For oss i Møre og Romsdal SV er ein annan kamp minst like viktig: Kampen mot oljeboring på Mørebankane.

Bankene er ein del av Norskehavet, eit stort og rikt havområde med eit mangfald av verdfulle og sårbare ressursar.

I iveren etter å pumpe opp den siste olje vil sterke krefter starte oljeboring på Møreblokkene, midt i fødestova til silda, farleg nær fuglefjellet på Runde og ei kystlinje med store naturverdiar.

H/ Frp-regjeringa ser ut til å ønskje oljeselskapa velkomne.

Ap har ikkje sagt noko om vern av Mørebankane i kompromisset sitt i Lofoten.

Derimot har SV oljefrie Mørebankar som eitt av hovedkrava til ev regjeringsforhandlingar etter valet.

Oljealderen på hell

Kvifor er dette så viktig?

Klimaendringane utviklar seg i eit skremmande tempo.

Alle klimafaglege råd peikar på at store deler av verdas fossile ressursar må bli liggande dersom vi skal ha sjanse til å stanse dei mest dramatiske endringane. Då er det ikkje spesielt lurt å starte oljeboring i dei mest sårbare områda!

Alle som vil sjå, veit at oljealderen er på hell. Det betyr at samfunnsressursane må vriast frå store investeringar i oljeindustrien til satsing på dei nye, blågrøne næringane.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Omgrep som bioøkonomi og utnytting av det blå havrommet er no sentrale i talar og utgreiingar om kva vi skal leve av i framtida.

Skal dette bli meir enn fine ord, må vi gjere alt vi kan for å hindre at dette rommet vert ureina av utslepp frå oljeverksemda.

På lag med fiskarane

Det er ikkje alltid SV og fiskebåtreiarane har hatt felles interesser.

Når det gjeld oljeboring på Mørebankane, er vi heilt på linje både med dei og andre fiskeriorganisasjonar.

Det handlar om den økologiske balansen i havet, der eit lite uhell kan øydelegge heile økosystem.

Fiske etter sild, sei og andre artar har skapt arbeid og verdiar langs kysten i generasjonar.

Mørebankane er eit viktig fiskefelt for store deler av den norske fiskeflåten.

Og, medan LoVeSe er viktigaste gyteområdet for torsken, er Mørebankane fødestova til den norske vårgytande silda.

Dei er også eit viktig område for torsk, sei og hyse. I tillegg til ureiningsfaren handlar det også om arealkonfliktar mellom fisk og olje.

I tillegg til arbeidsplassar, vil havrommet vere avgjerande for å sikre mat til ei veksande befolkning i framtida. Verda spør etter meir sjømat, og gjennom satsing på forsking, produktutvikling og berekraftig forvalting vil denne næringa skaffe nye varige inntekter.

I tillegg til fisken er utnytting av «havets grønsaker» tang og tare til menneskemat, dyrefôr og kosmetikk mm er berre i startfasen.

I konflikt med turisme

Ei anna framtidsnæring er reiseliv. Enn så lenge er nok Lofoten meir kjent som reisemål enn Mørekysten, men det kan fort endre seg. Turistane kjem ikkje for å sjå plattformer og oljeskadde fuglar.

Dei kjem for å sjå den fantastiske naturen, fuglefjellet med lundefuglar og alle dei andre fugleartane i det største fuglefjellet i Sør-Noreg.

Sjøfuglane hentar mykje av næringa frå havet, og Mørebankane er definert som eit svært viktig område for sjøfugl som lunde, lomvi, havhest, krykkje, havsule og toppskarv.

I tillegg er sårbarheita for oljesøl størst for dei artane som ligg på overflaten eller dykkar etter næring.

Dykkarar kjem for å sjå ein havbotn med korallar, sjøplantar og eit yrande liv.

Korallar og botnsamfunn som svampar og tareskog på havbotnen kan og vere sårbare for petroleumsaktivitet.

Desse utgjer eit betydeleg biologisk mangfald, og dannar grunnlag for økosystem beståande av ei lang rekkje organismar, inkl fisk. Strandtypar som tangstrand, sandstrand, strandeng og våtmark er spesielt utsette for oljesøl.

Petroleumsfrie soner

Den samla belastninga på økosystema i norske havområde er omfattande.

Påverknad frå fiskeri, skipsfart, petroleum, klimaendringar, langtransportert ureining og ureining frå land/ kystsone og andre havområde er viktige faktorar.

Siste månaden har plastforsøplinga av havet vorte trekt fram som det raskast veksande problemet for livet i havet.

Norsk vårgytande sild er ein nøkkelart i økosystemet i Norskehavet.

Forvaltinga må sikre robuste bestandar og økosystem med evne til å tilpasse seg klimaendringar utan å kollapse, og petroleumsfrie soner er eit nødvendig verkemiddel for å bidra til dette.

Nokon trur ein kan omgå problemet med boring frå land.

Sjøv om nokre av arealkonfliktane vert mindre med ei slik løysing, er det ingen som har vist at det ikkje kan skje også med denne teknologien.

Store delar av Norskehavet er opna for petroleumsverksemd. Heldigvis er det enno ikkje oljeutvinning i dei aller mest sårbare områda.

Eit oljeutslepp på Mørebankane av same omfang som som skjedde nord for Australia ville dekke kjerneområda for sildegytinga.

Varig vern

Får SV det som vi vil, skal desse områda få status som permanent petroleumsfrie område.

Vi vil verne dei økologiske funksjonane i havet og den sårbare kystsona, sikre dei store fiskeriressursane og fremje utvikling av næringsaktivitet basert på fornybare ressursar.

SV får brei støtte frå miljørørsla, medan oljeindustrien ber om å få sleppe til. Difor er ei stemme til SV ei stemme til Mørebankane.

For – Mørebankane våre får dei aldri!

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.