Skulen treng både kortsiktige og langsiktige tiltak for å handtere mobbe-problematikken.

Kortsiktige tiltak er svært viktige, men har liten verdi så sant den langsiktige strategien ikkje er på plass.

Den langsiktige er sjølve skulens hovudoppgåve.

Formålsparagrafen

Med god grunn sender foreldre barna sine – det kjæraste dei eig – til skulen, med forventning om at dei skal oppleve skulen som trygg, god og meiningsfull.

I Opplæringslova heiter det at opplæringa i den norske grunnskulen byggjer på grunnleggjande verdiar som respekt for menneskeverdet og naturen, på åndsfridom, nestekjærleik, tilgjeving, likeverd og solidaritet.

All aktivitet i skulen skal vere i pakt med opplæringslova.

Ut ifrå erfaring og forsking eksisterer det i dag vel utprøvd kunnskap om korleis gode læringsmiljø vert utvikla.

Læraren er den påverknadskjelda som har størst betydning for elevane sine skuleprestasjonar, utover elevane sjølv og heimen.

Det er derfor svært viktig å forstå lærarrolla i dagens skule.

Læraren i møte med elevane

Den gode lærar møter alle elevane med respekt.

Skulen skal ha rom for alle.

Derfor må læraren ha blikk for den einskilde i eit inkluderande og utviklande lærings-fellesskap.

Den moderne elev skal vere eit aktivt, ansvarleg og sosialt individ som utfaldar seg i fridom i samspel med medelevane og ein lærar som er inspirerande og forstår elevane.

Læraren leier elevane sitt læringsarbeid og gjennomfører opplæringa med interesse og engasjement.

Læraren følgjer eleven si læring tett opp, fortel, spør, kontrollerer, repeterer, sanksjonerer, varierer og tilpassar undervisninga til eleven i alle fag.

Tilpassa opplæring er eit svært sentralt omgrep i norsk skule, og handlar om at lærestoff, organisering og arbeidsmåtar må tilpassast eleven sine føresetnader for læring.

Kvar elev skal få arbeidsoppgåver som dei kan meistre, og som gir dei utfordringar. Alle elevar bør dagleg erfare meistringsglede og framgang.

Læraren må gi elevane tilbakemelding som fører elevane framover.

Hovudfokuset må vere retta mot å hjelpe/rettleie eleven i kva han må gjere for å nå måla innan fagkunnskap, samhandlings-dugleik og arbeidsmetodar.

Hovudhensikta er å få oversikt over kva ein kan, og kva ein må gjere for å greie neste oppgåve,- både sosialt og fagleg.

I eit profesjonelt fellesskap

Gode lærarar er viktig, men ikkje nok for å skape gode resultat.

Det kollektive ansvaret for skulens samla oppgåver har auka.

Skulen som «lærande organisasjon» er i utvikling.

Det vert stilt større krav til samarbeid mellom leiar og lærar og mellom lærarar enn tidlegare.

Skuleorganisasjonar som fremmer felles læring, kunnskapsdeling, felles planlegging og evaluering, utviklar kvalitet.

Sosial kompetanse

Sosial kompetanse hos elevane er avgjerande for å forhindre mobbing.

Elevar er ei mangfaldig samansett gruppe, fagleg, emosjonelt og sosialt.

Det er viktig at dette mangfaldet vert brukt til å utvikle eit læringsmiljø som representerer toleranse, respekt, anerkjenning, kulturforståing og demokratiforståing.

I eit inkluderande læringsmiljø viser læraren respekt for elevens integritet og ulike føresetnader, skaper gode samarbeidsrelasjonar mellom elevane, og meistrar å løyse konfliktar.

I eit slikt miljø lærer elevane å ta ansvar for seg sjølve og andre.

Dei erfarer gleda av å få hjelp og å gi hjelp.

Dei erfarer gleda av å vere ein del av fellesskapet som i lag greier å løyse oppgåvene.

Dei vil erfare at menneska er ulike, men gjennom praktiske og teoretiske oppgåver, vil dei erfare at alle har verdi og er likeverdige.

I eit læringsmiljø der ein får utvikla innhaldet i venskap, rettferd, respekt og omsorg, vil det vere lite rom for mobbing.

Pedagogisk arbeid er utfordrande og komplisert.

Derfor treng vi lærarar som kan grunngi si undervisning og dei val som vert gjort; som er reflektert og sjølvstendige i yrkesrolla og er i stand til å arbeide i eit forpliktande samarbeid.

Utfordringar

Trass i at skulen er gjennomgåande av god kvalitet, med gode lærarar og rektorar som har stor omsorg for elevane sine, både fagleg og sosialt, så ser vi at skulen står overfor større og større utfordringar.

Mobbenivået er ikkje redusert.

Fråfallet av elevar i vidaregåande skule er uforandra.

Mange gutar lukkast ikkje i dagens skule.

Det er ein klar samanheng mellom kvaliteten på undervisninga i klasserommet og skuleeigars kompetanse på læring.

I sluttrapporten frå FoU prosjektet «Kom nærmare» år 2009 (Hvordan lykkes som skoleeier. Om kommunens arbeid for å betre elevens læringsresultater) er konklusjonen:

Skal skulen greie å innfri oppgåva si, må skuleeigar bli meir synleg i styring og utvikling av skulane.

Det gjeld å styrke oppfølgingskulturen, pedagogisk leiing og kompetansehevinga for lærarane.

Straff som motivasjon?

Vi treng ein skuleeigar som har kapasitet til å auke handlingsrommet til lærarar og rektor.

«Det handlar om å skape ein felles visjon; som er dei felles mål og verdiar, eller dei felles biletet av framtida som alle aktørane i skulen sluttar opp om. I dei skulane der framtidsvisjonen er delt og integrert, vil menneska skape og lære fordi dei har lyst.

Å skape ein felles visjon omfattar evna til å sjå dei felles bileta av framtida som fremmer ekte innsatsvilje og deltaking.» (Senge) Alt utviklingsarbeid i skulen, må ha som mål og grunngjeving å forbetre læringsarbeidet.

Eg forstår godt at kunnskapsministeren fortvilar når han tek i mot den nedslåande meldinga om årets elevgransking.

Han gir uttrykk for å lovfeste nye tiltak mot mobbing.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Han vil lovfeste kva skulane skal gjere når barn vert mobba, og gi dagbøter til kommunar som ikkje følgjer opp.

«Ingen skal kunne snu seg vekk og la vere å gripe inn», seier han.

Det er viktig med tydelege sanksjonar for å stoppe mobbinga.

Men, er vi der at kommunane må straffast for å setje i gong tiltak for å forhindre mobbing? Straff som motivasjon i arbeidet med skuleutvikling, er neppe i samsvar med Opplæringslova.