1. og 2. september går det føre seg ein viktig konferanse i Ålesund. EU-prosjektet Circular Ocean står bak og målet er å arbeide for å resirkulere garn, tauverk og plast slik at det kan gje grunnlag for nye arbeidsplassar i staden for å representere eit trugsmål for livet i havet. Noreg og NTNU er ein del av dette prosjektet som blir leia av eit forskingsinstitutt i Thurso i Nord-Skottland. Med er også Arctic Technology Centre på Grønland og universitetsmiljø her i landet, på Island, i Irland og England. Konferansen i Ålesund er òg ein del av NTNU si satsing på berekraftig samfunnsutvikling.

Korleis finne innovative og berekraftige løysingar for å samle inn og utnytte marint plastavfall? Kva skal til for å gjere avfallet til ein ressurs og eit utgangspunkt for nye næringar i grisgrendte strok? Vi vil inspirere gründerar og etablerte verksemder til å gå laus på lønnsame og berekraftige resirkuleringsprosjekt. Vi snakkar om gjenbruk på måtar som ikkje har skjedd før og med eit massivt universitetskorps i ryggen.

Pervers forsøpling

Tidlegare statsråd og SV-leiar Erik Solheim startar i desse dagar i jobben som leiar for FN sitt miljøprogram. I Kveldsnytt nyleg høyrde vi han karakterisere det som skjer i havet – som ei nærast pervers forsøpling. Han lova også at det skulle han gjere sitt til å endre på. Det er bra. Her trengst eit samla løft, sterk vilje, ein god strategi, samt både kreativitet og kunnskap.

Mange av oss såg sikkert bileta av dei mange som plukka søppel på strendene i India. Oppgåva verka endelaus. Denne marine forsøplinga er eit globalt problem. Når om lag åtte millionar tonn plastsøppel blir kasta i hav og innsjøar, får det i tillegg til tilgrisa strender og viker, også ein dramatisk verknad på marint dyreliv.

Anslag viser at over 100.000 sjøpattedyr og 1 million sjøfugl blir drepne kvart år på grunn av dette. (Kjelde: Circularocean.eu). Om dette held fram, legg vi i 2025 etter oss eitt tonn plast for kvart tredje tonn med fisk vi hentar frå våre havområde. Det er bakgrunnen for at EU har sett i gang Circular Ocean – for å redusere forureining og generere ny berekraftig aktivitet.

Haugar av gamle garn

Prosjektet vart lansert på Grønland i vår. Sjølv hadde eg aldri vore der før, og møtet med verdas største øy gjorde inntrykk. Økonomien på Grønland er i stor grad tufta på fiske.

Tidlegare rådde torskefiske grunnen, no er rekefisket berebjelken i tillegg til kveite, sel og kval. Kor viktig fiskeria er, kjem tydeleg fram for alle som går i land i ei hamn på Grønland. Der blir vi møtte med plast, tauverk og utrangerte fiskegarn. I tillegg veit vi at havet også er fullt av det same. Det går føre seg eit spøkelsesfiske i mange havområde. Kvifor er det sånn?

Kanskje handlar det om manglande forståing. Det som er heilt sikkert, er at det handlar om manglande ordningar. Det finns ikkje ein samla plan for kva ein kan gjere med gamle fiskegarn. Det finns heller ikkje eit samla mottaksapparat og berre spreidde tankar for at garna framleis kan vere ein ressurs.

Nytt tankesett

Noreg blir på mange måtar sett på som eit føregangsland. Vi har system for å melde tap av reiskap, men manglar gode returordningar for brukte garn. Derfor ligg det også i våre hamnar og viker haugar med garn og plast. Skal vi få eit grønt skifte også i blå sektor, må miljømedvitet auke. Greier vi i tillegg å tydeleggjere moglegheitene innan resirkulering, er vi på veg mot kjernen i prosjektet Circular Ocean.

Mi og NTNU si oppgåve i prosjektet er å bidra med analysemateriell. Vi skal gjere dei økonomiske, miljømessige og sosiale analysane. Dette blir grunnlagsinformasjon og dokumentasjonen til å skape ulike berekraftige forretningsmodellar. Kva kan vi støype om plasten og garna til? Skateboard? Røyr? Barneleikar? Innsatsfaktorar i havbruksnæringa? Fiskekasser, regntøy eller badeballar?

Vi satsar på mange gode innspel når fagmiljøa no kjem saman i Ålesund. Samtidig skal vi sjå på korleis vi skal skape den haldningsendringa som må til. Det tar tid å endre på inngrodde oppfatningar, men vi har tru på at vi i løpet av dei tre åra prosjektet går, skal ha kome langt i arbeidet med å gjere det sjølvsagt – at gamle garn – skal bli levert til eit godkjent mottak for vidare handtering.

Sunnmørsk gründerskap

I og med at eg sjølv er sunnmøring, så har eg ivra for å få lagt denne samlinga til Ålesund. Ikkje berre for å vise fram Sunnmøre til universitetskollegaer frå mange land, men også fordi eg har tru på og treng draghjelp frå den sunnmørske gründerånda.

Nedgang i oljeverksemda, krev omstilling. Knapt nokon er vel flinkare til å snu seg i nedgangstider, enn næringslivet på desse kantar. Derfor håpar eg at også næringslivet kan sjå dei moglegheitene som kan liggje innan nye verksemder med utgangspunkt i resirkulert plast og gamle fiskegarn.

Fire steg

Prosjektet skal hjelpe i fleire fasar. Først innsamling av gamle fiskegarn, deretter reingjering, utveljing og demontering av garna. Så følgjer reprosessering og utvikling av nye produkt.

Kanskje går du med ein gründer i magen. Kanskje har du etter å lese dette fått ein idé til kva resirkulert plast eller gamle fiskegarn kan brukas til. I så fall, ta kontakt med info@circularocean.eu. For vi treng alle dei gode ideane vi kan få. Det same gjer miljøet i havet.