Det er to viktige overordna planverk HMR arbeidar med no. Den eine er den faglege utviklingsplan for 2019 – 2022 som handlar om status og utvikling av helsetenestene vi skal gi innbyggjarane framover.

Her går ein inn på demografisk utvikling, endringar i bruk av tenester, behov for endringar i tenestetilbod og økonomisk berekraft.

Den blir lagt fram for styret den 25. oktober og skal på ei seks vekers høyring.

Den andre er den bygningsmessig utviklingsplanen som skal seie noko om korleis bygg og infrastruktur må tilpassast den faglege utviklinga.

Dette planarbeidet er leia av Semco som har med seg ei arbeidsgruppe som består av tilsette og representantar frå tillitsvalde, verneteneste og brukarane i HMR.

Planen var at desse to arbeida skulle skje parallelt og leggast fram for styret 25.oktober, men i starten av oktober vurderte adm. dir. at arbeidet med den bygningsmessige utviklingsplanen måtte korrigerast av fleire årsaker. Forslaga var ikkje tilstrekkeleg avstemt med den faglege planen, nokre forslag var trekt for langt, tiltak måtte avstemmast mot økonomi og langtidsbudsjett og forankring og medverknad frå tilsette var ikkje tilstrekkeleg.

Det var altså to vesentlege forhold i rapporten som gjekk ut over mandatet; manglande forankring hos tilsette og at ein del av forslaga tok på forskot den faglege utviklingsplanen som skulle på høyring.

Avgjerda om at planen måtte avstemmast mot fagleg utviklingsplan og sikre betre forankring vart teken tysdag 10. oktober. Fredag 13. oktober like før kl 21 på kvelden publiserte Sunnmørsposten artikkelen basert på rapporten.

Då hadde avisa fått uttale frå ein politikar, men ikkje lagt fram saka for føretaksleiinga.

Saka var då lagt ut på nett og papirutgåva var sendt til trykk, utan faktasjekk.

Konsekvensen var at det blei spredt eit inntrykk internt og eksternt av at dette var eit arbeid som var sluttført og som skulle til styrebehandling i oktober.

Vi tek sjølvkritikk på at prosessen ikkje har vore god nok undervegs, og det var også ein av grunnen til at vi satt arbeidet på vent. Det er mange ulike arbeidsgrupper som arbeider med ulike plantema i HMR, heile året. Arbeidsformene varierer noko, og korleis ein kommuniserer omkring arbeidet som er under utvikling er ulikt. Dersom vi skal lukkast med utviklingsarbeid i HMR må vi ha opne og transparente prosessar, som er forankra hos våre tilsette.

For å hindre meir spekulasjonar har HMR valt å publisere den siste versjonen av arbeidsrapporten, slik at alle kan sjå kvar arbeidet og forslaga står pr. i dag.

HMR vil no saman med arbeidsgruppa og Semco evaluere prosessen slik den har vore frem til no, og justere arbeidet framover til endeleg rapport som skal ligge føre over nyttår.