle informerte veit at om akuttberedskapen ryk, så ryk sjukehuset.

Billege bortforklaringar

I møte med eit kvalifisert publikum av ordførarar og overlegar byd Høie på billege bortforklaringar; det er pinleg og demokratisk støytande. Høie hadde stått seg betre om han hadde sagt det like ut: Han vil leggja ned sjukehusa, og han gjer det av den og den grunn.

Kvifor denne nytalen, desse bortforklaringane? Det har samanheng med det faktiske, som Høie ikkje har nok respekt for. Eg skal peika på tre punkt der han talar mot eksisterande kunnskap.Det første punktet er at dei små sjukehusa ikkje vil tapa større på å missa akuttfunksjonen. Det er dei som driv sjukehusa heilt usamde i. I dag er det fullt mogeleg å rekruttera nok fagfolk til desse institusjonane, men det blir vanskelegare jo færre funksjonar dei har. Her talar Høie mot dei som står nærast realitetane, og veit mest.

Det andre punktet som Høie impliserer, men kvir seg for å seia rett ut, er at kvaliteten på små sjukehus er dårleg. Heile tankegangen hans har som føresetnad at store sjukehus må vera betre enn små. Her talar han mot kunnskapen på feltet. Helsemeldinga dokumenterer ikkje på noko punkt at større sjukehus er betre enn små. Som Torgeir Bruun Wyller har vist, er det faktisk ein del forsking på dette, og den konkluderer med at for store institusjonar skaper vanskar med kvaliteten, fordi dei blir for byråkratiserte. Så lenge dei mindre institusjonane har fagfolk – og det har dei så langt i dei sjukehusa vi snakkar om her – leverer dei ofte betre kvalitet. Norske målingar stadfester at pasientane er mest nøgde med desse sjukehusa. Det er ein sjølvsagt del av arbeidet til desse mindre sjukehusa at dei sender frå seg pasientar dei ikkje kan hjelpa.

Økonomi

Det tredje argumentet, hovudargumentet i meldinga, er at ein sparar pengar ved å leggja ned dei små sjukehusa. Den store bekymringa til helsepolitikarane er ei aldrande befolkning og større grupper av sjuke i framtida.

Dette har dei freista å løysa i samhandlingsreforma ved å senda pasientane ut av sjukehusa og til kommunane. Men sparinga verkar ikkje, for dei for tidleg utskrivne blir stadig lagde inn på ny. Det kostar både pengar og liding.Den økonomiske argumentasjonen held ikkje mål i dette tilfellet heller. Det er nemleg slik at det kostar meir å behandla ein pasient på eit stort sjukehus enn på eit lite _ for same liding. Dei sjukehusa ein vil leggja ned no, skal tena ei folkesetning på om lag femti tusen kvar. Blir desse behandla i Narvik, vil dei kosta x kroner pr. pasient. Må dei flyttast til det større sjukehuset i Tromsø, vil dei kosta x + y, det vil seia den prisen dei kosta på det vesle sjukehuset, pluss den ekstrakostnaden som eit stort sjukehus krev. Dei femti tusen menneska omkring Narvik blir ikkje borte fordi om ein legg ned sjukehuset. Dei må ha behandling, og den kostar _ la oss seia 10 prosent meir. Så det som kostar tusen einingar i det vesle sjukehuset, kostar elleve hundre på det store.

Byråkrati

Kvifor vil ein då sentralisera for å spara pengar? Det er det eit heilt enkelt svar på. Det som krev pengane i store einingar, er byråkratiet. Små einingar er gjennomsiktige, der kan ein fylgja pengestraumen. Større einingar er uoversiktlege. Det gjev meir pengar til byråkratiet, som brukar dei på utgreiingar og prosjekt. Den store samanslåinga i Oslo har demonstrert desse mekanismane i full storleik. Drifta har vore truga, og staben har flykta i ein grad ingen små sjukehus har sett maken til. Ein halv milliard pr. år har gått til konsulentfirma.

Utolmodet med dei små sjukehusa er at byråkratiet får for lite ut av dei. Dei driv ikkje med anna enn å hjelpa sjuke folk.Helseplanen vil ha nærleik til pasientar og brukarmedverknad. Det synest eg brukarane skal ta alvorleg og seia si meining om. Neste steg må vera å visa at dei store sjukehusa vil bli meir kriseramma og meir økonomisk utarma, dersom dei skal få 5 x 50 000 menneske til å ha ansvar for, men mindre pengar enn det faktisk kostar. Det er nemleg dét som er forslaget frå Høie.

Denne kronikken har tidlegare stått i Dag og Tid.