KRONIKK:

«Kven tente på Ålesundsbrannen?»

– Alt tyder på at brannen blei påsett, skriv Bjørn Jonson Dale i denne kronikken.

Satireteikning: Kunstmalar og teiknelærar, Knud Ekroll (fødd 1864) har skildra borgarskapet si rolle knytt til bybrannen på denne måten: Ti il venstre: Brannmester Solem gir ordre til brannfolka. Til høgre: P Th Sandborg i gul frakk i samtale med ein mann med parafinkanne. Mann med flosshatt er Sandborg sin svigerson sakførar Røe.  Foto: Ålesund museum

Kronikk

Det finst ein offisiell versjon av årsaka til den store bybrannen i 1904: Brannen tok til så å seie av seg sjølv, kanskje ved eit uhell. Den uoffisielle versjonen har vore kjent heile tida, men stort sett i munnleg form: Brannen var påsett.

Kjøpmann Peter Thomas Sandborg, ein av dei største i Ålesund, skal ha betalt Nicolai Birkevold 500 kroner for å sette fyr på Aalesund Preserving i Strandgata.


Ein tredje versjon

Den første versjonen blir slått i hel av den andre, men den andre blir på si side slått i hel av ein del omstende som eg skal gjøre greie for.

Alt tyder på at brannen blei påsett, men kanskje ikkje av Sandborg, eller i alle fall ikkje av Sandborg aleine.

Sandborg, som etter brannen på folkemunne blei heitande Brandborg, ser ikkje ut til å ha hatt økonomiske motiv for å starte ein brann i hermetikkfabrikken, men medaksjonærane hans kan ha hatt det. Det pussige er at ingen av desse vart skulda for brannen ...

Forfatter Bjørn Jonson Dale fra Ålesund  Foto: Staale Wattø

Eit anna moment som var med på å peike ut Sandborg som den skuldige, var at ikkje lenge etter at brannen starta i Skutvika tok det til å brenne i ei av Sandborg sine sjøbuer i Verpingsvika, vel 2 km unna ...

Ålesund 1904 fra fuglesjå

I 1904 var Ålesund enno inne i ei rivande utvikling som hadde pågått sidan 1840-åra. Folkemengda auka drastisk og byen var inne i ei veldig økonomisk modernisering: Industrialiseringa av alt som hadde med fiskerinæringa å gjøre.

Men all denne voksteren fann stad innanfor materielle strukturar som var eldgamle og hindra vidare utvikling.

Bygningsmassen i byen stamma nemleg i stor grad fra 1500- og 1600-talet. I tillegg til byen sine eigne, digre borgarsete (10-12 kring 1830), blei minst like mange flytta fra omlandet til byen fra 1830 og utetter, fra Gamlem, Søvika, Giske, Nørveneset, Tyskholmen, Fyllingen, Hareid og Kriksholmen og fleire. Dette utgjorde ein stor og gammal, ja, forelda bygningsmasse.

Stordelen av husa elles i byen stamma også fra bygdene, og fra eldgamle tider, for Sunnmøre hadde ikkje hatt tømmer sidan 1600-talet.

Slik sett var byen svært utidsmessig i 1904.

Så kom brannen og jamna det meste med jorda, og opp kom Norges mest moderne og, næringsmessig, mest funksjonelle by.

Bybrannen innebar ei full strukturrasjonalisering, til stor glede for mange, men aller mest for næringslivet.


 

Kven tente på brannen?

Brannen i 1904 var ei stor lukke for borgarskapet, kjøpmenn, handverkarar og industriføretakarar. Og sjølve gjenoppbygginga skapte og styrka ei lang rekke føretak. Og der byen før hadde vore gammal og rotete sto han fram som fager og framtidsretta etter at han var gjenoppbygd i 1907.

Men ikkje alle var nøgde, og tanken om at brannen var påsett slo snart rot. Mistanken om kven som sto bak var klar fra første stund: Sandborg, snart Brandborg.

Mange tapte på brannen, i alle høve relativt. Dette var dei som hadde hatt trehus i det stroket som fra 1904 hadde murtvang. Dei hadde ikkje råd til å bygge like store hus som dei hadde hatt før, og dette resulterte i såkalte mangelsgårdar, murhus som mangla ein etasje i høve til det som var lov å bygge.

Dei same folka undra seg storleg over at naboar kunne bygge større og finare hus enn dei hadde hatt før brannen, og som regel dreidde dette seg om folk av borgarskapet.

Norges Brandkasse, og andre?

Alle hus skulle vere trygda i Norges Brandkasse, og trygda blei rekna ut etter taksering. Eit trehus i Ålesund kunne ha ein branntakst på t.d. kr 20.000. Etter ein brann var det dette ein ville få utbetalt, men kor langt rakk 20.000 når det galdt å bygge eit murhus?

Stordelen av murhusa i det ålesundske murtvangsområdet ser ut til å ha kosta mykje meir enn branntaksten i Norges Brandkasse tilsa.

Korleis var dette råd? Var det snakk om pengar på kistebotnen eller..?

For nokre år sidan opplyste ein historikar med god kjennskap til Ålesund, at i 1903 opererte vel 20 utanlandske forsikringsagentar i byen.

Eg merka meg talet, men tenkte ikkje meir over det. No tenker eg: Kva hadde dei i Ålesund å gjere?

Ja, slike folk vil jo teikne forsikringar, kva elles?

Og dei gjorde vel dét. Det var kanskje ikkje ulovleg å dobbel-trygde eit hus, men å få utbetalt dobbelt etter t.d. ein brann var ulovleg.

Så kva kan ha skjedd? Alle huseigarar var trygda i Norges Brandkasse, men ein god del også i utanlandske trygdelag. Med den tids kommunikasjonar kan det heller ikkje ha vore vanskeleg å få utbetalt dobbel trygdesum.

Den tredje versjonen

På grunnlag av teikningane til kunstmalar og teiknelærar Knud Ekroll (fødd 1864), som tapte huset sitt i Kippervika under brannen, kan vi slutte at han såg brannen som resultat av eit komplott, sett i verk av byen sine styresmakter (magistrat, ordførar, brannsjef) i samarbeid med Sandborg, kjøpmannen med parafinspannet.

Problemet med denne soga er at Sandborg si rolle er overspelt: Ikkje berre hadde han sytt for å sette fyr på hermetikkfabrikken, men også på sjøbuene sine i Verpingsvika. Så dum kan ein ikkje tru at ein såpass vellukka kjøpmann som Sandborg kan ha vore ...

Dermed opnar dette perspektivet seg: Borgarskapet i Ålesund kan ha brukt Sandborg som syndebukk. Det var kanskje gode grunnar til å gjere dét, for Sandborg var den største fiskebåtreiaren i Ålesund, ja, i Norge, og han hadde hand om svært mykje av torskeråstoffet som blei brakt i land.

Han var i ferd med å skvise ut gamle og veletablerte føretak i det ålesundske handelslivet.

Slutning

Det gikk ad undas med Sandborgføretaket etter 1904, det tok nokre tiår, men så var det ute av soga, og det gikk ad undas med familien Sandborg.

På så mange vis. Det skal gode skuldrar å bere slike skuldingar i lange tider, og familien «Brandborg» makta ikkje børa.

Så dette meiner eg no: Borgarskapet i Ålesund planla og gjennomførte Ålesundsbrannen samtidig som dei sytte for at Sandborg fekk skulda.

Post scriptum:

Birkevold blei sett springande vekk fra branntomta; kven hadde gitt han 500 kroner for å fortelle at Sandborg sto bak?