Etter å ha lese Bjørn Jonson Dale sin kronikk i Sunnmørsposten 19. januar om bybrannen i Ålesund er det nærast ei lette å få vite at han ikkje er faghistorikar av utdanning, for maken til elendig kjeldekritikk og lemfeldig omgang med fakta!

Aud Farstad

Her er det slarv og generaliseringar over ein lav sko.

Hadde det ikkje vore for at Dale har fått store historiefaglege oppgåver gjennom åra, hadde dette ikkje vore verd å svare på ein gong. I grunnen er det uverdig av ei avis å fylgje opp dette tøvet i fleire store, dårleg underbygde, oppslag.

Dale sin påstand er ikkje mindre enn at: «Borgarskapet i Ålesund planla og gjennomførte Ålesundsbrannen samtidig som dei sytte for at Sandborg fekk skulda.» (Kvifor ikkje i same rennet påstå at det var jødane som fekk i oppgåve å gjennomførte det?) Kva for prov har Dale på denne fantastiske påstanden?

Jau, at «ein historikar» skal «ein gong» ha sagt at det i åra før brannen var fleire utanlandske forsikringsagentar i byen.

Då – meiner Dale – kunne «borgarskapet» ha nytta høve til å overforsikre husa sine. Kva tid agentane var i byen, kven dei var og om nokon i det heile teikna forsikringar, det veit han ikkje. Å vere ein del av borgarskapet er mistenkjeleg i seg sjølv for Dale, ser det ut til. Dei var visstnok alle av same ulla og hadde same interesser.

Til dømes må byfut Anton Rønneberg, som var ein konservativ høgremann, ha slått seg saman med venstremann og ordførar Henrik Frisak og gjort avtale om å tenne på byen for å få forsikringssummen for hus som det ikkje finst prov for at dei overforsikra.

Eg ser for meg korleis heile borgarskapet ei sein natt luska i løynd gjennom byen med sigarane i lomma og flosshatten på hovudet og stimla saman på Schieldrops hotell for å pønske ut dette komplottet. Brått kom ein av dei på at det ville vore lurt å legge skulda på Sandborg og då ropte dei andre hurra og svinga med flosshatten.

Dette «borgarskapet» skulle altså risikere liv og helse til familien sin og alle dei kjende i eit så usikkert prosjekt? Og ingen fortalde det til nokon og ingen andre oppdaga det?

Tenk at eit museum tek vare på originalteikningar under trygge tilhøve i safen! Har du høyrt på maken!

Teikningane er både artige og interessante kjelder for korleis praten gjekk i byen etter brannen, men dei er ikkje prov på noko som helst. Skulle ein teiknar i dag illustrere alt slarvet som til ei kvar tid sveipar gjennom den vesle byen, skal ho sanneleg få nok å gjere!

Ville vi godteke slike teikningar frå ein enkeltperson som seriøse kjelder til kva som verkeleg har hendt?

For sjølv om det ikkje var mykje tømmer på Sunnmøre, så kunne ein kjøpe tømmer og tremateriale frå mange andre stader i Noreg. Dei var ikkje heilt tapt bak ei vogn, forfedrane våre!

At folk etter brannen ikkje førte opp store hus på grunn av mangel på pengar, er heller ikkje rett. Dei bygde stort sett så høgt som dei fekk lov til etter brannføresegnene – tre og ei halv etasje. Det var berre eitt enkelt hus som vart kalla mangelgården.

Det låg på St. Olavs Plass. Elles fortalde både murmeistrar og arkitektar om kor vanskeleg det var å få pengane sine frå byggherrane – òg frå dei med store ressursar – så dei såg i alle fall ikkje snurten av dei mange forsikringspengane.

Ålesund hadde òg «flaks» at byen skulle opp att rett etter eit enormt krakk i byggebransjen i Oslo og dei større byane. Det kom arbeidslause handverkarar og arbeidarar frå heile landet og var billeg arbeidskraft under oppattbygginga. Dette står det ein heil del om i Helga Tvinnereim si bok «Arkitektur i Ålesund 1904- 1907».

Ei slik katastrofe som bybrannen var, gav sjølvsagt opphav til ein rykteflaum mellom dei som var ramma. Det er klart at nokon fekk skulda (jødane eller borgarskapet til dømes). Slik er det ved alle store katastrofar. Det er menneskeleg. Derimot er det forkasteleg av dei som vil kalle seg historikarar å sjølve vere opphav til slikt slarv.

Det vil ikkje seie at det ikkje er verd å prøve og granske nærare kva som hende den januarnatta i 1904. Det har ingen gjort grundig til no.

I rykte kan det sjølvsagt òg gøyme seg sanning. Det er ikkje merkeleg at folk snakka om forsikringssvindel. Tidspunktet i veka og klokkeslettet på natta – over midnatt ei helg – kan gje grunn til mistanke.

Byen under ild og aske». Lausarbeidar Nikolai Birkevold vart dregen for retten av di han hadde sagt til andre at Sandborg hadde gjeve han tilbod om pengar dersom han ville tenne på fabrikken. Retten fann skuldingane ikkje prova, og slik enda saka. Ein mann, maskinist Ingvald Andreassen, vart rett nok dømt til bot for uforsiktig omgang med eld, men det var for tilhøve på fabrikken før brannen.

I september 1904 klaga grosserar Sandborg Nikolai Birkevold for forlikskommisjonen og Birkevold måtte ut med ei fråsegn der han medgav at han hadde fare med usannferdige påstandar og «skammelige og i høieste Grad ærekrænkende Udtalelser om P. Th. Sandborg».

Skammelege og ærekrenkjande utsegner kan ein òg kome med om fortidas menneske.