Annik Magerholm Fet, viserektor ved NTNU i Ålesund.

Eg har nett vore på

Verftskonferansen i Ålesund

. Søkelyset var sett på grøn innovasjon. Målet er å få til ei grøn omstilling i maritim sektor.

Føresetnadane for å få til det er absolutt til stades.

For det fyrste fordi det er brei internasjonal politisk semje om temaet. FNs 17 globale berekraftsmål set dagsorden og fleire av desse har klar adresse til skipsfart.

Tradisjonelt har driftskostnadar og drivstoff vore lengst framme i diskusjonen. Naturgass (LNG), hydrogen, elektrifisering eller nye system for framdrift, er tema for forsking. Hensikta er reduserte utslepp av klimagassar.

Korleis få transport på kjøl til å bli det mest klimavenlege valet?

For det andre fordi det er nasjonalt fokus på dette. Regjeringa la nyleg fram strategien sin for grøn konkurransekraft. Ein stadig strengare global klimapolitikk endrar rammene for norsk næringsliv.

Det same gjer ei stadig raskare teknologisk utvikling. Grøn konkurransekraft skal ruste Noreg til å gripe dei moglegheitene det grøne skiftet gjev.

For det tredje fordi vi veit å satse på forsking og utvikling. Når vi i NTNU vil bidra med kunnskap for ei betre verd, så er det eit fabelaktig meiningsfullt samfunnsoppdrag.

Mer fra Verftskonferansen:

Analysesjef tror bunnen er nådd for offshore  (for abonnenter)

2500 ansatte har mistet jobben i leverandørindustrien (for abonnenter)

NTNU har forska på miljø og berekraft i mange år. Forskargruppa Grøn Innovasjon og Forretningsmodellar (GIF) ved NTNU i Ålesund jobbar tett med kollegaer i Trondheim for å utvikle støtteverktøy ved verdival. Desse verktøya skal hjelpe næringa til å treffe dei rette grøne vala. Ved å sjå på materialbruk og produksjonsmetodar i heile livsløpet til skipet, kan ein rekne ut fotavtrykket på fleire miljøkategoriar, ikkje berre klima, men òg utslepp som bidrar til lokale forureiningar, forringa luftkvalitet og effekten av dette på livet i havet.

Dei same analysemetodane kan ein bruke hos leverandørar i Aust-Europa eller Asia, område der energimiksen i hovudsak kjem frå kolfyrte kraftverk. Desse reknestykka vil gje raude tal i den grøne rekneskapen for skipet. Skal vi få ei grøn omstilling, må desse reknestykka med. Grøn innovasjon betyr i si enklaste form å produsere med norsk energimiks.

For det fjerde fordi vi på Sunnmøre har eit næringsliv som er van med å omstille seg. Eit næringsliv som er offensivt, utolmodig og globalt retta.

Når grøn Innovasjon står på dagsorden under Verftskonferansen, så er det fordi reiarane, leiarane, eigarane og kapteinane står på brua og ser kva som kjem. Dei trivst best i førarsetet. Som leiar ved Noregs mest næringsnære Campus for eit NTNU i tett samarbeid med næringslivet, kjenner eg stor glede og motivasjon over å få jobbe for og med industrien.

Tal for heile NTNU fortel at i perioden mellom 2005 og 2015 var NTNU med i over 10.000 prosjekt i 1200 norske og 760 internasjonale selskap.

Nokre av desse prosjekta er rotfesta i Sunnmørsindustrien. 4. desember skal det 4-årige prosjektet Sustainable Ship Production (SUSPRO) halde sin sluttkonferanse ved Campus Ålesund, selskapa Ulstein Internasjonal, Fiskerstrand Verft og Pon Power er aktive partnarar. Målet er å vise korleis krav tidleg i designfasen til skipa sikrar berekraft over heile livsløpet.

Det EU-finansierte prosjektet Circular Oceans skal gi grøn innovasjon og næringsvekst i landa rundt Nord-Atlanteren. Ressursane er tapte fiskegarn og plastavfall frå havet.

I 2018 blir ein internasjonal konferanse knytt til dette lagt til Campus Ålesund.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Ny kunnskap skal ut i næringslivet for å bli delt og utvikla på tvers av bransjar. Forskarar og studentar ved NTNU er saman med næringa klare til å ta fatt i dei grøne utfordringane som verftskonferansen peikte på.

Gjennom forskar-gåvepakken på 20 millionar kroner frå Sparebanken Møre til NTNU i Ålesund, vil ein òg få høve til å kople det grøne til det økonomiske verdiskapingspotensialet.

Etter å ha vore på Verftskonferansen, vart det òg klart for meg at den maritime industrien har to store uutnytta potensial med tanke på kompetanse; kvinner og ungdom. Av dei vel 400 deltakarane i dress med smilerynker og grå stenk ved øyrene, var ca. 10 prosent kvinner.

Same veke som Verftskonferansen vart arrangert, sette både Dagens Næringsliv, Adresseavisen og Trønder-Avisa fokus på kvinner i næringslivet. På leiarplass i Adresseavisen 10. november stod det: «Flere kvinner gir bedre styring. (...) Mangfold når det kommer til kjønn, alder, bosted og faglig bakgrunn, øker sjansen for at styret tar kloke avgjørelser. Et ensartet styre kan framstå som gammeldags. Det kan være negativt for selskapets omdømme.

Ikke minst er det mer lønnsomt. Forskning tyder på at bedriftsstyrer med mangfold tjener mer penger. En slik gulrot burde få flere eiere til å se seg om etter dugelige kvinner … En undersøkelse viste at avkastningen til børsnoterte selskaper økte i takt med antall kvinner i styret».

For det femte: Kvinner er ofte meir villige til å ta miljøansvar både på eigne og samfunnets vegne.

Kanskje aukar sjansane for ein vellykka grøn innovasjon ved å ta omsyn til kjønns- og aldersbalanse?

I eit intervju i Aftenposten viser Norsk institutt for styremedlemmar til at snittalderen for eit styremedlem er like under 60 år.

Av dei 25 største selskapa i Trøndelag er 80 prosent utan eit styremedlem under 35 år. Situasjonen er nok ikkje veldig annleis i Møre og Romsdal. Ungdom er framtida og framtida er miljøvennleg og digital. Det ber bod om god draghjelp. Det grøne skiftet og verdiskaping avheng av dei små og stadige skritta som små og mellomstore verksemder tek. Det gjeld berre å ta hjelpa i bruk!

Annik Magerholm FetViserektor ved NTNU i Ålesund

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.