Øystein Peder Solevåg er dagleg leiar i Årim.
            (Foto: Kristin Støylen)

Øystein Peder Solevåg er dagleg leiar i Årim.Foto: Kristin Støylen

Kronikk:

«Alt du sorterer blir til noko nytt»

No innfører Årim ny kjeldesorteringsløysing. Innbyggjarane i Giske er først ut. Hensikta er å utnytte ressursane i avfallet best mogleg.

Endeleg, er det mange som har sagt til meg - på tide at vi får matsortering slik resten av landet har. Andre har stilt kritiske spørsmål og ønskjer svar. Det forstår eg godt, avfallsbehandling er blitt avansert og utviklinga går fort.

La meg ta maten først

Vi kastar altfor mykje mat. Halvparten av det som ligg i restavfallsdunken til folk flest er mat. ÅRIM og mange andre driv haldningsskapande arbeid for å få fleire til å spise maten dei kjøper. Likevel er det mykje matavfall, som havnar i bossdunken. No gjeld det å utnytte desse ressursane betre.

ÅRIM har som mål å levere fem tusen tonn matavfall til materialgjenvinning kvart år. ÅRIM spurte NTNU om å lage ein miljørekneskap som vurderer kva avfallsbehandling som utnyttar matavfallet best mogleg, altså korleis vi kan få mest mogleg ressursar ut av matavfallet.

NTNU rekna energiverdien om til kor mange hus du kan varme opp av fem tusen tonn matavfall. Dei seier at i eit forbrenningsanlegg får ein energi til å varme opp 140-210 bustader gjennom eit år.

NTNU rekna også på verdien ved å sende matavfallet til eit biogassanlegg som gjer matavfallet om til  biogass og biogjødsel. Her seier dei at ein slik behandlingsmetode vil gi drivstoff til ÅRIM sine renovasjonsbilar i nærare to år.

Men like viktig er det at vi får tatt ut næringsstoffa som er i matavfallet og ført desse tilbake til jordbruket gjennom å produsere biogjødsel. Matavfallet vårt gir næring til ein million brød i året! Fosfor, som er avgjerande for all matproduksjon, står på EU si liste over kritiske råvarer, ressursane i matavfallet er difor viktige å ta vare på.

Godt dokumentert av forskning

I dag leverer du dette til returpunkt som er plassert rundt om i kommunane. Ei god løysing, men ikkje god nok. ÅRIM finn like mykje glas- og metallemballasje i restavfallsdunken, som vi får inn på returpunkta våre.

ÅRIM har dei same måla for arbeidet vårt som Stortinget har vedteke: Avfall skal materialgjenvinnast framfor å energigjenvinnast. Med andre ord må vi kjeldesortere meir i staden for å levere alt til forbrenning. Dette er den beste måten å ivareta kvaliteten i materiala, og vi får brukt materiala på ny og på ny.

For miljøgevinsten er sjølvsagt grunnen til ny ordning. Om eg skal forklare miljønytten svært forenkla, så bruker vi ressursar på å hente, frakte og behandle avfallet. Men vi tar betre vare på ressursane ved å lage miljøvenleg biogass som erstattar diesel, og biogjødsel som erstattar kunstgjødsel. Desse gevinstane er godt dokumenterte, blant anna av Østfoldforskning. Du kan lese meir om dette på nettsida til ÅRIM.

Eg har lest ein del talmateriale som har vore presentert lokalt, mellom anna om auka energibruk ved behandling av matavfall. Med respekt å melde, så er dette direkte feil. Det er uheldig at «ekspertar» som ikkje kjenner innhaldet i planane forsøker å etablere sanningar basert på feil faktagrunnlag.

Vi får også spørsmål om økonomien

I dag betaler kvar abonnent i ÅRIM i snitt 48 kroner per veke i renovasjonsgebyr. Med den nye kjeldesorteringsordninga aukar gebyret til 51 kroner. Det er dessverre ikkje alltid slik at det miljømessig beste også er den billigaste løysinga.

Miljøgevinsten er hovudgrunnen til at politikarane i Ålesundregionen vedtok ny avfallsstrategi for hundre tusen innbyggjarar. Sortering av mat gjer at vi får meir ressursar ut av avfallet og vi lar ikkje viktige ressursar gå til spille. Vi er blant dei siste som skal starte matsortering, storparten av landet har gjort dette i årevis.

Vi forstår at det blir ein overgang i starten, og at det er litt å setje seg inn i. ÅRIM arbeider med å informere godt i forkant, slik at folk blir kjent med kva løysingar vi har for å leggje til rette for meir sortering.

Ja, det nyttar! Du gjer ein miljøinnsats når du kjeldesorterer. Med den nye ordninga gjer kvar og ein av oss ein litt større innsats for å ta vare på ressursane. Det vil vi alle vinne på.


Årim får kritikk for sortering av matavfall:

- Dette er direkte feil

- Det er uheldig at «ekspertar» forsøker å etablere sanningar basert på feil faktagrunnlag, seier dagleg leiar Øystein Peder Solevåg i Årim i ein kronikk sendt til Sunnmørsposten.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg. Ditt fulle navn må enten gå fram av epost-adressen eller oppgis som brukernavn/Facebook-profil

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 
Leses nå
 

Forsiden nå:

– Såpeglatt og livsfarlig:

– Glatte veger over alt

Flere biler har kjørt av vegen. På E39 ved Plantasjen har to biler kollidert, opplyser politiet.

Låveveggen tatt av stormen

– Det må ha danna seg ein ekstrem vind

– Det ser nesten ut som ein eksplosjon, seier Jan Arve Skåravik, som eig det tidlegare småbruket ved Vatnefjorden.

Fem går videre i Ungdommens musikkmesterskap

– Kjekt å se spillegleden

Fem unge klassiske musikere går direkte videre til det nasjonale mesterskapet i januar.