Vi er så stolte! Det er så enkelt. Det skjer så fort. Å knipse bilete av dei søte små og publisere dei i sosiale medium er noko dei aller fleste foreldre har gjort eller gjer jamleg. Men tenkjer vi over konsekvensane?

7. februar vart Safer Internet Day 2017 markert over heile verda. Personvern og deling av bilete på nett var eit av fleire tema her i Noreg.

Det er vi glade for!

Foreldreutvala for barnehagar (FUB) og grunnopplæringa (FUG) er kvar dag i kontakt med foreldre som har spørsmål om og er urolege for ulike ting. Noko av det dei uroar seg over, er svært alvorleg, mens anna er av meir praktisk karakter.

Felles for alle foreldre er at vi ønskjer det aller beste for barna våre.

Vi vil at dei skal vekse opp i trygge omgivnader, at dei skal trivast og lære.

Vi ønskjer å eliminere alt som kan true, hindre og svekkje ein trygg oppvekst og eit godt liv.

Skremmande

Vi foreldre må hugse på at vi er dei aller viktigaste personane og førebileta til barna våre.

Det vi seier, skriv og gjer, påverkar haldningane og handlingane til barna.

Når vi deler barnebilete på nett, påverkar det barna våre på ein annan, men like alvorleg måte. Eit bilete på nett kan få alvorlege konsekvensar for livet til barnet.

Det er både skremmande og tankevekkjande å lese i Bergens Tidende og NRK om det som blir rekna som den største overgrepssaka i noregshistoria. I den såkalla Dark Room-saka har politiet sikta over 50 menn som har delt bilete og videoar av grove overgrep mot barn.

I biletmaterialet som politiet har funne via chatte-loggar, har det dukka opp tilfeldige barnebilete som er henta frå Facebook-sidene til foreldra.

– Vi vil informere om dette. Så er det opp til foreldra kva bilete av barna dei vil leggje ut, seier politiadvokat Hanne R. Heltne til Bergens Tidende 31. januar. Det er ei viktig påminning.

Heltne seier vidare til BT at når private bilete blir dregne inn i ein seksualisert samanheng på denne måten, er det likestilt med å produsere ei framstilling som seksualiserer barn.

Tek val på vegner av barna

Dei fleste foreldre er aktive i sosiale medium, og delingskulturen er sterk. Alle er vi sprekkeferdige av stoltheit i dei ulike stadia av livet til dei søte små eller litt større barna.

Sjølvsagt er vi stolte. Og det skal vi også vere!

Men det er litt trist at det må ei så tragisk sak til for å minne oss på at vi alltid må ta ei kritisk vurdering før vi publiserer bilete.

Må eg leggje ut dette biletet no? Kan eg dele det med venner og familie på ein annan måte? Finst det alternative motiv? Er barnet mitt tent med at eg deler dette?

For i det augeblikket biletet er delt, har du mista kontrollen over det, same kor uskyldig det er, seier Guro Skåltveit i Medietilsynet.

Når vi deler bilete av barn på nett, tek vi eit val på vegner av barnet, legg ho til.

Vi ønskjer ikkje å fordømme, moralisere eller spreie frykt. Foreldre må bestemme sjølve. Men vi kjem ikkje utanom dette: Foreldre har eit stort ansvar!

Digital dømmekraft

Når vi sjølve utviser god digital dømmekraft, tenkjer oss om ein ekstra gong, diskuterer, spør og vurderer, kan vi òg bli truverdige og gode rådgivarar for barna våre etter kvart som dei sjølve blir aktive sosiale mediebrukarar.

Auka kunnskap hos foreldre om den digitale kvardagen til barna kan bidra til tryggleik, openheit og god dialog heime. Og skulle det ein dag gå gale og eit bilete hamnar på avvegar eller barnet ditt eller eit anna barn blir mobba på nett, er det litt enklare å handle.

Nettvett gjeld både for store og små. Vi kan begynne med å tenkje oss om når vi får lyst til å dele eit bilete av barna våre på nett.