Kyrkjegarden var forbunde med identitet der slekta låg gravlagt. Å hauglegge folk ved ættegardar vart ulovleg og medførte bøter.

Kyrkjegardane vart inngjerda for å markere skilje mellom vigsla og ikkje vigsla jord. Denne artikkelen handlar om tida frå midten av 1800-talet til midten av 1900-talet, då gravferdsskikkane endra seg svært mykje frå at alt var i privat regi til det vart meir som ei samfunnsoppgåve.

Gravlegging under kyrkjegolvet

Den gjævaste plassen å verte gravlagd var på sørsida og nær kyrkja under takdryppet. Det var gjerne geistlege og framståande menn som vart gravlagd der, medan husmenn kunne verte gravlagde på nordsida av kyrkja eller ved utkanten av kyrkjegarden.

På 1600-talet kom dei ei ordning som gjorde at dei rikaste kunne kjøpe seg grav inne i kyrkja under kyrkjegolvet. Dette var ofte geistlege og andre med høg status. I 1805 vart det ved lov forbode å gravlegge menneske under kyrkjegolvet. I byrjinga på 1970-talet vart det i Giske kyrkje funne over 30 personar som var gravlagd under kyrkjegolvet. Det vart også funne tre barnegraver.

Gravarlag

Somme stadar kom det fyrst gravar på 1900-talet. I fleire bygder var det organiserte private gravarlag.

Nokre menn drog i veg før dei andre på gravferdsdagen, slik at grava stod ferdig når gravferdsfylgjet kom. Når fylgjet kom til eit visst punkt nær kyrkja, ringde kyrkjeklokka. I Dalsfjord måtte dei endåtil bruke steinbukk for å få opp grava.

Det kunne vere svært vanskeleg å grave når jorda var frosen. Det kunne også vere vanskeleg å frakte kista vinterstid. Vinteren 1857 var der ei gravferd frå Kalvatn i Austefjorden der dei drog kista etter seg på snøen. Det tok to dagar før dei kom til Volda og fekk grave opp grava.

Når folk som budde på fjellgardar ved Storfjorden døydde, kunne det vere svært vanskeleg å få kista ned til sjøen på grunn av isblank holkeføre og snø. Kristofa Glomset fortalde at dei som grov fekk med seg mat frå gravferdsheimen.

Somme stadar var det berre menn som vart med til kyrkjegarden. På Skodje vart det lenge brukt lastebil for å frakte kista til kyrkjegarden og folk sat på lasteplanet på veg til kyrkja.

Jordpåkasting

I 1885 laga Erik Werenskiold målarstykke En bondebegravelse. Det viser eit lite fylgje som står ved ei grav. Gravferdsfylgje har ikkje vore inne i kyrkja. Presten var ikkje med på gravferdene, men hadde jordpåkasting ein sundag etter preika.

Ole Ullahammer frå Haramsøya fortalde at i hans barndom og ungdomstid var ikkje presten med i gravferder. Dersom dødsfallet var om vinteren, så føregjekk den vesle seremonien i den største stova i huset. Om sommaren viss det var lagleg ver, hadde dei pårørande seremonien ute på tunet.

Høgtida med utsynging av liket frå heimen var den store avskilsstunda mellom den døde og garden, ætta og grannelaget. Det vart brukt opphakka einer både på stovegolv og tun for å syne den døde den siste ære.

Likhalmen vart brent. Det var viktig korleis røyken steig. Dersom røyken steig rett til vêrs var det eit teikn på at vedkommande hadde det godt i den andre verda. Bålet av likhalmen var ei melding om at livet var slutt.

Gravstokk

Den døde vart ikkje «jorda» med det same. Dei som grov grava ordna det slik at det stod ein stokk ned gjennom jorda og ned på kistelokket, og når dei drog den opp att, så kunne presten tøme dei tre spadane med jord ned gjennom dette holet. På Sunnmøre vart det nytta eit rør som vart sett opp på kista. Ein tok fire fjøler og slo dei saman til eit rør som vart sett opp på kista.

Desse røyra vart kalla gravstokk eller gravpiper.

Jordfestinga var viktig for at den døde ikkje skulle gå igjen.

Jordpåkasting sikra den døde oppstode. I 1888 var det ein stor debatt om innføring av krematorium i Norge. Kremasjon vart lovleg i 1898. Ålesund fekk krematorium i 1956.

Gravsteinar

På Sunnmøre kjenner vi 11 gravsteinar frå mellomalderen, og 10 av dei er teke vare på. Alle er liggande og er kisteforma. Dei smalnar mot fotenden.

Tre av steinane ligg ved Giske kyrkje og to ved Haram gamle kyrkjegard. Vi finn også tre gravsteinar ved Borgund kyrkje og ein ved Sykkylven kyrkje.

Den meste særmerkte gravsteinen er ved Giske kyrkje og vert kalla «Skjønn Valborgs grav». Segna fortel om kjærasteparet Valborg og Axel som ikkje kunne få kvarandre. Dei vart gravlagde på kvar si side av Giske kyrkje.

Valborg sin gravstein er av marmor som resten av kyrkja. Det vaks opp eit tre på kvar av gravene, då trea nådde over taket på kyrkja knytte greinene seg saman. Slik fekk dei kvarandre likevel. Presten Hans Strøm fortalde at det eine treet stod der framleis i 1750- åra.

På 1700 og 1800-talet var det berre dei av høgare lag av samfunnet som hadde gravminne. På 1800- talet vart det populært med gravminne av støypejern. Dei fattige hadde berre eit trekors som vart øydelagt etter få år. Det har vore hevda at i døden er vi alle like, men skilnaden mellom fattig og rik synte seg igjen på gravminne. Det var fyrst på 1900-talet at det vart produsert gravsteinar for folk flest.

Til bygginga av Ålesund etter brannen i 1904 vart det brukt Visnesmarmor frå Eide. Steinhoggar Iver Rasmussen Eide (1874–1951) leverte stein til oppbygginga av byen. Seinare starta han med å levere gravsteinar til ulike delar av landet.

Gravøl

Etter ei gravferd samlast dei pårørande til minnesamvær, eller gravøl, som det vert kalla.

Ole Ullahammer fortalde at ved nonstider på gravferdsdagen hadde dei gravøl. Nemninga gravøl er eldgamal. Dei hadde ikkje øl eller rusdrikk. Folk samlast til eit godt måltid mat og prat. Det låg ei stemning av vemod over minnestunda. Men for borna var det den gode maten og praten som gjorde det slik at «sorgen og gleden de vandrer til hope».

I nokre gravferder vart det også servert øl. Kristofa Glomset fortalde at på Skodje hadde dei minnestunda den søndagen det var jordfesting. Då samlast huslyden, slekt og grannar i ei stor stove. Dei som hadde små hus sjølve, nytta skulehuset når det var ledig. Det vart då servert kaffi og bakarvarer. Brennsnut vart også servert i minnestunder.

Døden var i gamle dagar ein meir naturleg del av dagleglivet enn i dag.