For mange år sidan kom saka og ideen opp i Vestlandsrådet om ein ferjefri E-39 frå Stavanger til Trondheim. Saka kom faktisk opp gjennom ein idé frå Iver Nordset på ein konferanse i Kristiansund.

Vestlandsrådet er eit samarbeidsorgan mellom fylka Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland, der fylkesordførarane skiftar på leiarskapet, og fire andre sentrale politikara frå kvart av fylka er medlem.

Eg har vore medlem i Vestlandsrådet dei tre siste periodane, også når saka om ferjefri E-39 vart teke fatt i og vedteke i rådet, fylkeskommunane og seinare også av fleire regjeringar.

Heile ideen bak ferjefri E-39 var å fjerne fjordane som flaskehalsar på grunn av utfordringane ferjene og fjordane gjev folk flest og næringslivet. Ein mengde utgreiingar har vore lansert, der kost/nytten av å bygge fjordkryssingane og fjerne ferjene på sambanda langs E-39 har kome fram.

I Møre og Romsdal vart tre fjordar utgreia: Storfjorden/Sulafjorden, Moldefjorden og Halsafjorden. Dagens samferdselsminister valde fjordkryssingane Hafast, Møreaksen og Halsafjordkryssinga.

Under heile denne prosessen, som gjekk over fleire valperiodar, var det fjordkryssingane som hadde fokus, med nødvendige vegarmar for å kople dette til E-39 på land.

Statsråden kom seinare med ei tilleggsbestilling om kartlegging av moglege traséval på land mellom dei ulike fjordkryssingane. Derimot har det aldri vore tvil om at det er fjordkryssingane som har fokus og prioritet, dei skal byggjast ut fyrst.

Fokus er flytta frå fjordkryssingane

I kronikk etter kronikk har temaet ferjefri E-39 vore oppe i våre regionale mediar.

Mange har meiningar om denne viktige saka, noko som er svært bra. Dette gjeld sjølvsagt også debatten kring forslaget Romsdalsaksen, som vi må respektere at mange arbeider for.

Per i dag er trasévala tekne i vårt fylke, og dei som arbeider for sine alternativ må få lov til å gjere det inntil prosjekta vert starta opp.

Derimot er det svært uheldig at fokuset kring ferjefri E-39 no er flytta frå fjordkryssingane, og til moglege "firefelts motorvegar" imellom prosjekta.

Det er ufatteleg for meg at dei som arbeider for Hafast og Halsafjordkryssinga no set pikkande stille i båten, medan debatten om å bruke meir en 10 milliardar på land i samband med Møreaksen får halde på for fullt. La det vere sagt, fjordkryssinga Møreaksen ligg inne i NTP, og skal byggjast slik det no ligg til grunn. Kostnadene er rekna til om lag 14 milliardar kroner, bestillinga er at desse kostnadane skal vidare ned.

For mykje Møllers tran

Eg har alltid hatt stor respekt for Oddbjørn Vatne, men no trur eg også han bør sette vekk "Møllers tran-flaska".

Kvar pengane til å bygge desse gigantprosjekta på land skal takast ifrå, må nokon snart fortelje meg. Nokon må også snart vakne opp, og sjå at dersom noko slikt skulle skje, ville det berre vere "smular igjen" til Hafast og Halsafjordkryssinga.

Og slutt å kome med tøvet om at dersom ein ikkje er aldeles taus og berre godtek alt, så risikerer ein at pengane ikring Møreaksen reiser andre stadar i landet.

Det som verkeleg er ein fare, er at "mykje vil ha meir", og såleis vert prosjekta totalt så store at nokon i finansdepartementet til slutt set foten ned.

Kanskje nokon bør tenke over det, når ein kjem daldrandes med milliard på milliard utover det som faktisk skal byggast, nemleg fjordkryssingane.

Eksportvegen

Og: kva blir bompengetakstane frå Ålesund til Trondheim eller Dombås, dette er det ingen som torer å kome med.

I fleire titals år har vi arbeidd for om lag to milliardar kroner til E-136 Romsdalen, som er eksportvegen vår inn og ut av Møre og Romsdal.

Dette er den viktigaste vegen for vårt næringsliv. Vi har kjempa og kjempa for desse midlane, som no endeleg er lagt inn i NTP av dagens regjering, men må løyvast i budsjetta framover.

Kven trur, ja eg gjentek, kven trur at det berre er å trylle fram 3-4 milliardar kroner i vegsystem forbi Molde og 7-10 milliardar kroner til vegsystem på land sør om Møreaksen?

Dei som trur dette, må snarast råd ringe meg så eg får "fasiten" på korleis dette skal gjerast.

Vi må ikkje no i iveren etter at "elefanten" berre veks og veks miste fullstendig gangsynet, og gløyme realitetane.

Dette er realiteten

Realiteten er at vi har mange andre prosjekt på vegane våre her i fylket som må utbetrast i dei neste tiåra, som til dømes prosjekt på E-136, E-39 og Riksveg 70, Borgundfjordtunellen, med meir.

Fjordkryssingane skal gjennomførast, men då er det fjordkryssingane som skal på plass først, så får ein ta ein skikkeleg drøfting på kva vegprosjekt som elles skal prioriterast framover her i fylket. For ikkje å snakke om pengar som må på plass til ferjedrifta vår og vedlikehald av vegane, her er behov for mange, mange milliard kroner dei neste åra.

K2 er klokkeklart

No står Møreaksen snart klar til bygging, og debatten gjelder kva vegen skal går nord og sør om sjølve fjordkryssinga.

Svaret er klokkeklart K2 over Ørskogfjellet.

Ser at Oddbjørn Vatne meiner dette området kan samanliknast med Strandafjellet, tja, då skal eg snarast invitere Oddbjørn på ein tur til Stranda. Det er tydelegvis svært lenge sidan han har vore inna fjorden :)

K2 over Ørskog bind i hop heile Sunnmøre og ikkje minst heilt nødvendig kopling mot E-136 Romsdalen. Alle andre alternativ er totalt urealistiske med tanke på heilt umoglege kostnadsnivå. Samt det kan få svært uheldige konsekvensar for dei andre fjordkryssingane, som trenger desse midlane for å kunne bli realisert. Vegsystem forbi Molde må på plass, men rimelegare.

Det går faktisk an å bruke "sunn fornuft" og velje K2 frå Vik til Skorgedalen, for brøkdelen av kostnaden til K3. Ein vil då hindre rasering av Tomrefjorden, Tomrafjellet, Svartløken og heile område.

Snike i køa

Fjordkryssingane ER ferjefri E-39.

Gigantiske vegprosjekt med firefelts motorvegar på vegsambanda mellom fjordkryssingane, er ikkje noko anna enn tidenes største forsøk på å "snike i køa". Det vil bety at andre prioriterte prosjekt som i tiår har stått på vent i resten av fylket, som E-136, E-39 og riksveg 70 samt ein haug med andre prosjekt, vil bli sett på enda lenger vent.

Les også: Tidlegare Skodje-ordførar (Frp): Velg Ørskogfjellet

Frank Sve (Frp). Foto: Jeff Gilbert