<strong>Master:</strong> Frå neste haust blir lærarutdanninga på masternivå, og ein kan håpe på meir ro i arbeidet med å utdanne gode lærarar, skriv artikkelforfattaren. Illustrasjonsfoto: Staale Wattø

Master: Frå neste haust blir lærarutdanninga på masternivå, og ein kan håpe på meir ro i arbeidet med å utdanne gode lærarar, skriv artikkelforfattaren. Illustrasjonsfoto: Staale Wattø

Kronikk 16. august:

«Tillit til læraren»

Kåre Heggen, professor
            (Foto: Privat)

Kåre Heggen, professorFoto: Privat

I juli i fjor oppnemnde kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen eit såkalla ekspertutval for å studere lærarrolla i norsk skule og kome med forslag til korleis denne kan styrkast. Utvalet har vore leia av professor Thomas Dahl (NTNU) og hatt til saman 10 medlemer med erfaring frå lærar- og utdanningsforsking, blant desse også deltakarar frå andre nordiske land. Eg er sjølv ein av medlemene i utvalet.

Konflikten rundt tingingane om arbeidstidsavtale for eit par år sidan, var truleg ein grunn til dette ønskje om å analysere lærarrolla. Utvalet har hatt eitt år på seg til å gjere arbeidet, og legg i dag fram resultatet for statsråden på ei samling i Oslo.

Forskingsbasert

I arbeidet har utvalet lagt norsk og internasjonal forsking til grunn. Utvalet har også fått utført eigne studiar som del av utgreiingsarbeidet. Innstillinga gir eit historisk oversyn over korleis lærarrolla i Noreg har vorte styrt politisk og byråkratisk, samt korleis løn og arbeidsvilkår har utvikla seg over tid.

Det er ei omfattande innstilling som blir lagd fram, og det er her berre høve til å trekke fram nokre hovudpunkt frå dei analysane som er gjort og dei forslaga utvalet kjem med.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Styring ovanfrå versus utvikling innanfrå. Eit overordna perspektiv i dette arbeidet har vore den spenninga som ein ofte har sett mellom styringa av lærarrolle og skule frå politisk hald versus lærarane sine vilkår for sjølve å utvikle profesjonelle arbeidsmåtar. På den eine sida er skule og lærararbeid truleg det feltet av velferdstenestene i landet der politikarane har vist sterkast styrings- og reformvilje. Det gjeld fastlegging av mål og resultatkrav i skulen, av lærarane sin tidsbruk, men òg av innhald og struktur i utdanninga av lærarane og av innhald i skulefaga.

På den eine sida er politisk diskusjon og fastlegging av mål for skulen ein lang og demokratisk tradisjon i Noreg. Ein ser òg at lærarane ser det som ønskjeleg at politikarane vedtek klare mål for arbeidet i skulen, men dette bør vere få, gode og sameinte mål. Men på den andre sida stiller utvalet seg derimot kritisk til er omfanget og detaljeringa i styringa, lærings- og resultatmåla.

Sjølv om intensjonen frå politikarar og kommuneleiing kan vere den beste, har dette omfanget dei siste åra blitt for stort. Det kan gå ut over lærarane sin motivasjon for lærararbeidet og profesjonens eiga utvikling av faglege standardar. Utvalet konkluderer derfor med at det er grunn til å dempe overdriven detaljstyring og tendensen til å innføre eigne indikatorar lokalt i tillegg til dei sentrale. Denne omfattande og dels detaljerte styringa av lærararbeidet bør dempast i tillegg til at lærarprofesjonen bør trekkast sterkare inn når sentrale mål for skulen skal avgjerast.

Les flere kronikker på smp.no!

Styrking av den profesjonelle fellesskapen

Utvalet foreslår også fleire profesjonar inn i skulen, for at lærarane kan konsentrere arbeidet sitt meir om kjerneoppgåvene.

Utvalet meiner vidare at ei demping av detaljstyring utanfrå kan bidra til at lærarane i større grad kan konsentrere seg om sine kjerneoppgåver, men også styrke lærarprofesjonens eiga evne til å utvikle seg fagleg og profesjonelt. Til det trengst det sterke og stimulerande profesjonelle fellesskap som læraren deltek i. I periodar har fokuset vore for einsidig på den individuelle gode læraren og på løns- og arbeidsvilkår. Dette er òg sjølvsagt viktig, men det som gjer læraren god er nettopp faglege diskusjonar og felles utvikling av faglege standardar, og dette har kome meir i bakgrunnen.

Til det trengst det tid med kollegaer i fellesskap, på den einskilde skulen og utover til andre kollegaer. For å oppnå det må skuleleiarane si rolle som mentorar for profesjonelle yrkesutøvarar som inngår i slike profesjonsfellesskap styrkast. Når rektorrolla i mange kommunar får for sterkt preg av reine administrative kontrolloppgåver, går det ut over denne mentorfunksjonen.

Lærarutdanninga

Utdanninga av lærarar til grunnskulen har ofte blitt kritisert, og politikarane har hyppig kome med nye rammeplanar dei siste tiåra. Frå neste haust blir lærarutdanninga på masternivå, og ein kan håpe på meir ro i arbeidet med å utdanne gode lærarar. Utvalet er opptatt av å styrke partnarskapen mellom lærarutdanning og skule.

Lærarutdanninga skjer på to arenaer – høgskule/universitet og skule, og desse må samarbeide tett om studentane si læring og utvikling av læraridentitet. Høgskulane må meir aktivt delta i studentane sin praksis, og praksisskulane må kollektivt engasjere seg i lærarutdanninga si praksisopplæring. Ein kan prøve ut delte stillingar mellom universitet/høgskule og skular, og styrke samarbeidet om oppfølging av nyutdanna lærarar.

Hald deg oppdatert på samfunnsdebatten på Nordvestlandet. Følg smp-debatt på Facebook!

Regional rekruttering av lærarar

Prognosane for lærarrekruttering er usikre. Det same gjeld effektane av den omlegginga av lærarutdanning som skal skje med masterutdanning som hovudmodell.

Dette understrekar kor viktig det er å sikre at omlegginga tek omsyn til at behovet for lærarar i ulike regionar og landsdelar blir dekt. Nok kvalifiserte lærarar er eit grunnvilkår for å skape gode skular og gode læringsmiljø for elevane.

Dette er nokre av dei områda i lærarrolla og lærararbeidet som utvalet har analysert og vurdert. Då står det att å sjå om innstillinga kan vere eit bidrag til styrking av lærarrolla, til meir fruktbare relasjonar mellom styresmakter og lærarprofesjon og dermed meir tillit til læraren.

Kåre Heggen
Professor

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 

I periodar har fokuset vore for einsidig på den individuelle gode læraren

Leses nå
 

Forsiden nå:

Gav over 100 kroner per innbyggjar:

Sula tok av i tv-aksjonen

Rundt 1.000 personar har vore innom på den direktesende folkefesten til tv-aksjonen i Langevåg.

Møre og Romsdal er på foreløpig 1. plass i tv-aksjonen

Klokka 21.15 låg Møre og Romsdal på topp på fylkesstatistikken på tv-aksjonen.

Åndalsnes

Syklist alvorleg skadd

Luftambulanse er rekvirert etter at ein syklist og ein bil har kollidert på Åndalsnes.