Kva er det vi høyrer? «Det hadde vore betre om det var klarare føringar, men vi vil ikkje ha tvang. I avisene har vi sett at dei små synest det er best å vere små, kanskje litt større, men i alle fall ikkje store. Frykta er svekka lokaldemokrati – «berre sjå til Danmark». Eg har gått inn i den danske reforma for å sjå kva vi har å frykte.

Kronikkforfatter Kari Grindvik Foto: Staale Wattø

Målet med den danske reforma var tredelt: Etablere ei ny oppgåvefordeling mellom kommunar, regionar og stat, lage ny finansieringsordning og profesjonalisere kommunane. Kommunane fekk nye og større oppgåver, samstundes som talet vart redusert frå 270 til 98.

Kan du svare? Få svar på det du lurer på om kommunereforma

Ikkje tatt grep

I Norge kjem kritikk om at kommunane ikkje har fått reelle nye oppgåver som skal tilseie at vi treng ei reform. Problemet er at kommunane over mange år har fått nye og auka oppgåver, tilsvarande dei som blei flytta til kommunenivået i den danske reforma. Dette utan at vi har teke grep for å organisere kommunane for å levere etter dei auka krava. Mange av kommunane slit i dag med å få på plass fagmiljø som kan møte krava frå stat, fylke og innbyggjarar.

Tenestene våre er gode, men både tenestene og økonomien er sårbare for uventa hendingar. Det er difor vanskeleg å forstå kvifor kommunane ikkje har kravd ei reform tidlegare.

Valdeltakinga har auka

Deloitte gjorde ei undersøking i 2008, to år etter den danske reforma. Ulrik Bro Müller frå Deloitte gir følgjande refleksjonar om erfaringane:

Det var brei semje om at Danmark trengde ei reform, både når det kom til oppgåvefordeling og inntektssystemet. Kommunane opplevde ein vesentleg utgiftsauke dei første åra etter reforma. Dette skuldast i hovudsak at det vart teke i bruk nye økonomi- og lønnssystem, samt ei profesjonalisering av administrasjonen gjennom målretta kompetanseutvikling. I ein overgangsfase er dette naturlege kostnader. Gevinsten har teke tid å oppnå.Ifølge Müller har valdeltakinga auka ved dei siste lokalvala. Det verkar også som at det er brei semje om at reforma var rett veg å gå, sjølv om det har vore skjer i sjøen undervegs.

Positivt resultat

Gjennom meir enn to års arbeid med kommunereforma har eg prøvd å skaffe meg oversikt over fakta, både om kommunen eg bur i, nabokommunane som vi kan velje å slå oss saman med og erfaringane frå Danmark.

Kor sterkt lokaldemokratiet vårt skal verte, er faktisk opp til oss å avgjere. Vi politikarar må ha mot til å ta dei rette avgjerdene og arbeide målretta for å sikre gode og velfungerande tenester, at næringslivet har utviklingsmoglegheit, at vi har eit attraktivt studiemiljø og arbeidsmarknad, gode serviceleverandørar, at dei tilsette får utfordringar og kompetanseutvikling i trygge og innovative fagmiljø og at vi får eit levande lokaldemokrati.

Les kva du skal svare på: Her finn du alle spørsmåla i folkerøystingane

Styrka demokrati

Det er to store innovasjonsmiljø i Kommune-Noreg, Høgskulen på Lillehammer og Universitetet i Nordland. Ved UiN finn vi professorane Asbjørn Røiseland, Eva Sørensen og Jacob Torfing. Dei to sistnemnde er og knytt til Roskilde Universitet. Dei har i ein kronikk i Aftenposten 8. april sett på gevinstar ved den danske reforma. Dei framhevar seks som i utgangspunktet korkje var planlagt eller venta:

Interkommunalt samarbeid

Dei nye kommunane har intensivert det interkommunale samarbeidet på område som turisme, miljøreguleringar og infrastruktur som meir ambisiøse samarbeidspartnarar. Men treng i mykje mindre grad å samhandle for å levere tenestene til innbyggjarane.

Kommunane har blitt den viktigaste arenaen for ny forvaltningspolitikk, med sjølvstendige framlegg til korleis offentleg sektor skal innrettast, styrast og leiast. Fleire store kommunar arbeider målretta for å utvikle og prøve ut nye styringsformer for å oppnå betre effektivitet og kvalitet.

Dei danske kommunane arbeider meir systematisk og målretta med å trekkje innbyggjarane med i dei kommunale avgjerdene. Trass i bekymringa rundt større fysisk avstand, er lokaldemokratiet no under utvikling, heller enn avvikling.

Det siste punktet Røiseland, Sørensen og Torfing trekkjer fram, er styrkinga av kommunane si omstillings- og innovasjonskraft. Auka krav frå stat og innbyggjarar, kombinert med knappe ressursar, skaper behov for innovative løysingar. Prosessen med bygginga av nye kommunar gav eit slikt høve.

Politikarar med mot

Eg har ikkje tenkt å underslå at det finst negative effektar i den danske reforma, td at nokre av dei nye oppgåvene truleg vart løyste betre i det gamle systemet (men ikkje dei gamle kommunane). Det er likevel ei brei oppfatting av at dei positive effektane overskygger dei negative og at vi trygt kan kalle det ein suksess.

Vi kan ikkje automatisk trekke den konklusjonen at då vil den norske reforma også verte ein suksess. Det kommunereforma treng no er politikarar med mot. Mot til å sjå framover og finne morgondagens effektive og innovative løysing. Eg trur den løysinga finst i Intensjonsavtalen og det vidare arbeidet i Regionkommune Ålesund. Erfaringane frå Danmark gir meg styrka mot til velje Ålesund.

Les flere saker om kommunereforma.