Det er noko dyrebart vi skal ta vare på. Men grunnen til at det er slik, er at vi betaler skatt.

Sjølv om dei færraste liker å betale skatt, skjøner folk flest dette, og sluttar opp om velferdsstaten, slik dei gjer i Sverige og Danmark, der skattenivået ligg litt over det norske, næringslivet går godt og folk flest har det bra.

Velferd kostar

Kreft handlar ikkje om eit irritasjonsmoment i kvardagen, men om folks djupaste frykt. Det positive er at stadig fleire overlever som følgje av nye behandlingsformer.

Men dette kostar enormt med pengar. Som anten må betalast av kvar enkelt frå eiga lomme, eller i fellesskap via skatt.

Godt folkehelsearbeid kan redusere utgiftene til enkelte kreftformer, men fleire eldre dreg talet opp.

Fredric Holen Bjørdal, stortingsrepresentant.

Skal den nyaste og beste behandlinga vere tilgjengeleg for alle òg i framtida, må fellesskapet med andre ord ha inntekter nok til å betale for det.

Eldreomsorg og pensjonar er eit anna døme på veksande utgifter. Vi tenkjer gjerne at vi betaler inn til eigen pensjon, men i praksis betaler vi inn skatt for å finansiere delar av dagens pensjonsutgifter.

Generasjonskontrakt

Slik dagens pensjonistar som yrkesaktive betalte inn til dåtidas pensjonistar.

Ein generasjonskontrakt, altså. Men framover blir det fleire pensjonistar enn før pr. yrkesaktiv, mellom anna fordi vi lever lenger, og oppteninga for den enkelte er større. Alle som studerer prognosar, er urolege. Medan vi andre tek for gitt at det vi har tent opp, blir utbetalt når den tid kjem.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

For å få rekninga til å gå opp, trengst klok effektivisering av offentleg sektor. Men også dette arbeidet blir råka dersom skatteinntektene er for låge og naudsynte IKT-investeringar blir sett på vent.

Anna skattenivå

I ein slik situasjon skulle ein tru at alle ansvarlege parti ville diskutere konstruktivt korleis fellesskapet skal få inn nok skatteinntekter, og det på ein måte som både er rettferdig, klimavennleg og næringsvennleg. Det er Arbeidarpartiet si tilnærming.

Vi er tydelege og ærlege overfor veljarane: Fordi vi har høgare ambisjonar for skule, helse og eldreomsorg enn H/Frp, vil vi ha eit anna skattenivå enn H/Frp.

Likevel blir det noko lågare enn i 2013. Ikkje fordi det gjekk dårleg med næringslivet eller den generelle privatøkonomien i 2013, men fordi vi ikkje ønskjer for brå endringar.

Rettferdig

Vi gjer det rettferdig:

•Tre av fire får lågare eller om lag lik inntektsskatt

• Dei som i dag betaler formuesskatt, vil måtte betale noko meir

• Berre 12 prosent av skattytarane betaler formuesskatt

• Eit par vil kunne eige ein nedbetalt bustad verdsett til 11,6 mill. kr utan å måtte betale formuesskatt

• Tre av fire pensjonistar betaler ikkje formuesskatt. Dei som gjer det i dag, må betale noko meir.

• Meir enn ni av ti pensjonistar får lågare inntektsskatt

Samla utgjer dette helvta av auken, den andre helvta vil vere tetting av skattehòl og avgifter særleg retta mot klimautslepp.

Næringsvennleg

Selskapsskatten skal samtidig ned. Dette i tråd med forliket om bedriftsskattlegginga som Ap måtte ta ansvar for i Stortinget. Der vart det òg gjort næringsvennlege endringar i innretninga på formuesskatten, for å bøte på svake sider ved denne.

Ingenting av dette hindrar Høgre – eit sjølverklært ansvarleg parti – frå igjen å drive valkamp på skatt.

Marianne Synnes sin kronikk (Smp 6/2) er eit trist døme. Ho freistar å underslå samanhengen mellom skattekutt og velferdskutt. Det skal ikkje ha gått ut over noko at regjeringa har kutta skattane med 25 mrd. kr. (Avgiftene har rett nok auka med 3,3 mrd. kr, så nettotalet blir tilsvarande mindre.) Men det er ikkje sant.

Sjukehuskutt

Helseminister Jonas Gahr Støre lova i 2013 12 mrd. meir til pasientbehandling på sjukehusa. Og har halde det, jf. budsjettalternativa. Bent Høie heiv seg då på med same løfte. Men brote det med nær ein tredel. Helseføretaka går derfor igjen med underskot, slik dei gjorde sist Høgre var i regjering.

Mellom anna hamna Helse Møre og Romsdal i fjor 82 millionar kroner under budsjett (VG 7/2). Ikkje fordi Høgre er mot sjukehus, men fordi dei har prioritert ikkje-vekstfremjande skattekutt til dei rikaste.

Skule og eldre er òg råka. Kommunane generelt har ikkje fått naudsynte pengar til å tilsetje nok lærarar.

Då får ein ikkje – slik Ap vil – toppa laget rundt dei yngste elevane og gitt tilpassa opplæring til han som ligg etter resten av klassa, og ho som ligg føre.

Dei har heller ikkje fått pengane som trengst for å bu seg godt nok på veksten i talet på eldre, som er like rundt hjørnet, slik at alle kan gå alderdomen trygt i møte.

Feil medisin

Når folk likevel ikkje har opplevd den heilt store endringa så langt, skuldast det at Høgre har late Frp passe pengesekken. Tømming av oljefondet har delvis betalt for skattegåvene til dei mest formuande. Men no har regjeringa varsla at veksten i oljepengebruk skal kraftig ned etter valet.

Då må det kuttast betydeleg på utgiftssida, noko både sjukehus og kommunar vil merke. For skattane skal vidare ned. «Moderat», skriv Synnes. Det sa Høgre i 2013 òg. Og heldt løftet overfor folk flest, som knapt har merka noko.

I andre enden har tobakksarvingen Johan H. Andresen fått 27 millionar meir å rutte med kvart år. Han har kanskje ikkje merka det så mykje, han heller.

Dei rekordmange arbeidsledige, derimot. Kvar dag merkar dei følgjene av ein skattekuttmedisin som beviseleg ikkje fungerer.

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no