Aud Farstad. Foto: Privat

Eg er glad i Noreg. Eg trur på ingen måte at nordmenn er betre eller verre enn andre folk i verda, men eg kjenner meg knytt til landet med tusen usynlege band.

Eg likar å reise i landet mitt. Når eg vitjar den vesle plassen Kjelvik i Sørfold kommune så blir eg imponert og audmjuk over den suverene kompetansen i bruk av natur og ressursar som forfedrane våre har hatt.

Det er òg ei glede å kjøpe lokal geitost og drikke ein kaffikopp i den nye butikken og kaféen på Lofoten gardsysteri.

På ein måte er det kjærleikssorg eg kjenner når eg oftare og oftare ikkje kan snakke norsk i mitt eige land. På svært mange hotell og spisestadar, campingplassar og butikkar landet over må ein snakke engelsk for å bli forstått. Eg har møtt det i Oslo og i Ålesund, på Senja, i Kabelvåg og i Hjørundfjorden – overalt der eg har reist i Noreg dei siste åra har eg møtt folk som ikkje snakkar norsk.

Det er ikkje snakk om utlendingar som snakkar med aksent, men utlendingar som ikkje forstår norsk i det heile og som – ofte – rett og slett ventar at du slår over til engelsk.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Eg undrar meg over at vi finn oss i det. I kva for anna land ville innbyggarane ha funne seg i å måtte snakke eit framandspråk for å gjere seg forstått i sitt eige land? Kva om franskmenn måtte slå over i engelsk for å få eit måltid? Eller engelskmenn måtte snakke russisk? Eller tyskarane italiensk? Det er utenkjeleg.

Kva for husmannsmentalitet er det i det norske folk som gjer at vi finn oss i noko slikt?

Nokre blir til og med flaue om dei ikkje snakkar godt nok engelsk for å kunne tinge seg ein rett på ein restaurant.

I sitt eige land. Har vi mista all form for stoltheit?

Farstad om ny fylkesmann: «Nok ein Fremskrittspartimann. Nok ein mann»

Tidlegare i år var eg i ein offentleg diskusjon om nynorsk. Det er ikkje ende på kor mykje drit ein får pøst ut over seg om ein kjempar for sitt eige språk som har lange, solide røter og er bygd på dialektane i landet. Men engelsk derimot er ikkje tema ein gong.

Men det er òg andre problem med alle dei mellombels tilsette utlendingane. Ein kan undre seg kva for informasjon gjestane på hotella får om Noreg når det berre er innleigd utanlandsk arbeidskraft på hotellet.

På mange overnattingsstader møter ein i tillegg utanlandske arbeidarar som bur på hotellet medan dei til dømes bygger skular i kommunar som strir med arbeidsløyse.

For meg er det eit tankekors at redselen for flyktningar er ei politisk kampsak medan styresmaktene samstundes slepp inn bakvegen alle slags til dels mafiainfiserte utleigebyrå som utkonkurrerer landets eigne arbeidstakarar.

Mot det siste kan ein bruke røysteretten. Eg for min del et eller overnattar eller handlar ikkje lenger ein stad der servitør eller resepsjonist eller ekspeditør ikkje forstår norsk. Det heiter forbrukarmakt.

Aud FarstadHistorikar

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.