Då byrja vi å bygge ut fossefalla som skaffa oss 100 % fornybar energi. Dette har vi drive med sidan, og det har resultert i at nesten kvar ei bygd i heile Norge har sitt eige kraftverk.

Vi har, som det einaste land i verda, ei energiforsyning som er basert på 100 % fornybar energi. Dei politiske partia som baserer sin eksistens på klima og miljøbølgja, har eit stort forklaringsproblem når dei skal forklare kva det grøne skiftet for Norge inneber.

I sin iver etter å predikere sitt postulat om at nordmenn er nokre miljøsvin og klimaverstingar, driv spesielt Miljøpartiet dei grøne (MDG) og spreier desinformasjon til det norske folk. Seinast i Sunnmørsposten den 29.02 er Rasmus Hansson frampå igjen med sin propaganda, der han omtalar vindkraft; «Dette er rein kraft som kan erstatte fossil energi her heime og i Europa».

Småkraft

For ca. 10 år sidan starta den siste epoken i Norsk vasskraftutbygging. Då vart det sett i gong ei storstilt utbygging av resten av våre vassdrag her i landet, mykje omtalt som småkraft.

Vindkraft

Presset på regjeringa om og kome i gong med det grøne skiftet gjer at dei nyleg gjorde eit fatalt vedtak om og bygge Europas største vindpark på trøndelagskysten. Dette vil medføre enorme mengder ny energi inn på eit allereie overfylt energimarknad.

For og i det heile teke få til denne utbygginga er den i tillegg sterkt subsidiert og miljøøydeleggande. Eg er stygt redd for at dette vert nok ei fornybar satsing som kjem tyske investeringsselskap til gode.

Bioøkonomi

Om Norge skal kome i gong med det sokalla grøne skiftet so må dei seriøse partia i Norge føre denne debatten inn på eit heilt anna spor enn det har vore snakk om til no.

I og med at vi har gjennomført vårt grøne skifte for mange år sidan, er Norge i ein unik konkurranse situasjon i forhold til resten av europa når det gjeld fornybar energiproduksjon. Ein kronikk i Sunnmørsposten den 26.02 ført i pennen av Ola Hedstein frå Norsk Landbrukssamvirke gav oss eit godt eksempel på korleis vi verkeleg kan få til eit grønt skifte her i landet.

Følg Sunnmørsposten debatt på Facebook!

Hans visjonar om det grøne skiftet og kva det kan innebere, syner at fokuset på energiberarar er heilt feil fokus. Fokuset må dreiast frå bioenergi og over på bioøkonomi. Om tankane han førte i pennen i denne kronikken kan verte sett ut i livet, kan vi igjen ta heile landet i bruk og utnytte både småskogen, beitelandskapet og havet på ein heilt anna måte enn det vert gjort i dag.

DÅ kan vi verkeleg byrja snakke om eit fornybar eventyr og eit skikkeleg grønt skifte.