Ingrid er fem år og går i barnehage. No leikar ho i familiekroken med Anna, også fem år. Nora på fire vil også vere med i leiken. «Ikkje kom hit, seier Ingrid. «Du får ikkje leike med oss, du er dum!» Anna, som er i full gang med middagsmaten, stemmer i: «Nei, du får ikkje lov å leike med oss». Nora står med tårer i augo og ser på at Anna og Ingrid leikar.

Er dette mobbing? Kan førskulebarn mobbe?

Fleire internasjonale og nasjonale studiar konkluderer med at det skjer mobbing i barnehagen. Ein forskingsrapport frå Universitet i Agder viser at eitt til to barn i kvar barnehage vert mobba. Dette kan forskarane hevde fordi handlingane samsvarar med ulike definisjonar på mobbing.

Definisjonar

Ein definisjon særleg utvikla for barnehagen fortel at mobbing av barn i barnehagen er handlingar frå vaksne og/eller andre barn som krenkjer barnet si oppleving av å høyre til og vere verdfull for fellesskapet.

Mobbing vert vidare sett på som ein ubalanse i maktrelasjonar mellom offer og den som mobbar, der offeret har vanskar med å forsvare seg mot negative handlingar mot seg. Mobbing vert også sett på som medvitne handlingar med mål å skade andre.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Refleksjonsnivå

Det som skil mobbing frå andre uønskte handlingar, er at ved mobbing er intensjonen å krenkje andre menneske. Det ligg såleis nokså avanserte refleksjonar bak mobbinga. Og evnar førskuleborn å reflektere på dette nivået? Det framstår ikkje umiddelbart som opplagt.

Rammeplan for barnehagen (sett i kraft frå 1. august 2017) set mobbing på dagsorden og fortel at barnehagen skal førebyggje, stoppe og følgje opp diskriminering, utestenging, mobbing, krenkingar og uheldige samspelsmønster.

Men kan vi kalle små barns handlingar for mobbing? Barna i barnehagen er små. Nokre har fylt seks år siste våren før skulestart, men dei fleste er fem år og yngre. Er dei medvitne kva konsekvensar handlingane deira har for andre barn? Veit vi om intensjonen er å krenkje andre? Eller er det noko vi trur?

Kreativitet

Forsking og erfaring frå barnehagen fortel oss at dei yngste barna kan bite og dytte kvarandre. Vi veit også at slike handlingar er naturlege og at fysiske handlingar toppar seg i to-tre-årsalderen. Åtferda samsvarar med fysiske negative handlingar i definisjonar av mobbing. Barna utfører slike negative handlingar ganske systematisk ein periode, altså gjentekne gonger. Barn og vaksne som vert utsette for dette, kan oppleve seg krenkte.

Barn som leikar saman, kan finne på å stengje ute andre barn av grunnar som vaksne kan verte svært overraska over. Fleire studiar viser også at barnehagebarn fornærmar andre, dei kan lyge og kan manipulere med reglar, til dømes i regelleikar eller ulike former for spel.

Dette handlar om negative, uønskte og ofte usynlege handlingar. Men når vi til dømes opplever at barnehagebarn lyg, kan det tvert imot handle om barns fantasi og kreative evner?

Å prøve ut fantasifulle forteljingar på andre barn og vaksne kan vere ein del av barns naturlege utvikling. Dette gjeld også å manipulere reglane i leik og spel. Meir eller mindre medvite prøver barna så godt dei kan å «lure» andre barn og vaksne. Denne framferda samsvarar med ulike definisjonar som fagfolk har utvikla om mobbing? Men er det mobbing?

Les flere kronikker på smp.no!

Ekskludering

Mange pedagogiske leiarar vegrar seg heldigvis for å nytte omgrepet mobbing på barns uønskte handlingar. Ein pedagogisk leiar i ein barnehage i Oslo, Birgitte Fjørtoft, fortel til Utdanningsnytt.no at ho er usikker på om det er rett omgrep. Ho registrerer at mobbing i all hovudsak skjer gjennom ekskludering frå leik. Ho spør kvifor vi ikkje berre kan kalle det ekskludering frå leik.

Fjørtoft peikar på noko sentralt når ho legg til at «mobbebegrepet er et veldig statisk begrep, har en først fått definisjonen mobber eller mobbeoffer, tror jeg det kan være vanskelig å fri seg fra det. Og jeg tror at vi, gjennom å bruke begrepet «ekskludering i lek» styrker barnehagelærernes egen tro på at de har det som trengs for å arbeide systematisk med problemet». Pål Roland, dosent ved Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforskning, UiS, nyttar omgrepet mobbeåtferd, i staden for å kalle barn for mobbarar.

Risikabelt

Vi kjenner frå forsking og media den store skaden mobbing påfører barn, og som i verste fall kan prege dei for livet. Når barn i barnehagen vert stigmatiserte, kan dette også følgje dei vidare i livet. Så dette er handlingar som må takast på største alvor. I barnehagen handlar det først og fremst om å hindre slike uønskte handlingar, slik også rammeplanen framhevar.

Ein studie av finske barnehagar viser at dei i så måte nyttar tiltak som «time-out», «straffebenk» og «å isolere barnet» frå andre barn. Men tiltaka viser seg å ha risikable konsekvensar for barns velvære. Det viser seg at å straffe små barn ikkje på sikt gjer slutt på uønskt åtferd, men kan i verste fall framkalle slik åtferd.

Personalet og foreldra

Tilsette i barnehagen og føresette har eit ansvar for å hjelpe born med å finne alternative måtar å oppføre seg på når dei hamnar i utfordrande situasjonar. Ikkje minst handlar dette om samarbeid mellom dei tilsette i barnehagen og føresette. Det handlar om å finne gode løysingar. Dei vaksne sine møte med og tilbakemeldingar om uønskte handlingar spelar her ei nøkkelrolle. For barn er det viktig å ha vaksne rollemodellar som lærer dei sosiale ferdigheiter som empati, deltaking, inkludering og å ta omsyn til og å vere omsorgsfull over for andre barn og vaksne. I barnehagen er det såleis viktig med vaksne som er nærverande, forstår barn og som deltek i barns kvardag.

Samspel

Det handlar om å «tone seg inn» på barnet og gjennom tidleg innsats førebyggje uønskte handlingar. Dette handlar om kunnskap om små barn si utvikling, og kunnskap om korleis ein skal førebyggje og meistre slike handlingar.

Små barn utviklar seg i samspel med andre barn og vaksne og i samspel med omgjevnadene. Det er i dette samspelet dei lærer normer og reglar for korleis dei skal oppføre seg og ta vare på kvarandre og samfunnet rundt seg.

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Bente Vatne Dosent, Institutt for pedagogikk ved Høgskulen i Volda Foto: priv