Vi har fått vite om innhaldet i den storkommunen, som kanskje kjem om nokre år. Resultatet av forhandlingane vart som venta. Eller med andre ord, slik som det måtte verte.

Feilen som ofte vert gjort i slike prosessar er at det vert bestemt ovanfrå korleis det skal vere. Hadde folket vorte spurde fyrst, så hadde ein spart store ressursar på utgreiing. Det ser ein no når dei fleste kommunane seier nei. 85 % nei i Rælingen! Det er mogleg, at Høgre ikkje har kontakt med folket sitt. Eller som det heiter i Peer Gynt:

« Se, det fik fanden, fordi han var dum og ikke beregnet sit publikum!

Lite entusiasme

Kommunalministeren vil ha større kommunar, men det er lite entusiasme ute i landet for prosjektet. Det ser ut som om han trudde dette var noko folket ville ha. Det viser det seg no ikkje å vere.

I kommunevalet gjekk Høgre tilbake 4.7 % og Senterpartiet fram 1.8%. Senterpartiet hadde framgang i nesten 300 kommunar. Det seier sitt om at dette ikkje er ei reform som er ynskt, og at det er lite truleg, at det vert så veldig mange samanslåingar,

Kven er dei lokale forkjemparane for samanslåingar?

Om eg ikkje hugsar feil, så var det representantar frå Arbeidarpartiet i Herøy, som i kommunestyret ville ha ei kystkommune frå Herøy til Vågsøy, og så er det ordførarane i Volda og Ulstein, og nokre få privatpersonar, som i avisene har vore positive til storkommunar. Dei som skal prøve å selje denne bodskapen dei neste vekene ser ut til å ha ei stor oppgåve framfor seg.

Vil flytte makt

Høgre og Framstegspartiet ville fjerne fylkeskommunane, og at dei no prøver å få gjennomført politikken sin med å slå saman kommunar er etter programma som dei gjekk til val på, så det er greitt.

I Høgre sitt stortingsvalprogram står det: «Høgre vil gjennomføre ei reform som styrkjer kommunane, aukar det lokale sjølvstyret og legg grunnlaget for at flest moglege oppgåver kan løysast nær innbyggjarane og tilpassa behova deira.

Høgre meiner at oppgåvene til fylkeskommunen i hovudsak kan takast over av kommunane, og at ei kommunereform vil leggje betre til rette for eit mangfald av lokalsamfunn med fleire moglegheiter, større ansvar og nye oppgåver. Høgre ønskjer ein inntektsmodell der kommunane kan behalde ein større del av den lokale verdiskapinga og ein større del av skatten frå eigne innbyggjarar». (www.hogre.no).

Frp meiner at det lokale sjølvstyret vert styrka ved å overføre oppgåver frå staten og regional stat til kommunane. Det føreset robuste kommunar.

Frp vil gjennomføre ei demokratireform der det vert greidd ut ein moderne og hensiktsmessig kommunestruktur. Kommunestrukturen skal bestemmast av Stortinget. (www.frp.no fritt omsett til nynorsk).

Robuste på Robek?

Om større kommunar er meir effektive enn små kommunar? Ålesund er pr. dags dato på Robek-lista, og det er kjent at Ulstein kommune har stor gjeld. (www.regjeringa.no). Er desse kommunane då attraktive å slå seg saman med?

Intensjonsavtalen for Runde kommune har mange fine ord. Ingen er i mot at det skal vere attraktivt å bu i området med ein mangfaldig arbeidsmarknad. Måla er gode og likeverdige tenester og økonomisk robuste kommunar.

At Ålesund er på Robek-lista motbeviser, at det er likskap mellom større kommunar og økonomisk robuste kommunar. Det er mange små kommunar, som ikkje er på Robek-lista.

Grenselaust

Arbeidsmarknaden i området vårt er dominert av privat næringsliv, som kommunen som organisasjon ikkje har så mykje innverknad på, så korleis vert det då ein meir mangfaldig arbeidsmarknad ved ei storkommune? Supplynæringa i Herøy er i verdstoppen uansett kva for kommunegrenser som gjeld.

Ei heilskapleg samfunnsutvikling har vore fylkeskommunalt ansvar, så kvifor treng ein å endre på det?

Betre politisk samordning. Det er eit av dei få punkta i intensjonsavtalen, som kan ha noko føre seg. Då vert interkommunale selskap styrt av eit kommunestyre.

Færre politikarar

Samtidig så vert det mange fleire veljarar bak kvar kommunestyrerepresentant. Det seier samtidig, at det skal meir til for å få inn eit mandat.

Korleis vert dette meir demokrati? Det vert eit veldig innskrenka demokrati når ei valliste treng fire gongar fleire røyster for å verte representert i kommunestyret.

Viss til dømes det som var den gamle Herøy kommune med 33 mandat og 20 % av innbyggjarane skal få ca. 20 % av mandata, nokre gongar færre og nokre gongar fleire, så vil det verte ca. 10 mandat.

Altså 23 færre enn det kommunestyret har no. Korleis vert det meir demokrati?

Redusert demokrati

Interkommunalt samarbeid på mange område har fungert til no. Kvifor skal ikkje det fungere i framtida også?

Fylkeskommunen har samordningsansvaret for det som gjeld fleire kommunar, for regional stat og for det som gjeld heile fylket.

Kvifor endre på det?

Konklusjon: Dette er, som EU-saka, ein freistnad på å innføre noko som folket ikkje vil ha, og redusert demokrati.

Magnar StorøyMaster i samfunnsplanlegging og ledelse