Møreaksen

«Verdiskapinga skusla bort?»

Det viktigaste med Møreaksen, E39 Molde-Ålesund, er å kople dei to største bu- og arbeidsmarknadane i fylket saman. Dette er nødvendig for at regionen skal ha kraft i seg til å konkurrere med større byar om verdiskaping, næringsbygging og tilflytting.

Reisetid Om traseen for E39 om Møreaksen blir lagt over Ørskogfjellet, vil mykje av verdiskapingspotensialet bli tapt på grunn av lengre reisetid mellom Molde og Ålesund, meiner Oddbjørn Vatne. Arkivbilde.   Foto: Staale Wattø

Oddbjørn Vatne.   Foto: Jan-Petter Albertsen

Møreaksen. K2- og K3-alternativa mellom Ålesund og Vik. Kart: Statens vegvesen 

Kronikk

Unge familiar med behov for to arbeidsplassar vel å busetje seg der arbeidsmarknaden gir gode jobbalternativ.

Nytteeffekten av Møreaksen har vore greidd ut av Viktor Normann og Torger Reve. Dei meiner at den er formidabel, frå 0,8 til 1,2 mrd. pr. år. Føresetnaden er å finne rette traseen slik at pendlartida mellom byane blir på maks. 45-60 minutt. Staten vegvesen har lagt fram si konseptvalutgreiing som går ut på å finne den beste traseen mellom Vik og Digernes. Konklusjonen er klar på at K3-alternativet med tunnel frå Tomrefjord til Fylling gir beste grunnlag for den nye store bu- og arbeidsmarknadsregionen. Denne traseen gir kortaste reisetid mellom byane.

Vegdirektoratet og Samferdselsdepartementet har slutta seg til dette.

Dette betyr at mellomliggande kommunar (Vestnes, Haram, Skodje, Ørskog) vert inneslutta i den nye bu- og arbeidsmarknadsregionen. Stranda, Nordal og Stordal vil ligge utanom denne bu- og arbeidsmarknadsregionen, noko som også vil vere tilfelle om ein trase (K2) over Ørskogfjellet vert valt. Ein trase over Ørskogfjellet vil skusle bort nytteeffekten av Møreaksen. Reisetida vil bli lengre og traseen vil danne ei «fysisk og mental sperre» for å ta ut nytteeffekten som Normann og Reve beskriv. Den fysiske sperra er stigninga på over 600 m (tilsvarande Strandafjellet). Den mentale sperra er usikkerheita som vintervêret skaper over fjellet.

E136 over Ørskogfjellet må utbetrast med krabbefelt, men vegen vil ikkje vere løysinga for ein E39 som skal skape største bu- og arbeidsmarknadsregionen mellom Bergen og Trondheim. Etter at Skodjebrua, Digerneskrysset og Stettetunnelen vart utbygd, fekk vi sjå verknaden av eit utvida bu- og arbeidsmarknadsområde. Resultatet vart stor nybygging i Skodje og Haram. Industri og service auka kraftig i dette området. Folketalsauken i området er formidabel. Norman og Reve peika på at dei bygdene som ligg mellom byane (Vestnes, Skodje, Haram og Ørskog, vil kome i ein svært gunstig posisjon gjennom utbygging av Møreaksen. Skal vi få maksimal utnytting, så må vegen leggjast gjennom det området som har størst tilflytting.

Ein må då velje ein trase frå Fylling som går nord for Skodje. Tunnelen frå Tomrefjord til Fylling må gjerne forlengast i høve til framlegget frå Statens vegvesen.

Frå Fylling må det planleggast ein firefeltsveg, men i første omgang berre byggjast ut med 2 felt. I staden for å ta tunnelen ut i Grindvika med ny bru til Digernesskiftet, kan vegen gå til Straumen og der koplast til det nybygde vegprosjektet over Skodjebrua og Digernesskiftet. Dette vil då også gi innsparingar. Trafikken som skal austover frå Ellingsøya, Haram, Sandøy og Skodje, vil då ikkje belaste Digerneskrysset. Fordelen med denne traseen vil også vere at den ikkje øydelegg bygdelag og framtidige buområde.

Ein trase gjennom Dragsundet vil skape store problem. I Dragsundet er det ikkje plass til kryss og vegen må då førast i bru over sundet. Evt kryss må leggast til Håhjem. Valle og Svorta må behalde gamlevegen som lokalveg. I tillegg må det planleggast 4 nye køyrebaner gjennom området. Prosjektet må leggast i strandsona og oppover. 6 felt gjennom området vil utradere mykje av bygdelaga. Sjølv ei førebels utbygging av berre 2 felt vil gje store inngrep, og planlegginga av 4 felt vil stoppe utviklinga. Dette gjeld dei bygdelaga som ligg nærast byen i austleg retning og som elles vil gi gode buområde om trafikken blir redusert. E39 nord for Skodje vil gjere at trafikken her går ned.

Det er no viktig at Molde og Ålesund svarer på høyringa og går inn for traseen som gir størst nytteeffekt. Det er Vik-Digernes som gir dei store innsparingane i reisetid. Nye Ålesund er ueinige, men Statens vegvesen bør rette opp igjen at dissensen til Haram mot Ørskogfjellet, vart ståande åleine. Ålesund slutta seg til denne dissensen og den har difor 5/6 av folketalet i nye kommunen bak seg.

Vi ser no at Møreaksen, av lokale politikarar, vert sett opp mot utbetring av E136 til Åndalsnes. Eg trur mange lenger sør over Vestlandet vil vere glade om politikarane her gir opp satsinga på Møreaksen. Der er store prosjekt lengre sør som gjerne vil kome først på prioriteringslista av E39 utbygginga.


LESARINNLEGG: Samferdsel

«Vi som sunnmøringar må ha større ambisjonar enn «flat veg» til Molde»

I desse tider handlar mykje om logistikkløysingar for framtida til Møre og Romsdal.