Humaniora er eit fellesomgrep for dei humanistiske faga som omhandlar t.d. litteratur, filosofi, religion, språk, samfunnsfag, historie, kunstfag, musikkfag.

Som lektor i språk høyrer slike fag med til mitt faglege univers, og eg er brennande engasjert i å dele med elevane mine ved Ulstein vidaregåande skule dei verdiar og kvalitetar som desse fagområda representerer. Ikkje minst i ei tid der det materielle, økonomisk gevinst og reine nytteomsyn har vore rådande måleinstrument for eit vellukka tilvære.

Olje-Norge har opplevd ein økonomisk opptur utan sidestykke, og teknologisk utvikling har akselerert i takt med oljeutvinninga. Næringslivet i vår region har ikkje minst kunna nyte godt av denne høgkonjunkturen, og har sjølve vore med å leggje premissane for han i kraft av sin verdsleiande maritime kompetanse.

Utdanningsinstitusjonane har vore prega av etterspurnaden etter realfagleg – og teknologisk kompetanse, og særleg ingeniørfaget har i fleire tiår vore mangelvare, og dermed populær utdanningsveg for ungdom. Det har vore snakk om ei krise i realfaga grunna manglande rekruttering.

På min eigen skule har denne krisa ikkje vore påfallande.

Men: Kva så med «mine» fagområde, som somme vil kalle «mjuke» fag, dei humanistiske faga? Har desse relevans i det rike olje-Norge? Har dei hatt noko å seie for utviklinga av samfunnet, eller utviklinga av einskildmennesket i den norske «oljeboomen»? Og då tenkjer eg ikkje spesielt på det engelske ordet eg nettopp nytta. Har faga legitimitet i det moderne teknologisamfunnet?

Tilbake til spørsmålet: Har dei humanistiske faga kome i skuggen av dei såkalla nyttige fagområda som realfag, økonomiske og teknologiske fag?

Ser vi reint pragmatisk på humaniora, er det kanskje vanskeleg å sjå at desse faga har same nytteverdien i samfunns- og næringsliv som dei andre nemnde. Og dette viser seg no tydeleg att i lave studenttal i utdanningsinstitusjonar som høgskular og universitet.

Særleg gjeld dette for språkfag som fransk, tysk, italiensk og dei endå mindre språka. Språk som spansk og kinesisk derimot har hatt ein oppsving den seinare tida.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Sjølvsagt vert studenttala lave når ingen etterlyser denne kompetansen. Resultatet vert at studia vert nedlagde. Ved Universitetet i Tromsø er åtte humaniora-fag på bachelornivå foreslått lagt ned, av desse t.d. fransk, tysk, litteraturvitskap, kunstvitskap og religionsvitskap.

Tyskstudiet ved Høgskulen i Volda er nedlagt for lengst, eit studium som på åttitalet hadde over 100 studentar.

Situasjonen er lik i andre europeiske land. Ved Københavns universitet t.d.er det forslag om å leggje ned magistergradsprogramma i om lag samtlege humanistiske fag.

Situasjonen for desse faga gjer det sjølvsagt vanskeleg å få kvalifiserte lærarar i både grunn- og vidaregåande skule. Tyskfaget, som er mitt hovudfag, er eit godt døme: Tysklærarar i ungdomsskulen er nærast ein utdøyande rase.

Dei som framleis finst, vert nærast naudbedne om å halde fram, sjølv etter ønskt avgang. Etter at elevane fann ut at spansk ikkje var fullt så enkelt å lære som dei trudde, har tysk som framandspråk hatt ein viss oppsving dei siste åra, etter å ha vore på tapande front i høve nettopp spansk.

Fransk har heller ikkje hatt særleg sterk posisjon i skulen i seinare tid. At desse to språka, som representerer to sentrale politiske, økonomiske og kulturelle stormakter i Europa, skal ha ein så veik posisjon i norsk skule, og dermed i det norske samfunnet, er sørgjeleg.

Kvifor er dei humanistiske faga svært viktige, ja eg torer å hevde naudsynte, også i vår tid og i framtidssamfunnet, om vi framleis vil vere ein kulturnasjon?

Desse faga er kjernefag i all danning. Sjølv om den klassiske danninga kanskje ikkje tradisjonelt har stått like sterkt i Norge som i dei store kulturstatane i Europa, vil vi vel i vårt land også føle oss på høgde kulturelt og ikkje berre teknologisk-økonomisk. Norskfaget særleg, og litteratur generelt, er sentrale byggjesteinar i ein danningsprosess.

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen skal i 2017 for første gong leggje fram ei stortingsmelding om humanistisk forsking og utdanning. Det signaliserer at fagområdet får fokus på nasjonalt nivå. Interessant å merkje seg er følgjande: Medan toppleiarar i offentlege og private verksemder i Norge er hovudsakleg økonomar, i Tyskland ingeniørar, i USA juristar, er dei same i Storbritannia svært ofte humanistar, utdanna på t.d. Eton og Oxford.

Humaniora gir viktig internasjonal språk- og kulturforståing. Globalisering gjer det naudsynt med slik kunnskap. Gløym ikkje kor verdfullt historiefaget er i så måte. Landet vårt blir meir og meir mangfaldig, vi er oppe i ein krevjande situasjon med mange asylsøkjarar.

Innsikt i religionar, politikk og samfunn er påkravd for å takle utfordringane den aukande migrasjonen inneber. Område som t.d. helse, miljø og klima vert drøfta og handsama på internasjonalt nivå i lag med nasjonar som er svært ulike vår eigen. Kulturforståing og språkdugleik er naudsynt i ein slik samanheng.

Les flere kronikker på smp.no!

Humanistiske fag har både ein eigenverdi og ein nytteverdi. Same kor mange robotar som tek over arbeidsoppgåver i framtida, vil menneske alltid, både i arbeid og fritid, samhandle og vere i fellesskap med kvarandre. Forståing av åtferd, reaksjonar, særtrekk og eigenskapar er med å skape harmonisk samkvem mellom einskildmenneske og grupper, også med ulik etnisitet. Humaniora fremjar grunnleggjande demokratiske verdiar. Kulturkunnskap skjerpar nytenking og kreative evner og opnar for alternative perspektiv.

Konklusjonen må bli: Eit fleirkulturelt Norge og eit globalt næringsliv treng kunnskap om språk, religion, historie og kommunikasjon m.fl.

Dette held oss som menneske saman og er føresetnader for utviklinga av morgondagens samfunn. Humaniora må få fornya status som naudsynt berebjelke i alle samfunn med respekt for seg sjølve.

Oddny EkrollLektor i språk, Ulstein Vidaregåande skule