No nærmar Ålesund og Sula seg ferdigstilling av ei utgreiing om felles løysing. Dette utgreiingsarbeidet – basert på politiske vedtak – går føre seg i administrasjonane i dei to kommunane, med hjelp frå ulike eksterne ekspertar og fagmiljø. Denne utgreiinga skal så til politisk behandling og vedtak i begge kommunane.

Avgjerande for helsa

Det er for tida aksjonar på sosiale medium og innlegg i avisene om felles reinseanlegg. Det er derfor viktig for oss i kommuneadministrasjonen å løfte fram kunnskap og fakta i saka. Tida er inne for å finne gode løysingar til beste for fjord og miljø.

Reinsing av kloakk – i dette tilfellet kommunalt avløpsvatn frå tettstaden Ålesund – er avgjerande for helsa og miljøtilstanden til fjordane. Reinsing er lovpålagt, og for Sula sin del med ein frist sett til 31.12.2015. Sula kommune har ikkje makta å møte kravet hittil.

Motiva for å betre eller verne om god miljøtilstand for fjordane våre er på mange måtar sjølvsagde. Fjordane er heim for fisk, fugl og anna dyreliv, samtidig som dei er verdifulle rekreasjonsområde. Vi hentar mat frå fjorden, vi seglar, padlar, dykkar og badar langs strendene.

Ulik «fjordhelse»

Fjordane mellom Ålesund og nordsida av Sula har eit felles kjenneteikn, nemleg at dei ikkje har god miljøtilstand. Årsakene til dette er samansette men kan forenkla forklarast med at både kommunane og næringslivet gjennom mange tiår har brukt desse fjordane som resipient utan gode nok reinsetiltak.

Fjordane sør for Sula har god miljøtilstand. Det har også sine forklaringar. I tillegg til at belastinga frå menneskeskapt aktivitet har vore mindre, er også dei naturlege føresetnadane for å ta imot næringsstoff større. Storfjorden og Sulafjorden er langt større i areal, langt djupare og har god vassutskifting.

Av «Vann-nett» går det fram at fjordane nord for Sula har eit areal på omtrent 23 km². Sulafjorden og ytre Storfjorden har tilsvarande eit samla areal på 178 km². Tilsvarande er Sulafjorden og ytre Storfjorden djupe fjordar med største djupn på over 400 meter.

Store delar av Åsefjorden, Borgundfjorden og dei andre på denne sida er langt grunnare enn 100 meter. Når det gjeld vassutskifting har Statens vegvesen utført målingar av straumane i mellom anna Sulafjorden nyleg. «Ferjefri E39 – strøm, datarapport nr. 1» gir oversikt over vasstraumane i perioden september 2016 til oktober 2017.

God utskifting

Målingane viser at det er god vassutskifting i laga frå overflata til største måledjupn på 160 meter. Om vi tek for oss eit av målepunkta og reknar om måleresultata vert effekten tydeleg. I punkt B, omtrent 1 km ut frå Nøringset, i den nemnde rapporten var middelhastigheita over året 15 m/minuttet på overflata. Tilsvarande for djupn på 20 og 40 meter er 7,2 og 5,8 m/minuttet. . Vatn på 40 meters djupn vil da flytte seg omtrent 8,3 km i løpet av eit døgn. Like viktig er at «framherskande» retning for straumane er ut mot Breisundet.

Ut frå alle spørsmåla som er stilt kan det vere interessant å sjå nærmare på løysingar i Oslo og Bergen. Oslo har eit reinseanlegg som er omtrent 8,6 gonger størrelsen av det planlagde fellesanlegget for Ålesund og Sula (600 000 pe/70 000 pe). Dette ligg på Ekebergåsen.

Bekkelaget reinseanlegg ligg i fjell med fortetta busetnad over. Reinsa kloakk vert ført ut i Bunnefjorden (samla areal på 10 km²) på 50 meters djupn. Bekkelagsbassenget har i dag økologisk status moderat god. Det største reinseanlegget i Oslofjorden, og i Norge, er likevel Vestfjorden reinseanlegg (VEAS). VEAS reinsar avlaup frå 600 000 personar i Oslo, Bærum og Asker. Her vert det reinsa avløpsvatnet ført ut ved hjelp av 5 leidningar med diffusor (små hol langs leidningen) på omtrent 20 meters djupn. Utforminga er ikkje tilfeldig og går inn som siste ledd i reinseprosessen. Utlaupet er altså lagt til indre del av Oslofjorden på relativt grunn djupn sjølv om det hadde vore teknisk mogleg å føre avlaupet ut i ytre Oslofjord på langt større djupn.

Bergen kommune etablert Holen, Ytre Sandvik og Kvernvik reinseanlegg med utslepp av reinsa kloakk til Byfjorden.

Samla kapasitet for desse store anlegga er på 234.000 pe eller i overkant av 3,3 gonger størrelsen vårt fellesanlegg. Byfjorden har eit areal på 45 km², største djupn på om lag 450 meter og fleire relativt grunne tersklar.

Felles ansvar

Om vi vender nasen heim til Ålesund og Sula er det nokre enkle spørsmål som melder seg. Kva fordelar har Oslofjorden og Byfjorden samanlikna med Storfjorden og Sulafjorden? Har våre fjordar mindre utstrekning eller areal? Er dei grunnare? Har dei høgare tersklar? Dårlegare økologisk tilstand? Lavare oksygeninnhald?

Svaret er – etter det som er registrert av data – nei på alle desse spørsmåla. Skal vi tilføre større mengder reinsa avløpsvatn? Svaret er ganske enkelt nei, vi har berre behov for å tilføre ein brøkdel.

Fører desse store byane sitt reinsa avløpsvatn ut til opne havområde? Nei. Fylkesmannen i Hordaland svarer at det ikkje er plan om slikt utløp. Dei gjennomfører kartlegging av miljøtilstand regelmessig, og vil vurdere om sjølve reinseprosessane skal endrast om det viser seg at utviklinga mot betre miljøtilstand ikkje går som planlagt.

Kursen som er staka ut med planlegging av eit nytt og moderne felles reinseanlegg for kommunalt avløp er rett om vi legg til grunn ønske om å ta vare på fjordane våre.

Når det gjeld miljøomsyn og bruk av fjordane, er vi ein felles region og har felles interesser. Fakta og fagkunnskap må leggjast til grunn for den avgjerda våre folkevalde skal ta. Dette er det eit felles ansvar å støtte opp om. Det er ingen grunn til å tru at nye undersøkingar og utgreiingar vil endre på kunnskapen vi allereie har om Storfjorden og Sulafjorden som resipient. Endelaus søking etter betre reinsemetodar eller alternative lokaliseringar for anlegg må ikkje verte fjordane sin verste fiende.

Jørn Agersborg, kommunalsjef plan, eigedom og kommunaltekniske tenester i Sula kommune. Foto: PRIVAT