Det har blitt sett søkelys på kvinneunderskotet i fylket, og det er stilt spørsmål om det eigentleg handlar om at vi har for mange dårlege menn. Ein ting må vi vere einige om: Møre og Romsdal treng alle som bur her.

Alle er per definisjon bra damer og menn. Samtidig må vi vere bevisst korleis historiske og kulturelle faktorar har skapt dagens Møre og Romsdal. Vi må også vere villig til å diskuterer kva som må til, for å fremme ei ønska samfunnsutvikling.

Arbeidsmarknaden og næringslivet i Møre og Romsdal speglar ein næringsstruktur prega av produksjonsnæringane. Historisk sett har dette ført til at kvinner av praktiske og økonomiske årsaker har hatt ei svakare tilknyting til arbeidslivet.

Kulturelt har dette i større grad forma lokalsamfunn og arbeids- og næringsliv for, og av menn.

Næringslivet i Møre og Romsdal vil også framover vere sterkt prega av industri, marin og maritim sektor. Noko som vil gi arbeidsplassar som framleis er meir attraktive for menn enn kvinner.

Møre og Romsdal er tent med lokalsamfunn og ein arbeidsmarknad prega av driv- og drakraft. Mangel på variasjon i arbeids- og næringsliv, kan hindre utviklinga i regionen og bidra til manglande blilyst, eit mindre konkurransedyktig arbeids- og næringsliv og aukande forskjellar i levekår og livskvalitet.

Eit anna trekk ved arbeidsmarknaden i Møre og Romsdal, er mangelen på kompetansearbeidsplassar. Få fylke har færre akademikarar enn Møre og Romsdal. Fleire kvinner enn menn tek høgare utdanning. Samtidig er utdannings- og arbeidsvala våre klart kjønnsdelt.

Konsekvensen kan vere at kommunane våre ikkje er eit reelt busettingsalternativ for dei med fullført høgare utdanning.

Kvinner har større mobilitet

Tilgang på relevant arbeid og ønske om vidare utdanning, er for mange avgjerande for om dei vel å flytte eller ikkje. Samtidig er menn meir stadbundne enn kvinner, mellom anna grunna ulik tilgang på arbeid. Dette fører til at kvinner har ein større mobilitet enn menn, sjølv om skilnadane mellom kjønna stadig blir mindre.

Kopla saman med næringsstruktur og arbeidsmarknad, gir dette til ei skeiv kjønns- og alderssamansetting i befolkninga i fylket.

Eit anna moment som vil påverke framtidig bustadval, er knytt til aldersgruppa 0-17 år.

Stadig færre av desse har røtene sine i distrikta. Denne strukturelle endringa vil sannsynlegvis få konsekvensar for komande generasjonars bustadval.

Skap konkurransefortrinn

Regionar, både nasjonalt og internasjonalt, som har lykkast i å fornye og vitalisere samfunn og næringsliv, har knytt kulturutvikling saman med breie strategiar for kompetansebygging, verdiskaping og regional utvikling. Kultursektoren skaper arbeidsplassar og skatteinntekter.

Kulturelle og kreative næringar har blitt ein viktig del av norsk økonomi, også i Møre og Romsdal.

Eit godt kulturliv er dessutan viktig for lokal identitet og trivsel.

Undersøkingar blant ungdom viser at dess høgare trivsel, jo større er trua på at dei vil bu i fylket om 10-15 år.

Kven er kulturbrukaren?

Svært mange brukar det kulturtilbodet vi har i fylket vårt. For dei fleste er det tilboda i heimkommunen som er viktigast, men mange brukar også tilbod utanfor eigen kommune.

Sjølv om kulturpendlinga går i ulike retningar, er tilboda i byane viktige trekkplaster for omlandet. Viktige brukargrupper av kulturtilboda i Møre og Romsdal, er dei med høgare utdanning, og kvinner.

Desse funna blir stadfesta av nasjonale tal, som viser at kvinner i større grad enn menn gjer bruk av dei fleste kulturtilboda, uansett utdanningsnivå. Vidare at dei med høg utdanning brukar kulturtilboda meir enn dei med låg utdanning, men at kulturbruken aukar mest blant dei med låg utdanning.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Tala viser også at foreldra sitt utdanningsnivå har betyding for barn si interesse for bruk av kulturtilbod.

Vi etterspør stadig nye kultur- og fritidstilbod. Føresetnadane for eit godt kulturtilbod i kommunane i Møre og Romsdal varierer. Fleirtalet av kommunane har både få innbyggjarar, og ingen større sentra med ein klar regional sentrumsfunksjon.

Desse strukturelle utfordringane kan motverkast med fleire kulturkroner. Analyser viser at det er ein sterk positiv samanheng mellom kommunale kulturkroner og kulturtilbod og bruk.

Norsk kulturindeks 2016 for Møre og Romsdal viser at det er få kommunar i Møre og Romsdal som prioriterer kultur høgare enn landsgjennomsnittet i dei kommunale budsjetta.

Det er med andre ord få kommunar som nyttar seg av høvet til å «kjøpe» seg bu- og blilyst.

Frivillig sektor i sterk endring

Frivillig sektor står sterkt i vårt fylke. Analyser viser at fleire kulturkroner ikkje fører til meir frivillig aktivitet. Ei mogleg forklaring til den negative samanhengen, kan vere at den frivillige aktiviteten i mange tilfelle fungerer som eit alternativ til den kommunale kulturadministrasjonen.

Samtidig er rammevilkåra for frivillig sektor i sterk endring.

Demografisk forskyving i alder, utdanningsnivå og endra kjøpekraft, påverkar kva type frivillig arbeid folk flest ønsker å bidra med. Det er også eit teikn i tida at mange helst vil vere frivillig i kortare periodar eller berre delta i enkeltprosjekt. Å arbeide for rammevilkåra for frivillig sektor vil bli stadig viktigare, då desse gjev tilbod om tilrettelagt aktivitet til store delar av befolkninga i fylket.

Sosiale aktivitetar byggjer identitet, samhald og bu- og blilyst.

Kultur som motor for regional utvikling

Dei strukturelle rammene for den vidare utviklinga av Møre og Romsdal skaper vi sjølv.

Kultur er eit viktig verkemiddel og ein motor for regional utvikling. Eit godt kulturtilbod gir driv- og drakraft for vidare utvikling av fylket.

Eit levande og variert kulturliv, vil skape samhald og trivsel, og gjere fylket rusta til å møte dei utfordringar og moglegheitene som står framfor oss.