NEDTUR Nedturen i maritim næring etter fallet i oljeprisen har ført til fallande arbeidsinnvandring. Framleis er det likevel netto innvandring frå eit land som Polen, men no er det kvinnene som sørgjer for at det er positiv nettotilflytting til Møre og Romsdal. Arkivfoto: Johan Behrentz

NEDTUR Nedturen i maritim næring etter fallet i oljeprisen har ført til fallande arbeidsinnvandring. Framleis er det likevel netto innvandring frå eit land som Polen, men no er det kvinnene som sørgjer for at det er positiv nettotilflytting til Møre og Romsdal. Arkivfoto: Johan Behrentz

Folketalsutvikling i Møre og Romsdal:

«Meir flyktningar enn arbeidsinnvandrarar»

Utan innvandring ville Møre og Romsdal hatt nedgang i folketalet dei siste ti åra.

No ser vi at veksten i tilflytting frå utlandet har vorte lågare, og samansettinga i innvandrarbefolkninga har vorte meir mangfaldig.

I 2016 kom det for første gong fleire flyktningar enn arbeidsinnvandrar til Møre og Romsdal.

Innvandring legg ifølgje Distriktssenteret grunnlag for samfunnsutvikling.

Innvandrarane er med på å dekke arbeidslivet sitt behov for arbeidskraft, skape levedyktige lokalsamfunn og nytenking.

Lågare vekst i innvandringa

I januar 2017 budde det 29.271 innvandrarar og 3.553 norskfødde barn av innvandrarforeldre i fylket, til saman 32.824 personar.

Innvandrarbefolkninga auka med 1.334 personar i 2016, mot 1 911 personar året før.

Også nasjonalt gjekk innvandringa ned, og både i landet og Møre og Romsdal var veksten i innvandrarbefolkninga på 4 prosent i 2016.

Ingunn Bekken Sjåholm, ass. fylkesplansjef i Møre og Romsdal
            (Foto: M og R fylkeskommune)

Ingunn Bekken Sjåholm, ass. fylkesplansjef i Møre og RomsdalFoto: M og R fylkeskommune

 

Innvandrarbefolkninga utgjer 12 prosent av innbyggarane i fylket i 2017. Det er ein klar auke frå 2010, då var innvandrardelen 7 prosent i Møre og Romsdal.

Fylket har ein lågare del innvandrarar enn landet elles. I Noreg utgjorde innvandrarbefolkninga 11 prosent i 2010 og 17 prosent i 2017.

I 2016 var flytteoverskotet frå utlandet 1 670 personar, 314 personar lågare enn i 2015. I toppåret 2012 var nettoinnvandringa til fylket 3 096 personar.

Endring i innvandringsgrunn

Kombinasjonen av krisa i oljerelaterte næringar og migrasjon frå krigar i Midtausten, har endra innvandringsmønsteret til Møre og Romsdal dei siste to åra. I 2016 var det flest som innvandra til fylket som følge av flukt. Kommunane tok imot 975 flyktningar, det utgjer 37 prosent av innvandrarane.

Familie har også passert arbeid som innvandringsgrunn, 801 personar kom på familiegjenforeining og 644 kom som arbeidsinnvandrarar.

Arbeidsinnvandrarane stod dermed for 25 prosent av innvandringa i 2016 mot 55 prosent i 2010.

Størst auke frå Syria

Landsbakgrunnen til innvandrarane speglar i stor grad innvandringsgrunnen deira. I. januar 2017 var dei ti landa Møre og Romsdal har flest innvandrarar frå Polen (5.476 personar), Litauen (3.074), Tyskland (1.637), Eritrea (1.235),

Filippinane (1.157), Thailand (1.117), Romania (1.036), Syria (1.025), Latvia (954) og Somalia (815). Uroa i Midtausten og migrasjonen frå Syria gjer at Syria no er blant dei ti landa, mens Sverige ikkje lenger er det. Talet på innvandrarar frå Syria auka frå 445 personar i januar 2016 til 1 025 eitt år etter.

Kvinner aukar mest

Ved inngangen til 2017 bestod innvandrarbefolkninga (medrekna norskfødde med innvandrarforeldre) i Møre og Romsdal av 17.384 menn og 15 440 kvinner. Samanlikna med året før, er dette ein auke på 560 menn og 774 kvinner.

Kvinnene utgjorde 47 prosent av innvandrarbefolkninga i januar 2017, 0,5 prosentpoeng høgare enn i 2016. Fylket har om lag same kvinnedel blant innvandrarane som vi finn for landet totalt.

Flest innvandrarar finn vi i aldersgruppa 20 til 44 år. Denne gruppa, altså dei i yngre arbeidsfør alder, utgjer 53 prosent av innvandrarbefolkninga. Berre 3 prosent av innvandrarane er 67 år eller eldre.

Det bur no om lag 5.400 barn i alderen 0 til 12 år med innvandrarforeldre i Møre og Romsdal, det utgjer 17 prosent av innvandrarbefolkninga – og 13 prosent av alle barn i fylket i denne aldersgruppa.

Det er i gruppa 6 til 12 år at vi finn den største prosentvise veksten blant innvandrarane – med ein auke på 1 490 personar frå 2010 til 2017. Det er ein vekst på 122 prosent, altså meir enn ei dobling.

Stor mobilitet

Vi har ei utfordring i å halde på dei innvandrarane som kjem til fylket.

I 2016 flytta 698 personar med innvandrarbakgrunn til eit anna fylke. Dette utgjorde 60 prosent av det innanlandske flyttetapet.

Vi ser at nedturen i oljenæringa og ein strammare arbeidsmarknad no påverkar vår største innvandrargruppe – polakkane. I 2016 kom det 306 arbeidsinnvandrarar frå Polen til Møre og Romsdal. Same år utvandra 268 personar med polsk statsborgarskap frå fylket.

Det gir ei nettoflytting på 38 personar i 2016. Det er ei stor endring frå 2010, da kom det 743 innvandrarar frå Polen og nettoflyttinga var 236 personar. I 2016 er det kvinnene frå Polen som gjer at nettoflyttinga blir positiv – blant polske menn var det færre som innvandra enn som utvandra frå fylket.

Denne kronikken bygger på Møre og Romsdal fylkeskommune sin publikasjon Fylkesstatistikk 2017, som blir publisert tysdag 17. oktober.

Du kan laste den ned frå nettsida mrfylke.no/fylkesstatistikk.

I tillegg til kommunetal for innvandring, finn du her statistikk om utvikling i tal eldre, sysselsetting, pendling, næringsutvikling, forsking i Møre og Romsdal, elevar i den vidaregåande skolen, føreskriving av antibiotika, passasjertal på rutebilar, kunstnarar i fylket, felling av hjortevilt – og mykje meir.


Kommentar

«Flyttestraumen vi ikkje klarer å snu»

Framleis er det vekst i folketalet i Møre og Romsdal, men det er berre så vidt. I lang tid har vi hatt eit stort flyttetap av 20-åringar, og dette held fram.



Arbeidsinnvandrerne drar til Oslo, viser ny fylkesstatistikk

Tredobling av flyktninger

Tallet på asylsøkere og flyktninger i Møre og Romsdal er tredoblet i løpet av de siste seks årene.

 

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg. Ditt fulle navn må enten gå fram av epost-adressen eller oppgis som brukernavn/Facebook-profil

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 

Vi ser at nedturen i oljenæringa og ein strammare arbeidsmarknad no påverkar vår største innvandrargruppe

Leses nå