Kronikk 8. september:

«Offentleg sektor i endring»

Alle område av offentleg sektor står overfor forventningar om endring og utvikling. Det er tema i boka «Offentleg sektor i endring. Fjordantologien 2016», som nyleg er publisert på Universitetsforlaget.

I omstilling: Krava til omstilling og innovasjon finn ein over alt i samfunnet, også i offentleg sektor. Undervisningssektoren er ikkje eit unntak, og i Fjordantologien 2016 er klasseleiing for lærarar og utvikling av læringsaktivitetar mellom dei tema som blir drøfta. Illustrasjonsfoto: NTB SCANPIX  Foto: NTB SCANPIX

Vi er inne i ei bølge med stor tru på innovasjon som endringskraft

Kronikk

Bidragsytarane arbeider i ulike utdannings- og forskingsinstitusjonar, primært på Nordvestlandet. Redaktøransvaret har vore ved Høgskulen i Volda. Fjordantologien 2016 har utspring i Fjordkonferansen som blei arrangert i Loen i juni 2015. Det er den andre antologien som er basert på fjorårets konferanse.

Den første fekk namnet «Innovasjon og entreprenørskap. Fjordantologien 2015», og vart omtalt på kronikkplass i Sunnmørsposten 19. juni 2016.

Antologiane er tilgjengelege både i trykt utgåve og på internett (https://www.idunn.no/innovasjon-og-entreprenorskap og (https://www.idunn.no/offentleg-sektor-i-endring). Alle kan utan kostnad laste ned kapittel frå bøkene.

Innovasjon som alt og ingenting

«Dersom innovasjon er alt, er det kanskje ingenting?» Spørsmålet blir drøfta i antologien, og gjeld bruken av innovasjonsomgrepet generelt, inkludert offentleg sektor.

Vi er inne i ei bølge med stor tru på innovasjon som endringskraft, ikkje berre i industrien, men i heile samfunnet. Då må innhaldet i omgrepet under lupa. I antologien blir dette gjort ut frå ulike faglege perspektiv, først i lys av økonomisk historie, deretter i eit litteraturvitskapleg og filosofisk perspektiv. Ved å omtale «alle» endringar som innovasjon, kan omgrepet bli øydelagt.

Faren er at innovasjon handlar om teknikkar og oppskrifter, medan det opphavleg inkluderte noko uforklarleg og uventa, noko som var vanskeleg å forklare og planlegge. Eitt av kapitla handlar om kva som er drivkreftene bak at samfunnet og offentleg sektor blir invadert av kravet om innovasjon.

Innovasjon, utvikling og læring

Antologien kan lesast som ei brei tilnærming til endring i offentleg sektor. Somme kapittel drøftar endringsarbeid som vert sett i gang som svar på store reformer og forventingar om endring som kjem utanfrå eller ovanfrå.

Andre kapittel i antologien drøftar korleis institusjonar og organisasjonar i offentleg sektor i det daglege arbeider for kontinuerleg å utvikle ulike sider ved verksemda, og korleis læring i og mellom organisasjonar kan skape endring og utvikling.

I slike prosessar er dei små stega like viktige som dei store. I lys av slike erfaringar er det kanskje meir føremålstenleg å erstatte omgrepet innovasjon med omgrepa utviklingsarbeid og læring, slik det er gjort i fleire kapittel i Fjordantologien 2016.

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Store endringar

Av dei store reformene i offentleg sektor, er det samhandlingsreforma som blir omhandla i antologien. To kapittel tek for seg ulike sider ved reforma. Eitt av desse tek utgangspunkt i at mange kommunar har oppretta eigne avdelingar for vurdering av behov for og tildeling av individuelle helse- og sosialtenester, gjerne som eit resultat av samhandlingsreforma.

Forfattarane viser at tenkinga rundt kommunal styring er under endring. Eit anna kapittel drøftar korleis kommunar møter samhandlingsreforma ut frå kva politisk og administrativ organisering dei har. Behovet for gode lærings- og kommunikasjonsprosessar i kommunane blir vektlagt.

Medan samhandlingsreforma er ei endring i offentleg sektor som er basert på uttrykt politisk vilje, har andre endringar eit meir utydeleg opphav. Det blir illustrert gjennom eit kapittel som viser til at språkforvaltninga styrer i retning bokmål. Her bli det etterlyst politisk handling, med språkpolitisk differensiering som ein strategi for språkleg velferd for det nynorske språksamfunnet.

Les flere kronikker på smp.no!

Utviklingsarbeid

Det blir lagt klare rammer for offentleg verksemd, og det er utgangspunkt for eit kapittel om Statens helsetilsyn. Trass klare retningsliner og standardar, er det stort høve til å utøve skjøn i tilsynsverksemda.

Ei anna utfordring for offentleg sektor, er fragmentering. Dette blir illustrert i kapittelet om kommunal organisering av bustadsosialt arbeid. Eit viktig tiltak for å hindre fragmentering og styrke tverrsektoriell samordning, er å etablere eit mest mogleg felles verdigrunnlag mellom dei som skal samarbeide. Å ta i bruk ressursane som organisasjonar disponerer er også viktig for å skape utvikling.

Det blir tydeleg illustrert i eit kapittel om arbeidet som utdanningsinstitusjonane gjer for å legge til rette for studentutveksling mellom land. Erfaringane viser at utdanningsinstitusjonane best kan auke kunnskapen om desse ordningane gjennom å aktivisere studentar, som sjølve har hatt utanlandsopphald, i marknadsføring av tilboda.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Læring

Temaet for det første kapittelet i siste del av antologien er utdanning i klasseleiing for lærarar. Aktiv deltaking og forplikting frå lærar og skuleleiing er viktig for å skape læring i slik utdanning. Aktivitet er også stikkord i eit anna kapittel, som handlar om kva aktivitetar som skaper læring, og kva læringsaktivitetar som skaper trivsel, og korleis læringsaktivitetar bør utviklast vidare.

God undervisning må bygge på fleire metodar for læring. Vidare står teori står sentralt i all læring. Vi treng teori for å forstå verda rundt oss. Korleis ein kan tileigne seg teori blir drøfta i eit kapittel som viser kva som skjer dersom dei teoretiske føringane er heilt eller delvis usynlege for studentar som skal lære entreprenørskap.

Forholdet mellom teori og praksis står vidare sentralt i sluttkapittelet, som tek føre seg korleis erfaring frå arbeid i barnehage, før ein tek barnehagelærarutdanning, påverkar læringsutbytet. Fjordantologien 2016 gir altså mange perspektiv på ein offentleg sektor som er i endring.

God lesnad

Jørgen Amdam, Randi Bergem og Finn Ove Båtevik
Høgskulen i Volda