Ei slik samanslåing som vart vedteken i Gulen i førre veke verkar kan hende også fornuftig.

Langt mindre fornuftig er derimot namnevalet til det samanslåtte storfylket, der fylkestingsrepresentantane ifølgje fylkesordførar Jenny Følling i Sogn og Fjordane «tok posisjon» og valte regionnamnet Vestlandet.

Namnesaka

«Det beste som oss Herren gav, er eit godt og roleg grannelag», heiter det seg i ordtaket. Og «sognogfjordingane» og hordalendingane er utvilsamt gode grannar både til Møre og Romsdal i nord og Rogaland i sør. I denne namnesaka har dei derimot tirra på seg grannane sine, ved beint ut å kuppe eit regionnamn som på alle vis både historisk og sett og ut frå dagsaktuell forståing dekkjer eit langt større område enn kva dei to fylkestinga som sette stemne i Gulen, rår over.

Det har difor kome sterke protestar både frå Møre og Romsdal og Rogaland, med god grunn.

Ingen likar jo å bli fråteken ein landsdelsidentitet.

No er det å nemne slik at det ikkje finst noko klar definisjon på kva Vestlandet i røynda er. Men at Vestlandet i dei fleste sin hug dekkjer langt meir enn dei to fylka Hordaland og Sogn og Fjordane, det er visst.

Med det er også frykta for eit identitetstap i høve namnetilknyting, naturleg nok ei reell kjensle. Lat oss her sjå til Møre og Romsdal, og i kva grad fylkesordførar Jon Aasen har rett i sin uttale om at namnevalet er mest som eit frekt ran å rekne, då det som han seier er slik at « … geografibøkene er alt skrivne, og der står det at Vestlandet består av fire fylke.»

Historie

Frå eldre tid var det ikkje noko som heitte «Vestlandet». Ser ein på dei historiske røtene til namnet, viser det seg likevel at ein utetter 1700-talet byrja nytte ulike variantar av omgrepet «det vestanfjelske Noreg» – men utan at dette var noko eksakt definert område.

I si vidgjetne sunnmørsskildring frå 1760-talet held til dømes Hans Strøm seg til ei todeling av landet i det nordafjelske og det sønnafjelske, der landet (i tråd med den tradisjonelle, folkelege 45-graders forvirringa i høve kompasset) vart delt i nord (altså vest) og sør (aust) for Langfjella. Utetter byrjinga av 1800-talet vart nemninga Vestlandet meir vanleg, men framleis ikkje avgrensa geografisk.

Sjølv Ivar Aasen var i villreie der han i si vidgjetne ordbok frå midten av 1800-talet definerte ein vestlending høvesvis ullent som ein «Indbygger af «Vestlandet», som her nærmest betegner den vestlige eller vestenfjeldske Deel af Norge».

Det som likevel er klart, er at mange av og til har lent seg på ymse eldre og yngre administrative grenser, når Vestlandet skal avgrensast. Mange nyttar t.d. mellomalderen sitt dekningsområdet til Gulatingslova som avgjerande for kva som høyrer til landsdelen i dag, der lovområdet etter kvart strekte seg til Sunnmøre i nord, medan Romsdal og Nordmøre låg under Frostatingslova, med kjerneområdet sitt i det einskilde no kallar for «Midt-Noreg.

Ei slik vinkling er heller ikkje noka «eksakt vitskap», då også Sunnmøre ei tid låg til Frostatingslova – og Romsdal under skiftande lovområde. Likeins låg Sunnmøre til Bergenhus stiftamt og Romsdal og Nordmøre til Nidaros stiftamt verdsleg og geistleg, sjølv om desse tre futedøma samla utgjorde eit eige amt heilt frå 1670-talet. Men også i så høve hadde ein til tider ei flytande grense. Det som likevel er klart, er at dette er avgrensingar knytt til ulike og skiftande administrative grenser, men der dei like viktige kulturelle og identitetsmessige grensene stort sett ikkje har teke omsyn til desse.

Identitet

I si vidaste tyding, har det dei siste par hundreåra vore vanleg å rekne dei fire fylka Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal til Vestlandet. Så lenge Vestlandet aldri har hatt ei klar avgrensing ut frå administrative grenser, har det like mykje vore identitet kjensler som ligg bak kva som har vorte rekna til landsdelen.

Med røter i administrative grenser, er det ingen tvil om at Sunnmøre historisk soknar til Vestlandet, om ein så vel lovområda frå mellomalderen, tilknytinga til Bergenhus stiftamt frå 1600-talet av eller den geistlege tilknytinga til Bjørgvin bispedøme, som målestav.

I og med at Sunnmøre også i dag utgjer halvdelen av Møre og Romsdal både i areal og folketal, må ein også ut frå dette «reknestykket» ha fullgod tiltru til utsegnene frå fylkesordføraren og at han har mynde til å uttale seg på vegner av fleirtalet i fylket.

For Nordmøre sin del soknar nok likevel truleg ein god del av identiteten til den moderne geografiske konstruksjonen «Midt-Noreg» i seinare år, både språkleg og kulturelt.

Men romsdalingane, kor står så dei? Romsdal har administrativt sett sokna meir mot Trondheim enn mot Bergen. Men ser ein på identiteten på dette såkalla «midtfylket» i Møre og Romsdal, som ifølgje eit sitat frå Bjørnstjerne Bjørnson var « … i sin Natur og sit Folk baade Bergenser og Thrønder», har også romsdalingane heilt klart i høve identitet rekna seg som vestlendingar.

Namnet skjemmer ingen

Som det heiter i bokverket «Vestlandets Historie», så korkje har eller er Vestlandet ei fast avgrensing. Derimot er Vestlandet ei eining som har skifta i innhald i høve kva som ligg til landsluten, alt etter kvar ein går inn på tidsaksen.

Nemninga «Vestlandet» fortonar seg med det på sett og vis meir som ein historisk prosess enn som ein fast og stabil avgrensa landsdel, men der også dette bokverket klart og tydeleg tek med Sunnmøre, og i all hovudsak også Romsdal, som ein del av Vestlandet, eller det nordvestlandske Noreg.

Og som nemnt; heile Møre og Romsdal er og har vore ein del av Vestlandet, sett ut frå kva som har vorte nytta som nemninga Vestlandet i si klart mest vanlege og vidast tyding både i høve landsdelsnamn og identiteten til innbyggjarane sjølve, dei siste par hundreåra.

Eit roleg grannelag

Likt med for Møre og Romsdal sin del, har Rogaland ei minst like sterk tilknyting til kva som har vorte definert som Vestlandet. Desse to fylka kan med all mogleg grunn, om ein så lenar seg mot lovområdet til Gulatingslova frå mellomalderen av, stiftsinndelinga eller bispedømegrensene, eller helst ut frå natur- og kulturgrunnlaget som er så kjenneteiknande for denne landsluten – sjølve identiteten som vestlending – i høgste grad føle at eit identitetsskapande namn har vorte tekne frå dei med vedtaket i Gulen for nokre dagar sidan.

Så gode grannar på det sentrale Vestlandet; ta til vit i høve denne namnesaka! «Je suis vestlending» – som eg som nordvestlending vil skrive på «godt nynorsk»!

Konservator ved Romsdalsmuseet, Mads Langnes. Foto: ERIK BIRKELAND