Den siste tidas storkommunedebatt har vore prega av lite imponerande journalistisk handverk av landsdelsavisa. Viktige spørsmål er overlatne til lesarbrevspalta og til einskildpersonar sine utspel. Kvar blir den journalistiske kloa av?

Kva er meir «robust» med ei storkommune enn med ei mindre? Har ikkje kommunane effektive administrasjonar i dag? Kva har storleiken med det å gjere? Eg saknar empiri. Kvar er prova på at store einingar er meir effektive enn små? Har Oslo meir effektiv administrasjon enn Haram? I staden for større effektivitet kan det ikkje i staden bli fleire byråkratar og fleire og dyre administrasjonsbygg? Miljøvenleg er det vel knappast? Folk i utkantane køyrer alt no svært mykje bil for å få utført naudsynte ærend.

Når ur-ålesundarane kjem ut av hòlene sine med krav om bokmål og namnet Ålesund som markør for etnisk reine ålesundarar – er det ikkje då litt pinleg at kultur(!)redaktøren i Sunnmørsposten går først i fylkingen? Kva med å granske desse spørsmåla journalistisk?

Sjølv er eg fødd i Vatne kommune, oppvaksen i Haram og i gamle Borgund kommune og har budd mitt vaksne liv i Ålesund. Foreldra mine har òg budd i Ålesund mesteparten av sitt liv. Dei skriv begge nynorsk.

Har dei nokon gong møtt respekt for språket sitt ved til dømes å få skriv på sitt eige språk frå den språknøytrale kommunen sin? Er det ikkje emne for journalistar å finne ut kva denne såkalla språknøytraliteten tyder i praksis? Kvifor er nettsidene til kommunen berre på konservativt bokmål?

Kvifor skriv ein aldri til innbyggarane på nynorsk? Kva for prinsippvedtak om språk finst det i kommunen? Er ikkje språknøytralitet (som om språk nokon gong er «nøytralt»!) eit skalkeskjul for at bokmålsfolk skal få det som dei vil og samstundes framstå som tolerante?

Når det gjeld kommunenamnet: Kva med å få fram bakgrunnen for ulike namneframlegg? Kva med å ringe namnegranskarar? Kva med å minne om at vi no reiser til Oslo, sjølv om byen i fleire hundre år heitte Kristiania? Kva med å opplyse lesarane om at Ålesund ein gong heitte Borgensund?

Eg er ikkje namnegranskar, men ser at Ålesund kjem fram i kjeldene frå 1600-talet, men då berre med namn på folk som budde ved sundet. Til samanlikning er Giske, Godøy, Sunnmøre, Haram eller Borgund, eldgamle tradisjonsrike stadnamn – verkelege norske merkevarer, som det heiter.

Kva med å fortelje historia om då Borgund på slutten av 1960-talet vart tvangsgifta med Ålesund og namnet Borgund først måtte gje tapt ved eit eineståande vedtak i Stortinget? Er ikkje dette interessante spørsmål som fortener merksemd frå journalistar som tek faget sitt alvorleg?

Her kan du lese heile debatten på Stortinget i 1967 om kommunenamn Borgund eller Ålesund.