Reduserte klimagassutslepp, mindre luftforureining og reduserte støyplager frå tyngre køyretøy er nokre av fordelane.

Biogass er sirkulær bioøkonomi i praksis, og gir verdiskaping på fleire sektorar. Dette er i praksis mat frå jord – til bord – og foredla matrestar tilbake til jord.

Avfallet ein ressurs

Vi skaper verdiar av avfall gjennom å utnytte avfallet som ein ressurs.

Slike vurderingar ligg til grunn for arbeidet med å få bygt eit biogassanlegg på det kommunale industriområdet på Melsgjerdet i Ørsta, der Volda og Ørsta Reinhaldsverk (VØR) har sikra seg 20 dekar.

Etter at VØR gjekk i gang med dette arbeidet for vel eit år sidan, har dei to andre renovasjonsselskapa på Sunnmøre, Søre Sunnmøre Reinhaldsverk (SSR) og Ålesundregionen interkommunale miljøselskap (ÅRIM), kome med i prosessen.

Dei tre renovasjonsselskapa har i forskjellige fora jobba tett saman for å finne ein god måte å behandle matavfallet på. Men så langt er dette samarbeidet ikkje formalisert.

At ein kan nytte matavfallet til å produsere biogass, betyr at vi verken treng hogge ned skog eller ta i bruk nye landbruksareal for å produsere avansert biodrivstoff. Dette kan gjerast med ressursar som allereie finst.

Samarbeid på tvers

Ikkje berre samarbeider dei tre renovasjonsselskapa på Sunnmøre om dette. Dei har også fått Tussa med på laget som energileverandør.

Med andre ord er dette noko som har utvikla seg til eit fruktbart samarbeid på tvers av både kommune-, IKS- og bransje-grenser.

Bakgrunnen er at det i løpet av kort tid vil tvinge seg fram innsamling av matavfall på Sunnmøre, og at landbruket vil verte møtt med skjerpa klimakrav.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!

I staden for å sende matavfallet til biogassanlegg på Austlandet eller i Sverige – eller la det gå til forbrenning og energigjenvinning, vil det vere betre å utnytte denne ressursen lokalt og få til verdiskaping og etablering av fleire grøne arbeidsplassar her heime.

Studiar frå Østlandsforskning viser at det ut frå eit klima- og energiperspektiv, vil vere rett å sikre mest mogleg materialgjenvinning av avfall – også matavfall, og at klimagevinsten ved å nytte matavfall i produksjon av biogass og biogjødsel, i staden for forbrenning og energigjenvinning, er på rundt 250 kilo CO2-ekvivalentar per tonn med matavfall.

Energigjenvinningsetaten i Oslo har rekna seg fram til at ein buss kan køyre ein halv kilometer på to kilo matavfall.

Rapporten som Rambøll Norge har laga på oppdrag frå VØR, viser at ei slik lokal etablering vil vere fullt mogleg, og vil bety lågare renovasjonsgebyr enn om matavfallet vert sendt til biogassanlegg utanfor Sunnmøre.

Landbruket avgjerande

Avgjerande er avtalar med landbruket om å levere husdyrgjødsel inn til biogassanlegget og ta imot biorest, som er eit fullverdig gjødselprodukt som kan erstatte kunstgjødsel.

Fosfor, som må til for å produsere kunstgjødsel, står på EU si liste over kritiske råvarer. Fosfor, som finst både i matavfall og i husdyrgjødsel, vil gjennom eit biogassanlegg verte ført tilbake til matjorda gjennom eit kretsløp.

Les fleire innlegg på smp.no!

Ein treng vidare avtale med nokon som kan kjøpe biogassen, som er metangass og akkurat same slags gass som vert henta opp frå Nordsjøen.

Selskapa har hatt samtalar med politikarar og administrasjon i Møre og Romsdal fylkeskommune med tanke på ei meir klimavennleg drift av bussar og ferjer, og håper at biogass vil kunne erstatte fossil energi og i framtida vere ein viktig bidragsytar til ein meir klimavennleg kollektivtransport.

Krav om klimakutt

Det er verdt å merke seg at statsminister Erna Solberg (H), saman med klima- og miljøminister Vidar Helgesen (H) og landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp), har sendt tydelege signal til landbruket om at det vil kome krav om både utsleppskutt og klimagassreduksjonar i landbruket, og at dette vil verte ein viktig del av jordbruksforhandlingane til våren.

Landbruket vil med andre ord oppleve eit politisk press i åra som kjem, og vil verte tvinga til å drive meir klimavennleg.

Har nådd klimamål

Ein av suksessfaktorane for Greve Biogass AS i Tønsberg, som har vore modell for eit mogleg anlegg i Ørsta, har vore det forpliktande samarbeidet med landbruket.

Gjennom dette samarbeidet klarte landbruket i Vestfold og Grenland allereie i 2016 å nå regjeringa si målsetjing om at 30 prosent av all husdyrgjødsel innan 2020 skal nyttast til biogassproduksjon.

Med velvilje frå alle partar, skulle det ikkje vere noko i vegen for at det dei har klart å oppnå i Vestfold og i Grenland, skal vere mogleg å få til også på Sunnmøre.

Vil du ytre deg i avisa? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.