Matprisane har stått nærast stille dei siste tjue åra, og alternative og betre betalte jobbar i sentrale strok har det ikkje skorta på.

Saman med ein landbrukspolitikk som har favorisert stordrift, samt samling av fiskekvotar i stadig færre hender, har dette bidrege til at kystbøndene har minka mest av alle.

Sentralisering og fråflytting har vore uunngåeleg.

Idyllar øydelagde

Det er vanskeleg å sjå på at resten av samfunnet seglar frå i materiell velstand når eigne inntekter relativt sett går ned.

Postkassefirma og spekulantar har difor ei lett oppgåve med å finne eigarar som vil ofre utmarka til industriføremål.

Bergverks-, vind- og vasskraftindustrien samt vegbygging er i ferd med å ete i seg landskapet.

Resultatet er at kystbuarane sin idylliske og fantastisk natur forsvinn. Og det skjer fort.

Førdefjorden

Langs Førdefjorden skal Engebøfjellet malast opp, blandast med kjemikaliar og dumpast i fjorden. Ved Håsteinen har Zephyr funne gunstige vindforhold og søkt om utbygging av vindturbinar, men søknaden er heldigvis førebels trekt attende.

Villmarka på Guleslettene skal vekk og erstattast med vegar og støyande vindturbinar.

På Årebrotet ryddar ein furuskogen i takt med at steinbrotet esar ut.

Jon Anders Stavang, styremedlem i Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane.

Over Dyrstad er eit heilt fjellplatå i ferd med å verte omdanna til eit fullindustrialisert månelandskap med vindturbinar og steinbrot.

Steinbrotet er ynskt utvida, og det vil medføre at Akslafjellet erstattast med eit enormt krater.

600 høgdemeter skal fjellet senkast, og steinen skal sendast ut i verda.

Fiskeridirektoratet er uroa for gyteplassane i Frøysjøen då fjellknusinga medfører mykje støv som kan dekke havbotnen ved utslepp.

Vindkraft-industrien

Vi kan følgje den vidare industrialiseringa av denne fjellvidda frå Hornelen – kystklippa som skal utstyrast med jarnstige og bli ein turistmagnet. På Bremangerlandet gjer vindindustrien seg klar til å overtake fjellviddene, det same i Vågsøy.

I realiteten er dei fleste øyane og kystfjella våre truga av vindkraftutbygging over tid. Den vedtekne fylkesplanen, laga av politikarar med styreverv i vindindustrien, legg opp til ei nedbygging av opptil 200 km2 kystnatur innan 2025.

Og umettelege kraftselskap legg stadig fleire bekkar og småelver i røyr. Dermed forsvinn dei kvite strengane i landskapet, og viktige biotopar for sjeldne og fuktkrevjande artar vert øydelagt.

Få arbeidsplassar

Skapar denne naturraseringa lokale arbeidsplassar? Nesten ikkje. Vindmøllene som skal opp på Guleslettene vert produsert i Danmark.

Det held med ei handfull personar for å drifte anlegget som har eit planområde på 34 km2. Men lokale entreprenørar får kanskje lage vegane i fjellet og ei kai eller to.

Så er det over. Anlegget som vert sterkt subsidiert av norske straumkundar vil sende eventuelle overskotskroner ut av landet dersom Zephyr AS lukkast med å få utlendingar til å finansiere utbygginga.

Men Europa treng fornybar energi. Klimaet er i endring grunna forbrenning av olje og kol som gjev utslepp av drivhusgassar.

Havvind-potensial

Alternative energikjelder må etablerast, og det hastar. Noreg kan bidra, men vi treng ikkje industrialisere fjella og øyene våre. Diverre har stagnerte fossil-politikarar trenert havvind-satsinga i Noreg.

Regjeringa tømde Statkraft i eit utbytteran (for å finansiere skattelette?), slik at energigiganten måtte trekke seg ut av Europas største havvindprosjekt. Samstundes vedtok politikarane industrialisering og nedbygging av vakre Fosenhalvøya i Trøndelag.

Sjølv om det er havvindressursane utanfor Norskekysten som har det største energipotensialet. Statoil ser dette. Dei har kjøpt seg inn i havvind. Stemninga i fossilselskapet er i ferd med å snu.

Havvind kan verte den nye oljen. Potensialet med synergiar mot ei veksande havbruksnæring synest openberre, men vert førebels ikkje teke tak i.

Havbruks-vekst

Langs kysten ynskjer politikarane ei femdobling av havbruksnæringa, og då vil det verte trongt om plassen i fjordane. Marine Harvest er verdas største aktør innan oppdrett og meiner det er for mykje oppdrettslaks langs kysten av Noreg med dagens produksjonsteknologi. Dei trekte seg ut av Sjømat Norge og melde seg inn i Norsk Industri etter at dei ikkje greidde å få med seg organisasjonen på å jobbe for ei berekraftig utvikling av havbruksnæringa.

Dei skriv: «Norsk Industri mener at næmingens omdømme må forbedres blant annet ved at fornektelser og bortforklaringer må erstattes av en proaktiv holdning. Sunn vekst er viktigere enn kortsiktige resultater og ensidig fokus på produksjonsvekst».

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Naturvernforbundet gler seg over dette og ser fram til eit konstruktivt samarbeid med Norsk Industri og miljøbevisste oppdrettarar. Resten av sjømatnæringa må komme etter.

Høgteknologiske lukka anlegg er vegen til framtida. Då kan ein ta hand om gjødselressursane, hindre røming og utslepp av legemiddel. Det vil og dempe arealkonfliktane.

Men soya-importen frå Brasil legg press på truga regnskog, og ei alternativ proteinkjelde til soya i fiskefôret må finnast.

Vekstideologi

I medisinen er evig vekst og spreiing ein svært alvorleg diagnose. I politikken og økonomien er det ein sterk ideologi. Men det er altfor mange som omtalar all vekst i positive ordelag utan å sjå på konsekvensane av veksten. For korkje kloden, land eller lokalsamfunn toler evig vekst. Vi må jobbe mot stabile samfunn – og rettesnora må vere berekraft i alle ledd.

Naturvernforbundet har fått lokallag i Flora, og vi skal bidra til at kysten også i framtida vert ein god og buande stad for folk, fisk, planter og dyr. Kystnaturen fortener ikkje å tape – igjen og igjen.