Kronikk 17. mars:

«Samarbeid er løysinga for helse i Nordfjord og Sunnmøre»

Fastlege og legevaktsjef i Nordfjord Bent Ingebrigtsen set fingeren rett på verkebyllen i kronikken sin i Sunnmørsposten nyleg.

Samordning: Kronikkforfattarane er legar ved Volda sjukehus. Dei etterlyser samordning av sjukehustilbodet over foretaksgrensene frå sentralt hald, sidan helseforetaka ikkje ser noko slikt totalansvar. Arkivfoto: Knut Arne Aarset  Foto: Knut Arne Aarset

Føretaka har til no ikkje synt vilje til eit slikt samarbeid

Kronikk

Manglande samarbeid mellom Helse Vest ved Helse Førde og Helse Midt ved Helse Møre og Romsdal fører til at føretaka har organisert sjukehustenestene og legg framtidsplanane sine utan å sjå på kva tilbod som finst på den andre sida av grensa, berre få mil unna.

For både Helse Vest og for Helse Midt er naboføretaket kvite felt på kartet, noko ein ikkje har tatt omsyn til. Dette er samfunnsøkonomisk uforsvarleg, men verre er det at det fører til unødvendig lang reiseveg til sjukehus for mange.


Pasientkrav

Som legar ved Volda sjukehus i naboføretaket Helse Møre og Romsdal merkar vi desse utfordringane dagleg. Mange nordfjordingar kryssar grensa for å få utført planlagde operasjonar hos oss fordi reisevegen er så mykje kortare enn til Førde.

Ordninga Fritt sjukehusval sikrar dei denne retten ved planlagd behandling. For akutthjelp gjeld ikkje Fritt sjukehusval, då skal ein halde seg i eige føretak. Likevel trassar mange nordfjordingar desse hindringane og kjem til Volda for akuttkirurgisk hjelp t.d. for beinbrot og magevondt.

Dei som kjem til oss fortel ofte at dei sjølve eller deira pårørande har måtta aktivt kreve å få kome den korte vegen til Volda framfor den lengre vegen til Førde for den same hjelpa. «Systemet» vil at alle tek den lange vegen, og legg dette til grunn i sine innleggingsrutiner, sjølv om dette fører til ulempe for pasientane og dårleg ressursutnytting for samfunnet.

Prosjekt ny legevakt på Søre Sunnmøre

Ei framtidig omorganisering av legevakta kan gje lang reisetid på ettermiddagane for innbyggjarar i Herøy. Legane er i tidsklemma, og det er behov for ekstra helsepersonell på vakt.


Moralsk krevjande

Som helsepersonell ser vi ikkje på heimeadressa. Vi gjev alle som kjem til oss den same hjelpa. Men det er moralsk krevande at våre føresette i sjukehussektoren ikkje legg til rette for at akutt sjuke kan få hjelp på det næraste sjukehuset, sjølv om det medfører kryssing av føretaksgrensa.

Det burde vere ei innlysande plikt for føretaka å samarbeide om sjukehustenestene i grenseområda slik at publikum i Nordfjord og på Søre Sunnmøre får eit samla fullverdig tilbod.På eigen kjøl har vi tidlegare foreslått eit fagleg samarbeid mellom Nordfjord sjukehus og Volda sjukehus i ortopedi og blautkirurgi, slik at akuttkirurgien skjer i Volda men og slik at det vert reetablert ein meir omfattande dagkirurgisk aktivitet ved Nordfjord sjukehus.

Det kan også samarbeidast innan indremedisin og det er slett ikkje aktuelt å redusere akuttilbodet på Nordfjordeid, slik det kan sjå ut som at somme fryktar. Det vil vere naturleg at spesialistpoliklinikkane på Eid kan nyttast også av pasientar frå Sunnmøre.

Akuttkirurgi

I fagmiljøet vårt er det sterk vilje til ei slik felles satsing. Ved utveksling av fagpersonell og delt arbeidstid på begge sjukehusa, vil dette styrke rekrutteringa også i Nordfjord både for legespesialistar og for andre grupper helsepersonell. Vi veit at legespesialistar med heimstavn og tilknyting til Nordfjord er interesserte.

På grunn av kort reisetid mellom sjukehusa vil det vere mogeleg å pendle mellom dei og samstundes ha eit vanleg familieliv. Og det vil medføre kortare reisetid for publikum og samla sett vere god økonomi både for det offentlege og for private arbeidsgjevarar. Men føretaka har til no ikkje synt vilje til eit slikt samarbeid. Heller ikkje dei regionale føretaka tek ansvar. Kva med statsråden?

Trøbbel for Helse Møre og Romsdal: Blir tvinga til å bygge ny stasjon i Volda

Den aktuelle sjukehusplanen til Høie viser tydeleg konsekvensen av manglande samordning i grenseområdet. Statsråden rådde til til at akuttkirurgien ved Volda sjukehus kunne verte fjerna utan å ta omsyn til at dette tilbodet allereie er fjerna ved Nordfjord sjukehus.

Dersom dei to sjukehusa hadde vore i same føretak hadde slike planar aldri kome på bordet, men no la statsråden til rette for at dei to føretaka kvar for seg kan neglisjere behovet for akuttkirurgi for eit samanhengande område med 65-70.000 innbyggjarar avgrensa av to verharde fjordar. Og med beredskapsmessige utfordringar som dårlege og rasutsette vegar, stadig vanskelegare vertilhøve, stengde ferjesamband, Åkernesrenna, ein halv million årlege overnattingsdøger på hotell og mange cruiseskipsanløp i indre Nordfjord, stor verftsindustri med særskilde beredskapsomsyn på Sunnmøre.

Handsaminga i Stortinget gjer at akuttkirurgien i Volda likevel kan verte sikra ved å legge for mange atterhald og hindringar i vegen for sentralistane, sjølv om det ikkje har kome ei prinsipiell avklaring.

Må ha press ovanfrå

Vi kan ikkje sjå andre løysingar enn samarbeid. Dei to lokale føretaka vil nok ikkje gjere dette utan press ovanfrå, sidan eigne kortsiktige økonomiske og strategiske omsyn står i vegen.

Dersom dei regionale føretaka vil legitimere sin eigen eksistens, burde dei finne ei samarbeidsløysing på grenseproblematikken. Men uansett er det regjeringa og Stortinget som skal samordne alle ulike omsyn, både medisinske, beredskapsmessige og andre samfunnsmessige tilhøve. Men i Sjukehusplanen vil regjeringa overlate dette samordningsarbeidet til føretaka, som slett ikkje ser noko totalansvar for folket som bur her.

Det er underleg at det innanfor vår eigen sektor har laga seg så vasstette skott mellom statseigde institusjonar, at det er vi som står med behandlingsansvaret for pasientane som må peike på løysingar som ligg i dagen, rett framfor oss.

Rune Heggedal, Harald Topphol og Jon Backer
Legar ved Volda sjukehus